onsdag 13. februar 2008

BANGKOK/RAYONG ,misjonærmøte for Mekong og Kina (MM 2008)

Det er 2.februar og eg er i Bangkok igjen. Alle kollegaene er her for årets misjonærmøte starta med seminar og gjennomgåing av årets arbeidsrapportar den 6 februar. Skulen har eg og med meg. Det vil sei at eg starta opp mandagen med skule på Bangkok Christian House, og så overtok Hilde som vikar resten av veka.

Ein elefant kom marsjerande, nedover....... syng me i klassen denne veka, og elevane skal lesa, skriva og teikna om elefantar fordi dei har om buddhismen i KRL-faget.

Men denne elefanten kom gåande nedover vegen i ROSE GARDEN ca 40km vest for Bangkok. Det var så herleg å få litt frisk luft denne sundagen. Dermed blei det utflukt på meg og Hilde. Dette er ein flott park, eigentleg eit kultursenter med dans, elefantrideturar og krokodillefarm.

Sundagstur i dette området er påfyll for sjela. Ein god gartnar held denne parken iorden.
Og desse kunne snakka. Ein tener pengar på alt. Eit bilete med ein fargerik snakkesaleg papegøye på skulderen kunne ein lett skaffa seg om ein gir frå seg nokre baht.
Me såg ikkje rosene. Kanskje det ikkje finst roser i Rose garden. Men fin fargeprakt var der.

Onsdagen var me klar for seminar. Då hadde me vore gjennom arbeidsrapportar med oppnådde og ikkje oppnådde mål, og ein fagforeningsdag var og unnagjort.

Ekteparet Per Arne og Anne Dahl frå Modum bad var med oss på seminardagane. Dei fekk oss til å reflektera over gleder og sorger i arbeidet på ein engasjert og gjennomtenkt måte.




Dei blei med oss vidare til Rayong torsdag ettermiddag. Her hadde dei ansvar for felles bibeltimar og me fekk tilbod om einesamtalar.

Rayong ligg sør i Thailand, noko sør for Pattaya. Det er ein roleg by og hotellet vårt låg svært så fredeleg til. Ein nydeleg plass som egna seg bra for eit personale som nå skulle ha fokus på sosialt samvær og åndeleg påfyll.

Komiteen har gjort ein kjempejobb. Her var aktivitetar som passa for liten og stor. Haldstudentane hadde barneopplegg kvar dag slik at mor og far kunne få ta del i det dei ønskte.

Hotellet var fint. Gode og store rom. Eg var heldig og fekk meg eit med havutsikt.

Det var nydeleg og vakna til bølgjene som skvulpa mot stranda og fuglane som song. Det var nesten som å få eit musikkstykke ``Jæren`` inn i øyro.

Denne vakre blomen veks i sanden på stranda nett der denne Jærbuen hadde siestaen sin kvar dag etter lunchen som nesten var på stranda...
....for nærmare stranda kan ein knapt koma i eit hotell. FANTASTISK .

Når ein er oppvokst med stranda så nyt ein å få lesa ei bok der, sova, bada, lesa ei bok, sova ,bada........og det gjorde eg i kvar pause som det var mange av. Dei var til og med lange og svært så gode. Det er rekreasjon det. Den siste kvelden var det full aktivitet. Volleyballturnering for alle. Me ble delt inn i lag, men eg og Atle hadde eit ærend til byen fyrst. Me måtte få tak i billettar til nattbussen Rayong-Mukdahan. Dei andre skulle heim via Bangkok, men me ønskja heller ein direktebuss. Ting tek tid i Thailand. 40min inn til byen og så ut av byen igjen for å finna busstasjonen. Etter mykje om og men heiv me oss på ein motorsykkeltaxi for å spara tid.........men volleyen gjekk sin gong utan oss......ME FEKK OPPLEVA BYEN, køyra lokal minibuss gjennom tronge gater, erfara å vera tre
på ein motorsykkel........ikkje dumt noko av det..

.................og mitt lag vant volleyturneringa (noon får både i pose og sekk)

Sundag, avreisedagen var det gudsteneste for alle. Fint å få vera med på ein heilt vanleg norsk gudsteneste igjen. Ragnhild leia korsongen for ungane. Herlege ungar. Det er så herleg å sjå ungar som verkeleg lever seg inn i songen. Dei gir av heile seg sjølv. Det varmar eit vordande bestemorhjarte.

.......og så er me tilbake igjen til den vanlege kvardagen i Mukdahan

Se her var det ivrige 2.klassingar i aktivitet. Det er gymtime for ca. 30 elevar, og læraren var ikkje tilstade denne dagen. Det er ingen automatikk i at det då dukkar opp ein vikar så dermed blei det 2t fri på denne gjengen.
Søren og,,,,,,tenkte eg. Me har nett fått til ein avtale om at resten av semesteret skal mine elevar ha gym med denne gjengen.... På vår skule er det berre menn som har gym.

Dei blei store i auga desse elevane når ``farang``læraren bles i fløyta og ville ha orden på elevflokken. Augo blei ikkje mindre når ho løfta opp skjørtet og sprang rundt på plassen for å visa ulike aktivitetar med stor og liten ball. (det var foresten ei ny oppleving å ha gym i langt skjørt)


I Bangkok var det rødt og rødt og rødt i alle butikkar i sist veke. Det kinesiske nytt året blei feira 6.februar. Då kler dei seg i røde klede og gir kvarandre røde kort med fine helsningar. Dei et god mat, har familie og venner på besøk og i taket heng det røde papirlamper. I China town var det fyrverkeri.


I Mukdahan er det mykje rødt denne veka. Valentins dag (kjærleiksdagen)14.februar. Tenk, denne engelsk/skotske skikken har og nådd Thailand. Butikkane er fylt opp med eit hav av fine kort, bøker, blomar, sjokolade, bamsar osb.
Det går berre ikkje an å gløyma denne dagen(når ein må innom butikkar ) som opprinneleg er dagen for kjærleik til minne om presten Valentin, der gutane skal kjøpa roser og jentene skal uttrykka seg via fine kort.

Heldigvis har denne dagen blitt utvida til å gjelda alle dei som betyr noko spesielt for ein. Venner, mødre,fedre, naboar, kollegaer,,sysken og kjærastar.....Det manglar ikkje på å få kjøpt kort og fine ord. Send i veg!!!!

På skulen har me denne veka hatt som tema: Å vera godhjarta.

Det er fint å ha eit varmt hjarta , vera ein varmhjarta (barmhjertig) samaritan.
Og eit varmt hjarta har desse to solstrålene. I pausen har dei hatt med seg ho gule Marie og ho oransje Ragnhild ut i den nifse store skulegarden. Men alle 4 er eit stort smil når dei kjem inn att ,så dei store har vore godhjarta med dei små.


I temabøkene sine har dei uttrykt seg i skrift og teikning om kor fint det er å kunne hjelpa og kor fint det er å ta i mot hjelp.

Her får læraren lese om kor fint det er å vera med mor på sjukeheim og få vera med å hjelpa og stella mormor og oldemor. Teikninga frå sjukerommet er så detaljrik. Ingenting er gløymt. Det er ingen tvil om at dette er ei god oppleving.


Her er det ei som har fått ny sykkel. Det gjekk ikkje så bra på ein av turane.

Men heldigvis var ei storesyser på pletten og hjalp til med støtte og gode ord.



Det finst ``små valentinarar`` og blant oss. Kanskje dei får eit fint kort i dag????

Morgonsamlinga på skulen blei spesiell for oss ``farangar``.


Mange elevar møtte opp med ei rose eller ein bukett i handa.

Happy Valentins day sa dei og gav rosa til læraren.

Så koseleg det er å vera lærar på ein slik dag då.

Lærarane hadde med brett me hjarte på som elevane kjøpte. På slutten av samlinga klistra elevane hjarte på kvarandre og på lærarane. Det tok heilt av. Me hadde hjarte på rygg,skulder,arm,bryst og eg fekk til og med eit par nede på ankelen.


SANUK.... GLEDE. Thaiane ser glede i alt.

Se på desse glade menneska.

Guten til høgre har hjarteklister i heile andletet, og læraren er minst like nøgd.





Me stod der litt forvirra eg og elevane mine. Slikt er me slett ikkje van med. Eg hadde tenkt eg skulle nemna dagen idag og kanskje laga eit kort eller to, men dette......




Kvifor får me hjarte idag?????? var eit sjølvsagt spørsmål frå Ida Marie.



Khruu Bla klemmer i veg med klister til oss alle.
Happy Valentine.....

Dette blei eit sjølvskrive tema i det norske klasserommet idag (..og det tok meir av dagen enn eg eigentleg hadde tenkt).

Kjære lesarar: Her får du ei rose av meg idag.

Ha ein fin Valentins dag.
Tusen takk for alle fine mailer. Det er utruleg gildt å få . Beklage at eg ikkje får svart så fort på alle. Av og til skjer det litt for mykje i og rundt meg, men dagen idag er ei fin påminning om å ta rev i sigla, nyta dagen og leva livet med ei ope hand.

``ein knytta neve kan ikkje ta imot ei utstrakt hand. Men ei utstrakt hand kan løysa ein knytta neve``