fredag 23. november 2007

Ikkje akkurat "route 66", men




....66 mil






har 2 glade jenter svidd asfalten/grusvegen siste helg!!!!!!!!






"og korfor det då"






Me hadde så lyst på ein tur til Phibun, ca 4t koeyring lenger soer i landet. Det er i denne vesle byen NMS har hatt sine misjonærar foer dei blei flytta opp til Mukdahan denne sommaren.





Emmanuelhjemmet- eit internat for fattige skuleflinke barn, er eit prosjekt som NMS har stoetta opp om i mange år. Internatet ligg i Phibun, og då var det berre å ta med seg kartboka, godt humoer og nok diesel på tanken.






Den lille roede var klar for VEGEN og langhelg.




Rute 212, rute 217 og rute 2222 var vegar som me blei rektig så dreve på. Det er mange vegar til Rom,,,,,og nokon gonger går berre ikkje vegen lenger som her.......og gjett kva som dukka opp då? (les til siste bilete)





Me starta torsdag etter jobb. Min gode sjef, Dag gav meg fri fredag sidan opplegget på skulen var etter boka. EG blei kjempeglad for det for i Phibun moette eg Sola kyrkjelyd som hadde tur til Thailand. Eg visste dei skulle vera i Phibun mellom 13-16nov. Mange kjente som min foerste rektor, vår sokneprest, pensjonert helsesyster i kommunen, min barneskulelærar, lærarkollegaer frå Solaskulen og mine green-house kunder. Alle var me samla til middag og underhaldning på internatet.
Egil Eide som har eit stort stort STORT hjarte for Thailand var reiseleiar. Sjoelvsagt måtte me ein tur innom kyrkja i Phibun. Eit flott kyrkjebygg sjoelv om ho ikkje var tett nok for fuglane som liker godt å ta ein tur innomhus for å gi frå seg litt av det som kyrkjelyden ikkje er så interessert i. Espen, misjonær frå Mukdahan var med og omsette det som blei fortalt om arbeidet her. Kjekt å sjå at kyrkjelyden driv seg sjoelv når NMS har flytta på seg, me våre prestar foelg framleis opp arbeidet i Phibun.






For tida er det flest jenter som bur på internatet. Familien må betala 100kg ris i året for å ha barnet sitt der. Desse barna får bu her til dei er ferdig med sin skulegong. Verdfullt å sjå at NMS på denne måter gir ungane eit alternativ i livet, dei får hoeve til å velja si framtid.




Jenter i Thailand er som jenter flest. Dei liker å dansa. Det blei vist mykje fin dans der innhaldet ofte var ein hyllest til ris og innhausting. Gutane stod for musikken. Dei spelte i band.






Det var eit tettpakka progam, og moerkt var det ute og etter det gode måltidet så blir ein jo litt sigen....... nokre gjorde noko med det.........

Her er alle samla i sine raude internatskjorter etter avslutningssongen til oss. Så flott at Egil kan takk for seg og oss. Neste kveld fekk me faktisk besoek av ein ung mann med kone og barn. Han hadde hatt sin oppvekst på dette internatet og no var han helsesjef i Mukdahan. Også han hadde koeyrt langt.





Men det var ikkje heilt slutt enno nei.........UT PÅ GOLVET med oss. Foerst litt fingergymnastikk for å få dei rette roerslene på fingarane og så eit lite håp om at ein skal klara å foelgja rytmen?????????


Se det ja, korleis går det Bjoern? heng me med eller???? Hilde, kor er du



?? Å, ja du har funne din plass bak kameraet.
No er det visst kveld, men me må jo treffast i morgon kveld og prata litt




meir foer Sola kyrkjelyd dreg vidare til Hua Hin. Sola kyrkjelyd inviterer på middag og Ivan og Bergljot er kjempeglad for det for det er ikkje kvar dag ein treff kjentfolk i Thailand og Solabuar til og med. (sorry Ivan , for meg er du Solabu sjoelv om du no held deg i Sandnes)

Me overnatta i Espen og Maria sitt gamle hus for
Sola kyrkjelyd budde 45min koeyring lenger unna i hong Chiam. Der var det fullt. Men me fekk ein fin dag i Phibun. Her er risen som me kjoepe i dei kvite sekkane i butikken. Akkurat no er det innhausting og her ligg han på gata for å bli toerka.


I samme gate fann me denne butikken kombinert med familiens heim. Her blir bokhylla lakkert




Heile vindauget har ein utstilling av det sterke, våte og utanfor har nokon kost seg i varmen.





"Med hjartet på rette staden"....Ein liten by der alt er stengt klokka 2000 om kvelden, men absolutt ein by med charme.


MARKEDET.... det var stort gitt. Ikkje mangel på ferskvare. Velg ein fisk og du får han sprell levande med deg i ein plastpose. Markedet opna 0600 og stenger 1800.

Det blir lange dagar. Ofte rigger dei seg til i 0400 tida. Det er lov å "duppa" av litt innimellom slaga slik som denne fruktdama.

Men det hadde ikkje ho her tid til. Oisann, der glapp ho ein fisk. Med rett teknikk klarte ho å få fem fiskar oppi posen på null komma null. Fisken såg god ut den.




Veit ikkje om eg heilt hadde same kjensla for kjoetet, også det fersk i varmen!!!!!!!!


Butikkar klarer me alltid å finna om byen er stor eller liten. Det blei eit par nye ting til å ha oppi kofferten. Men her dukka noko kjent og kjært opp for oss "spoedekoner". Hespeltvinner som me brukte i handarbeidstimen på skulen i svunne tider. Dama hadde store garnnoester og eg kjoepte ein stor pose i ulike fargar til skulen. No er me sikra garn i eit halvt år. NYTTIG handel med andre ord



DAMENE HAR RANGEN,,,,,,gutar,,,,,ikkje gloeym det. Dette er skulebussen. Gutane har fast plass på taket og jentene inni når det er fullt.




Me koeyrte bak denne i lang tid på rute 222 mot hong Chiam. Hilde knipsa og knipsa og koeyrte og koeyrte for å koma nær nok. Eit bra resultat.


Målet er nådd. Me kom fram og me fekk plass på Thåseng resort. Du store tid. Dette er eit lite paradis på jord. Med utsikt over Mekongelva til Laos, symjebasseng, spaavdeling, og eksotisk fauna var dame kome nett der dei hoeyrer heime etter ei travell arbeidsveke og mange mil bak rattet.







Den foerste kvelden var det moerkt når me kom fram... og middag og prating med Sola kyrkjelyd som skulle dra om natta.... det blei ikkje tid til å nyta det våte element. Neste dag var det skya og litt regn, men avreisedagen heiv me oss uti på trass. Det er vinter i Thailand no så littt huttetu kaldt var det, men når sola kom så blei det himmelsk.
HIMMELSK...... det er det rette ordet på maten og miljoet rundt. Kvar frukost sat me leeenge og berre sugde inn det gode liv. Å vera på "slanken" går ikkje an på denne staden. Det omgrepet er fortrengt. (Det dukkar nok opp den dagen me er tilbake i Noreg igjen)
Nok ein ferskvare...No var me så gode på vegen så bilen blei brukt igjen. Nok ein grenseby til Laos, Chong mek. Ein hane til å vekka seg om morgonen kanskje?????? Det var eit lite marked her og. Ikkje så interessant som i Phibun, men greit å se. var meir interessant. Eit spanande byggverk. Me blei ikkje så lenge her, men lenge nok til at eit par sommartoppar fekk plass i veska. Grensebygget var meit interessant. Eit spanande byggverk. I Laos er det hogrekoeyring så det er flott å se korleis dei kryssar koeyreretningane












Men me hadde ein plass igjen foer me var klar for heimturen. Si Rin Thorn er ein flott park som kongen har tillegna dottera, kronprinsessa med same namn. Fram med kartboka og vegen er vår.


Litt forstyrrande at det må vera kjekke ting å se undervegs. Dette vegmarkedet med heimelaga

kostar og korger måtte me nyta litt. Ja, det er godt å ha bil med seg. Ein kost her og ei korg der tek og litt plass.


Og så kom me til staden der vegen ikkje ville meir.........
Fredeleg, eit fint vatn var og sjå og så dukka plutseleg desse 3 karane opp frå intet. Golfspelarar av alle ting. Kor dei kom frå anar me ikkje og kor banen var veit me ikkje heller. Men dei slo sin ball langs vatnet og sidan me ikkje har det groene kortet så fann me ut at det var best å dra vidare................. (og så var kameraet utlada, så resten av bileta er i Hilde sitt kamera).


Men parken var flott. Det blei eit godt måltid middag der foer me var tilbake i paradis. Aromasasje og ei god natt i den deilige senga var siste sprell foer det blei sundag. Då bar det strake vegen til Ubon der eg fekk meg litt nytt inventar til heimen. Dette er ein stor by. Flyplassen ligg her. Det var moerkt foer me sette oss i bilen, klare for rute 212 og Mukdahan.


























































































































































































onsdag 7. november 2007

EG er blitt FORELSKA








...JA, eg må vedgå at eg har fått eit aldri så lite oemt hjarta for dei gulkledde små og store karane som stort sett går to og to ilag, eller på ei rekkje etter kvarandre. Dei er så skjoenne i sin enkle klesdrakt, og er det skarp sol så goeymer dei seg bak ein paraply. I slutten av oktober fekk eg meg ein såkalla visatur til Vientiane, hovudstaden i Laos. Turistvisumet gjekk ut så eg måtte ut av landet. Ikkje å forrakta det, sjoelv om eg lengta etter ei helg i heimen. Dette var 4.helg på reisefot som varte i 6dagar. Eg kom til Vientiane akkurat i det regntida var omme. Thaiane er glad i feiring og festivalar. Dette skulle feirast. I regntida held munkane seg inne. Dei er redde for å troe på og drepa eit eller anna dyr som det ligg på vegen. "Det er vår slepp fangane fri" seier me heime, eller bondens variant "Det er vår slepp kalvane ut".Her er det vinter, slepp munkane ut. Når regntida er over kjem munkane ut igjen. Det blir feira skikkeleg. I Vientiane var det festival med pynting av blomebåtar som blei tent med lys og det blei arrangert kapploep mellom Thailandske og Laotiske roarar på Mekongeleva både på Thailandsk og Laotisk side.



I ei av gatene fann eg ein restaurant med god vestleg mat. På veggene hang der abstrakte og halvabstrakte bilete i glade fargar. Innimellom var det stemningsfulle bilete frå munkekvardagen. Eg blei glad i eit bilete som hang hoegt på ein vegg nær scenen i baren. Det er ein eigen ro over munkane. Dei har respekt med seg. Enkelte flyplassar har til og med seter som er reservert for dei. For 30dollar blei biletet mitt. No sakne eg berre einkvan som kan hengja opp alle bileta eg dreg med meg heimatt på mine reiser!!!!!















Eg kom til byen i bil med kollegar som var i same ærend. Me kom midt i festivalen. Eit eige marked var laga til. Det var stappfult av folk. Alle som kunne krypa og gå var ute. Me blei kroppsvisitert foer me gjekk inn i handlegata. Det var ikkje lett å handla der gitt. Tett i tett gjekk folkemengda medan selgjarar ropte og hoeg musikk lydde frå scene og boder. Det blei ingen handel på meg i
dette "kaoset", men butikkar og restaurantar er det nok av i denne byen. Det var lite ekte laotarar og sjå (i alle fall i hoeve til
det eg opplevde på min forrige tur til Laos). Vientiane er ein by for turistar. Mange backpackare og studentar var og sjå,,,,, og mange kvite som oss. Med ein gong noko skulle betalast kom prisen i dollar.




Eg ba om å få han i Thb, og då trudde dei at eg jobba i byen.




Her var det og eit skandinavisk bakeri så damen hamstra grove broed med seg heim. Det var eit herleg uteliv i byen. Gode restauranter så endeleg fekk me servert poteter i staden for ris. Ikkje fritt for at det blei ein del biffmiddager med god saus og tilbehoer.





Men visatur er visatur. I 2 dagar blei det koe og koe og venting i steikande sol hos den thailandske ambassaden foer passet låg trygt i handa. No har eg fått visum for eit heilt år. I tillegg har eg ordna meg multi reentry visa som er viktig å ha når ein skal ut av Thailand i visaperioden. Så no er damen klar for nye utanlandsturar.












Kyrkja driv og stoettetiltak i Vientiane.Derfor vitja me to unge studentar frå den internasjonale linja på Hald i Mandal (Ingvild og Bjarte). Dei har engelsk undervisning for herre og dame landslaget i volleyball. Eit stor flott idrettshall blei bygd for snaue to år sidan. Varmt var det og svette var dei spelarane som hadde skikkeleg driv over slaga sine......











Kyrkja er og med i eit samarbeid om eit vassprosjekt på landsbygda. Ein av misjonærane våre skal ha sitt arbeide i dette prosjektet(Atle Roger). Det blei ein sightseeingstur ut for å sjå der det var munkar som gjorde det praktiske arbeidet. Dei borer etter grunnvatn som dei pumper opp slik at rundt 40 heimar får vatn. Akkurat no var den elektriske pumpa i ustand. Eit oemt punkt i teknikken kanskje????





Atle Roger tek utfordringa!!!!!!!!!




Sundag er kyrkjedag.....og kyrkja her i Vientiane var det troekk i. Stappfull av menneske i ulik alder og nasjonalitet. Ekstra stolar blei sett til fleire gonger. Preik og lovsong både på laotisk og engelsk. Eit eige orkester akkompagnerte
under lovsongen. Rytme og glede og preik som det var gildt å ta del i.




Det same troekket fekk ein oppleva på sundagsskulen. Barna fekk si undervisning gjennom rytme, dans og lovsong.



































Kor er dei fattige Laotarane????




Etter å ha vitja Savannahaket og erfart fattigdomen kan eg ikkje sei at eg såg så mykje av dette i denne turistbyen. Heller ikkje i kyrkja. Alle var ok kledde i fine laosskjoert. I shoppingsentra var det asiatarar som oss som handla. På marknade likeså. Men utanfor byen finst dei heilt sikkert. Laos er eit av verdas fattigaste land.









......Kjekt er det at denne byen lever godt på turistar. Han har flotte byggningar frå den tida då Laos var fransk koloni. Fleire hotell har franske namn og midt i trafikkåra står det ein kopi av




triumpfbuen i Paris. Joda, Vientiane er absolutt verd eit besoek. Nyt utelivet, fine byggverk, den gode maten, markedet og ikkje minst "the silkshops". Eg klarte å pressa ned i min lille roede koffert ein silkedrakt i kinalook, eit veggteppe i silke, silkebrikker og eit nett i silke. Alt i fine roed og gule og groene nyansar...... og eit nytt laosskjoert kunne eg ikkje avse. Det var sjoelvsagt og i roedt.
Godt noegd tok eg fly heim som resulterte i nok ein heil dag i Bangkok foer eg tok fly nordover til Ubon.

........og neste helg tek eg med mitt nye pass og dreg til Laos att. ( jentetur med mi pedagogvenninne Hilde som skal ha visatur til Savannahket)