fredag 25. april 2008

TA PÅ DEG DANSESKORNE og møt opp på Mac`s Cafe`

It`s SALSA baby......it`s SALSA....


Seier vår danseinstruktør på salsakafeen t.o.m når han søv.



Det var då eg skjøna at mannen var ``gal`` seier hans flotte kone og suverene salsadansar Ann. Han er dansegal.


John kan salsa. Maken til entusiasme, perfeksjonisme, rørsle, innleving og dansing skal ein leite leng etter.


Og alt dette kjem oss......hans etter kvart mange salsaelevar tilgode.


Lille frøken Tessie har fått salsa inn med morsmelka. Ho kan allereie grunnstega, og daddy drøymer seg heilt vekk når vesle frøkna har bydd opp til dans......for denne pappaen blir aldri trøytt av å danse trass i ein heil kveld med instruksjon og dans.



Eg traff John tidleg i haust. I can`t live without dancing, sa han til meg, og det lydde jo som fin musikk i mine øyre. Han hadde tenkt å opna dansesenter og cafe primært for thaier utpå nyåret.

Slik starta mitt vennskap med John og Ann. Han var glad for at eg hadde dansa før, så nokså raskt blei eg ``the advanced dancer``for han.





Det blei fleire einetimar, og eg forstod nokså raskt at denne mannen hadde dans som lidenskap. Eg er ingen perfeksjonist, desverre for John. Eg dansar for å ha det gøy. Det gir meg glede. Eg liker å leike, og ser på dansen som dei vaksne sin måte å leike seg på.

``You kill me`` seier han av og til til meg når eg ikkje er konsentrert nok om dansestega, og så ler me begge.



Eg begynte nokså raskt å verva medlem til danseklassane hans. Nå er me mange som er delt inn i grupper, alt etter kva nivå me er på. Halve misjonærstaben er også kome innom etter kvart.



Eg er i ei gruppe med 4 thaidamer og 3 farang menn. Det er kjekkare og danse i ei gruppe for meg som helst vil ha det gøy. Av og til er eg innom einetimane til John for å læra meg nokre triks som han svært gjerne vil eg skal kunne før eg dreg til Norge.



Men som i Norge så er det mangel på menn.....Me jenter må fint læra oss og venta på tur. Her er det mi venninne Boa og eg som venter på ein dansepartnar. Boa eig ein liten damekonfeksjon og ho er gift med Canadiske Graham som også er på dansegolvet berre for å ha det moro. Me ler like godt når me ikkje heilt har fått med oss John sine leksjonar.










Kvar 2.laurdag er det social danceing i kafeen. Då er det fritt for alle å stikka innom og ta seg noko å drikke, se på dansarane eller snøra på seg danseskorne.







Her er det John frå Australia som fører meg inn i ein rask salsa. Han har vore ballroom dancer i 15år så denne karen veit og føra.

John dansar i mi gruppe og me øver salsa 2 dagar i veka. Som regel øver me på sokkelesten, men nå har damene i mi gruppe avansert til sko med hæl.




John har ein koseleg cafe`. Det er alltid koseleg å setta seg ned og ta ein drøs. Her er mine to kollega venninner Blatoo og Aa. Dei er og i mi dansegruppe. John blei tvinga ned på stolen for å ta dette biletet. Han er stort sett på golvet heile tida.





Stuart, journalist frå Amerika, har ikkje slitt parketten enno. Trur ikkje han kjem til å gjera det heller, men han liker godt å ta turen innom på våre sosiale kveldar, og då er han ein einer på kjøkkenet. Det er alltid noko godt som kjem på bordet til oss svoltne dansarar når han har fått putla på på kjøkenet ein times tid.




LA RUEDA er ein eigen danseart innanfor salsa. Det er ein ringdans. Kvar fredag samlar gruppa seg for å øva på denne dansen.
Dette er gøy, for her må me skifta plass og partnarar etter eit bestemt system,,,,og det er ikkje like lett. John roper ut ein ordre på spansk og så er det opp til oss om me hugsar kva det betydde.
Etterkvart er me blitt gode på dette........men når me øver inn nye ting så er det mykje lott og løye. Det er jo eit nytt språk oppi dansestega og mange forviklingar følg det.....
Men det viktigaste er å ha det moro og det har me.Eg blir jo ein lang stake som alltid rager eit hovud høgare enn mine nette små thaivenninner. Det blir jo eit artig syn i seg sjølv det, men me er blitt gode til å dansa for John er ein god og streng instruktør.

29. april er den internasjonale dansedagen. Då skal me visa oss fram. John har veldig lyst til å spre denne ringdansen til thaiane. Dei er ikkje så van med at menn og damer tek på kvarandre under dansing, og derfor vil denne ringdansen vera ein god dans i deira kultur.

I mens held me fram med våre treningsøkter, ein fin trim er det også. Du har ikkje vore på salsaøving om du ikkje er skikkeleg våt av svette, seier John......og det har han jo rett i.

Ingen kommentarer: