fredag 21. desember 2007

OG SÅ KOM NISSEN FRAM....

Endeleg fekk nissen lov til å kome fram i klasserommet. Adeventstida er snart over. Til helga tenner me det 4.lyset og då er det JUL.

Denne siste skuleveka har vore "julete". Me har oevd til den store julefesten på skulen, me har hatt nissedag og me har roert litt på oss igjen.

HEI HÅ no er det jul igjen, og då kjem NISSEN fram...




Min heimelaga 30år gamle juleduk var fin å ha med seg i klasserommet når historia om den norske julenissen skulle fram i lyset (visste du foresten at han er liten og at han bur på låven, fjellet eller på loftet og han har roedt skjegg nesten heile året. Det blir kvitt berre til jul,,,,,)





Oeve, Oeve jamnt og trutt og tappert det er tingen. Jammen greit å heite Oevestad i desse tapre oevetider då både stor og liten veit at oeving gjer meister.
Thaidans er ingen enkel sak for oss farangar/utlendingar. Både lærarar og elevar skal opptre med thaidans. Mine elevar klarer seg utmerka. Det er litt verre med dei elegante roerslene for den lange kvite kroppen bakerst i rekkja.
Midt i veka hadde me nissedag. Alle var kledd i roedt og dagen starta med at me laga oss norske julenissar,men foerst måtte me få kjennskap til korleis han er. Kva har c.?hruu Kjersti i posen mon tro?



" Chruu Bla er stadig innom det norske klasserommet....Å ÅÅ den nissen var soet. OK då, ho fekk laga ein og den har fått sin plass i bilen med sida av "buddhafiguren" Det er hardt å vera nisse i desse dagar. Alt skal bli ferdig til jul. Julegåvene skulle og pakkast inn denne dagen. Men nissemor Oen Ragnhild har kontroll på julejobbinga si.




Etter nisseverkstaden var det full fart til den norske barnehage. Her fortalte me barna om den norske julenissen, me song i lag og gjekk rundt juletreet i lag og så laga meg nokre nye roersler til enkelte songar som dei små ikkje hadde vore med på foer.
Barnehagen serverte oss god lunch og då var det opplagt at me måtte bidra litt. Me dansa ein slags ringsving dans etter musevisa og så dansa og song me ein slags engelsk varant av ,,,så går vi rundt om en enebærbusk. Til slutt fekk me sjå ei framsyning av barnehagen. Dei dramatiserte juleevangeliet for oss og så dansa dei til julesongar. Dei var kjempeflinke. Foreldra var inviterte og me fekk og hoeve til å visa den eine dansen vår foer me hasta vidara til oevinga.
Siste skuledag og fredag kveld var det JULEFEST for heile St. Joseph school. Alle klassar og lærarar skulle fram på den store scena som var laga i ulike trappesteg. Så her var det ikkje så godt å skjula seg om du stod i siste rekkje. (den var jo hoegast). Dette starta klokka 1700 og var ferdig 2200. Ein av thailands stor filmstjerner var invitert. Ho avslutta showet.
.........Og desse 3 damene er klare for å gjera ein innsats i showet. Alle 3 har vore og pynta seg på hår og i ansikt. Den store slapp dei falske augevippene denne gong og det var ei letta.

Her er barnehagen i gong, og vår kjære Boa(dotter av gartnaren og vaskehjelp til fam.Soerheim.

Se den fine burgunder og roede kjolen. Ho var eit syn, og takten den var ho god på gitt.
380 bord med 8 stoler på kvar stod klar for gjestene. Ingen norsk skule kan stilla opp med slikt. Og her var det servering. Kva seier dokk på Håland skule? Legg merke til scena bak i biletet.
Nok ein barnehageklasse på podiet. Dei små er flotte uansett kva dei gjer og kostymene er det ikkje noko å seia på. Her var det nokre som smilte og vrikka seg sanselaus, medan andre gret og stod heilt stilt og berre oenskja seg ned i fanget til mamma eller pappa.

Oisan, her er lærarane og på plass i sine vippeskjoert. Den store dama klarte å skjula seg litt med å gå litt ned i knærne.

Men desse flotte damene trong ikkje skjula seg. Dei dansa og smilte og var rett og slett skjoenne i sine kostymer.


og slik har skulen sett ut ei stund no. Thaiane liker og pynta og det har dei gjort til gagns. I gangar, i klasserom og utanpå balkongane heng det julepynt. No skal skulen kvila. Thaiane har fri til 27.des og me har fri til 3.januar.

Dette juletreet er eit syn på kveldstid der det står så fint på sida av scena og lyser i kveldsmoerket. Når me gjekk heim frå festen så lyste det nok siste gong for oss. Då vil eg berre få oenskja mine lesarar ei velsigna god julehelg og eit nytt, spanande og flott år 2008.
I kveld dreg eg til Bangkok og så sitt eg på flyet til Vietnam 24.desember.
GOD jul.





fredag 14. desember 2007

Eg tenkjer på LYSET- DET KVITE- DET FORTIDLEG FOEDTE BARNET-MORA SOM GRÅT AV GLEDE....






......sa elevane mine dagen derpå då dei fekk i oppgåve å uttrykkja sine tankar og opplevingar etter at me hadde proevd å gå litt i LUCIA sine fotspor 13. DESEMBER












ADVENT er eit omgrep som ikkje er kjent her i Thailand. Her går dei rett på julefeiring med farger og pynt som liknar ein amerikansk jul. Julemusikken er amerikansk og nissen er amerikansk.





I skulen har me advent. Me tenner lys kvar dag og me har hatt ein dag der me har vore kledd i lilla farge.






Elevane har sydd kvart sitt lilla hjarte. Me er komne til 13. desember, Luciadagen. I KRL faget for trinnet skal dei læra om helgenar. Den eine er Lucia. Denne dagen hadde me som mål og lysa opp kvardagen for nokon av dei rundt oss.









Me kledde oss i kvitt, hang det lilla hjartet i gullbeltet og utstyrte oss med kvite lys og mange gode julekaker i ei stor korg.



Ein spanande dag for klassens thaielevar og min thaiassistent, khruu Ann. Dette hadde dei aldri sett eller vore med på foer. For Ida Marie og eg var det kjent , men uvant å vera Lucia i dette miljoet og ikkje minst gå med lys ute steikande sol.







Me starta på St.Joseph school. Her var me innom to 2.klassar, og dei er store. Rundt 40barn i kvar klasse. Det var to stolte 2.klassingar som vandra rundt med korga. Det var denne klassen Oen Ragnhild gjekk i foer ho starta i den norske.
Dette var kjekt sa jentene. Elevane reiste seg for dei og helsa fint,bukka og takka for dei gode kakene. Me blei godt mottekne. Me fortelde om Lucia og kvifor me i Noreg har denne skikken.
Og lærarane var så positive til at me kom. Den andre klassen me var i var khruu Bla (til venstre) sin. Ho er ein av lærarane eg har god kontakt med. Ei flott dame som er så nysgjerrig på alt det norske. Etter denne gode mottinga stoppa me opp framfoere kvart klasserom me gjekk forbi , helsa og song medan me gjekk vidare.


Me ville gjerne vore innom , The father/rektor. men han var ikkje tilstade så me gjekk innom administrasjonen. Dei smilte og tok imot kaker, men dei såg litt overraska ut.




Neste stopp var det internasjonale sjukehuset. Dette var me spente på. Litt nervoese var me der me henvendte oss i resepsjonen og fekk mange nysgjerrige auge retta mot oss. Men me hadde gjort ein avtale med ei svært så positiv oversoester.

Stor var vår overrasking då me blei foerte til nyfoedtavdelinga. Denne faren hoeyrte oss i gongen og han såg at me vandra inn på romma med lys i handa medan me song. Ver så snill og kom og syng for vår foerstefoedte spurte han. Eit stolt foreldrepar som strålte av lukke over deira nye son.

Dette var kjekt. Me fekk foelsa at me lyste opp kvardagen til desse menneska.





``Ein nyfoedt kjærleik soev`` som me syng i songen, en stjerne skinner i natt.

Opplevinga på denne avdelinga var så spesiell. Tankane gjekk til den songen. Her fekk me moete prematur, for tideleg foedte barn. Dei blei teke ut av kuvoesa og me stod og song rundt eit og eit barn. Eg fekk fortalt kvifor me var her, kor me kom frå og kva skule me gjekk på. Dei lytta interessert og dei skjoena engelsk.

Mora på biletet over gråt og gråt av lukke blei med fortalt. Mannen hennar tok eit godt tak rundt den lille familien sin og sa han var så takknemleg for at me kom.

På veg ut song me gjennom resepsjonen og gav kaker til alle me moette. No hadde me fått ekstra god inspirasjon.


Neste stopp var sentrumssjukehuset. Her var me nokså spente på korleis me sjoelv ville reagera. Her er det fleire fattige og me skulle inn på ein avdeling med 20 sjuke barn i ulike aldre.
Men ei smilande oversjukepleiar tok i mot oss. Gav meg ein mikrofon og så var det berre å koeyre loepet ein gong til. Her var det godt å ha khruu Ann til og omsetje meininga med dagen. Elevane min var så trygge og stolte på dette no så dei vandra frå seng til seng og song og gav kaker. Her gav me og ein liten gåve til kvar pasient for me var usikre på om dei var i stand til å ete.
Dette var litt av ei overrasking for oss sa personalet. Noko slikt har me aldri opplevd. De er velkomne tilbake.Så kjekt då. Her og song me oss gjennom resepsjon og venterom.

Enkelte fattige tok ein heil neve med kaker. Men dei var nok svoltne og då var det ei god gjerning i seg sjoelv.

Ein taxisjåfoer som hadde sett oss på venterommet kom og henta oss. Han ville ha osstil å syngja for passasjerane. No var me så rutinerte at det tok me på strak arm, og dermed var kakekorga nesta tom......


Ein god gjerning for dagen stod att...... i adventida har elevane hatt som heimeoppgåve å gjera ei god gjerning i heimen.

Ei lillesoester hadde 2årsdag denne dagen og selskapet venta på systrene og Ida Marie.

Me gjorde oss klar til ein innsats for Hanna Olise. Med sjoelvlaga kort og gåve i korga og levande lys i handa gjekk me roleg inn i huset der dei hadde slukka lyset og venta i spenning. For siste gong denne dagen song me Luciasongen og så bursdagassongen for ei soet lita jenta og hennar bursdagslag.


SÅ TENNER ME 3 LYS I KVELD, tre lys for GLEDE,HÅP OG LENGSEL



















































lørdag 8. desember 2007

DEN STORE BURSDAGSFESTEN

5.desember blei kongen 80år. Den blå fargen i flagget





er symbolet på kongen, den kvite står for buddhismen og den roede står for landet og folket. Kongen deltek ikkje politisk, men han har likevel ein utruleg moralsk autoritet og makt hos folket sitt. Kong Bhumibol kom på trona som 18åring og med sine 61år på trona er han monarken med verdas lengste regjeringstid. I lag med si dronning Sirikit eig han store landområde og i hoeve til store private investeringar står han for si eiga inntekt. Kongedoemmet kostar ikkje statskassen noko.





Ein polulær monark blei hylla til gangs i parken i Mukdahan. Arrangementet starta klokka seks og slutta av klokka 2130. Det var dans og underhaldning frå ei stor scene. Mange kom marsjerande inn i parken og stilte seg opp framfoere scena. (korps,idrettslag,skuleklassar). Plutseleg blei alt moerklagt. Folk tente lys og heldt dei opp medan dei sang kongesongen. Det er 2 songar, ein som berre er kongen sin og ein som er kongeparet sin.






Det var nydeleg. Så starta fyrverkeriet. Heilt
utruleg. Foerst rundt oss, der lystavler og gjerder suksessivt blei tent og deretter endra himmelen seg til eit eldorado av fargar rett over oss. Så synd at det var for moerkt for mitt kamera til å fanga opp denne gode opplevinga.





(Karin, eg satsar på at du sender over nokre bilete til meg. Du er superfotografen vår)









På St.Joseph school starta det heile den 4. sidan den 5. er offentleg fridag (me tok ikkje fri).


The father, rektoren delte ut småkjeks frå store spann til elevane på morgonoppstillinga.





Etterpå var det stor fest i lunchsalen for klasse barnehage-3.klasse. 4-6klasse skulle ha sitt eige opplegg etter lunch. Her var det pynta i gult og blått og kongebiletet var sjoelvsagt på plass. Alle foeresette var invitert og nokre utvalgte fedre. Kongen er landsfaderen og denne dagen skulle elevane hedra andre fedre. Her kjem dei opp å scena og gir sin far blomar og klemmar.

Her sitt heile barnehagen på golvet heilt framst i håp om å få sjå noko av underhaldninga. Mange folk og ikkje lett å sjå scena for dei som sitt på benker bakerst slik mine elevar gjorde.
(men eg tok dei med fram for eg skulle jo ta bilete)






Desse jentene under rettleiing av sin lærar viste oss thaidans i thaikostyme. Dei er så fine i roerslene sine. I skrivande stund oever eg og på dette i lag med 50 lærarar( 21.des skal det vera stor avslutningsfest på kveldstid på skulen)













3.klasse underheldt og med dans i dongeri og gule kongeskjorter til ære for kongen. Det var kjekt å se at det går an og dansa i anna plagg enn thaiklede.


Barnehageborna hadde til og med sin eigen dans. Nokre var pynta i sin fine sommarkjole med hestehale i
håret og gutane i finbukser. Andre hadde vore hos frisoer
og blitt "jålejenter" i stivpynta kjoler og dress. Men ungar er ungar heldigvis. På scena var dei skjoenne og naturlege der dei utfoerte ein enkel dans gutt og jente.






.Og her er dei unge jentene som verkeleg kan sine ting. Faktisk så har dei hatt meg og i eit lite kurs .









Her er me i parken igjen den 5.desember. Alle hadde på seg gule t-skjorter. Etter ein runde aleine på området kom dei unge Hald-studinene (eg hadde tipsa dei om arrangementet). Me blei så godt mottekne. Mange ville ta bilete ilag med oss

Parken likna litt på gladmatfestivalen heime. Her var bod på bod med god mat og alt var GRATIS. Me blei stappmette, for dei lokale ville me skulle prove alt. Dei foelte seg beæra over at me smakte deira mat.


Her har gladmaten litt og lære gitt.





NESTE DAG ER EG I DEN SAME PARKEN NOK EIN GONG, me er ikkje heilt ferdig med kongen sin bursdag.


Til inntekt for eit av kongens mange stoetteprosjekt (denne gong aidssjuke) blei det arrangert ein mannekengoppvisning med fleire viktige personar til stade( ordfoerar,gurvernoer)


Kun chuu aray kha? ......... Dichan chuu Kjersti kha.



Kva heiter denne damen..... det er faktisk meg pynta frå topp til tå i

oransje( sii som)
Klokka 1400 var det rett til frisoer og der var eg i 2,5t for å bli pynta til kvelden som starta kl 1700. Eg blei kvitna ned. Det er fint å vera kvit i Thailand. Alle kroppsprodukt inneheld whitening i kremar og slikt. Eg var rett og slett for brun i fjes og armar og nakke/hals. Så her er resultatet. Foelte meg ikkje heilt vel gitt, uvant med så mykje sminke, men men kva gjer ein ikkje for slik ei spesiell oppleving........once in a thime.


Her er tre likesinna. Ingen av oss er proffe mannekenger så vi er i samme båt. Fotografane stod i koe. Vi skal ta bilete ein og ein både ståande og sittande med fine kulisser rundt oss.



Foerste pulje ut skulle konkurrere om plassering. Dei blei kåra etter utstråling, fin kjole og om personen kledde kjolen. Ei pengegåve på 5000 baht var premien.

Mange flotte kjolar og damer.


Og flott scene, men den utstikkaren virka veeeldig lang denne kvelden. Plutseleg var det min tur. Eg skulle gå i lag med ei nydeleg thaidame. To og to om gongen.

Synd at det er så moerkt. Men heilt bak der, under kongebiletet står dischan Kjersti og er klar for catwalken

(Karin, eg satse på deg igjen. Det er så kjekt med desse unge damene som gidd å foelgja denne godt voksne dama rundt om i Mukdahan)


Ja, ja er det slik det er å ver mannekeng. Eg måtte til og med boeya med ned og ta i mot blomar som eg fekk. The father/rektor hadde og tinga seg eit bord ilag med 10 lærarar frå St.Joseph. Dei var så stolte når speaker opplyste kor eg jobba. Knipsing og knipsing og filming.
Det blei ein lang kveld med mykje venting(typisk thai). Klokka 2200 var eg heime. Det var godt å få kvila ut, og det var det for mine auge og. Det var fyrste og siste gong med lause vipper. Erin no er dei ledige!!!
Min kollega Eirin som og gjekk catwalk ilag med kollega Maria vil så gjerna ha desse. Dei nyt å juksa litt thaiane når dei skal pynta seg, både over bringa og i augo.
Men ein annleis kveld var det, og kjolen heng fint på veggen på soverommet og ventar på eit nytt hoeve til å visa seg fram.
I dag skin sola. Eg skal ut og sola meg og i kveld tenner eg det 2.adventlyset. Denne helga har eg hatt eit lite snev av heimlengt. Eg saknar adventstundene heime i lag med mine kjære, julekonsertane, lysmessa, julebakstlukta og julegloeggen ilag med venner. Det var så gildt å gå i postkassa her om dagen. Kristi Beate har sendt meg to cd-ar med julemusikk. Ein til klasserommet og ein til bruk i heimen. Ho julete mora si.
Så nå nyt eg julemusikken og gode minner frå advent i Norge.
SÅ TENNER ME 2 LYS I DAG. TO LYS FOR HÅP OG GLEDE

















mandag 3. desember 2007

ER DETTE MINE ELEVAR??????

Ja, det er faktisk det sjoelv om det ikkje er så lett å kjenna dei att.
Dette er ein fredag morgon i slutten av november rett foer kl 0800. Jentene er akkurat ferdig med å delta i sportsparaden som var opningen på ein heilt spesiell dag denne morgonen..........

Dette er ein heilt vanleg morgon kl 0800 på St. Joseph shool, Mukdahan. Dei eldste elevane heiser flagget medan alle dei andre syng nasjonalsongen. Skulen sitt eige korps (slagverk og melodica) er tonepoelgje.



Ein heilt vanleg dag i klassen på D.N.S /Mukdahan( den norske skolen). Me er ferdig med samlingsstund, norsk ,fruktmåltid og den foerste pausen. Det er ny arbeidsoekt foer lunch.




Ikkje ein heilt vanleg uteaktivitet. Skulen har hatt sportsdagar over 2 veker. Her oever dei til finale dagen, sportsparaden. Dei yngste jentene i klassen har vore med i drillkorpset. Skulen er delt inn i 5 grupper etter fargane oransje, blå, lilla, groenn og rosa. Kvar gruppe har sitt drillkorps.





Flagget blir mykje brukt i Thailand og elevane er godt vant med å gå i flaggborg .
Marsjere kan dei og. Eit to, eit to...beine rekkjer er dei og vant med.




Me hoeyrer til gruppe "blå" og slik blei resultatet etter at frisoeren hadde fått pynta jentene. Dei var tidleg på an. Klokka 0500 hadde jentene time hos frisoer denne dagen. Ingen moedre fekk lov til å proeve seg på håret. Denne dagen var kun ekspertise akseptert. Jentene måtte vera ferdige til Paraden som starta kl 0700 .
Litt spente var dei, og mange bilete måtte læraren ta for flotte var dei.








Alder ingen hindring....... Barnehagebarna var og med. Denne vesle jenta her hadde til og med falske augnevipper. Det var då eg synst det blei greit å fokusera på at idag var dagen me hadde teatersminke på oss for me skulle delta i eit maskeradeopptog.




Og så bar det nedover bygata. Ivrige foreldre knipsa vilt med kameraet. Nett slik foreldre skal gjera når sine håpefulle marsjerer så fint gjennom bygatene.





Og her var ho igjen ho vetle jenta frå barnehagen. Pappaen var rundt alle hjoerner for å knipsa .





Blått i blått.. sii faa..... som det heiter på thai. Eg fekk ei kjensle av 17.mai. Det er gildt å gå i tog.




Den oransje gruppa hadde valgt eit anna opplegg for sin maskeradeopptreden . Mange gode tips å ta med seg. Veldig kjekt å se på alle dei fargefine og glade elevane.
Bak kvar utkledde farge gjekk alle andre elevar i sine vanlege gymtroeyer i samme fargen som drillkorpeset.



Og her var nokre av dei groene. Alle liker å bli fotografert ein slik dag. Det er berre smil å se.




Dei lilla hadde og ein fin opptreden. Dei dansa gjennom toget. Denne guten var litt av ein dansar.




Dei rosa hadde hekser med. Her minna det litt om eit karneval. Fleire av fargane hadde slike karnevallinnslag. Med andre ord ein fargerik maskerade.




Ikkje alle hadde så lyst til å smila, men fin var ho i sin flotte drakt. Nesten like fin som dronninga. Kostymene var kjempefine. Elevane hadde leigd dei. Flere kostymer kom til skulen frå Bangkok. Dette er eit flott thaiantrekk som blir brukt i thaidans. Kvar farge hadde ein gut og ei jente som gjekk i slik drakt medan dei bar på eit kongebilete.






Etter eit par timar var sportsdagen igong. Hoegtideleg opning av leiinga på skulen og tenning av OL -eld. Mine elevar skulle vera med på springing. Det blei ein del venting og det er og thai elevar vant med. Mange spente barn var det i koeane.


Ikkje så rart det kanskje. Det kunne jo vera ein stakk av med ein av desse fine premiane.


Mellom kvar aktivitet hadde kvar farge eit danseprogam som dei viste fram. Dei konkurrerte om plassering i denne framsyninga. Ein jury foelgde godt med.
Ein gild og lang dag blei det for alle og framfor alt annleis.

Det var godt med helg dagen derpå. Ei helg som thaiane feira fullmånen, ein fullmånefestival.

Langs heile Mekongfloden satt det menneske og laga slike blomar. Botnen er stammen av banantreet. Oppi dekorerer dei med banantreblader. Til slutt legg dei oppi nokre blomar og lys. Lysa blir tent om kvelden og dekorasjonen blir sett på elva. Det er for å takka for at dei har vatn, noko som er ei livsgåve og så er det eit oenskje om eit godt liv. Nydeleg når det er moerkt. Det var nesten som eg kom i adventstemning. Gode lukter, for dei grilla frukt og dei hadde laga noko som minna om krumkaker. Fullmånefestivalen var siste helga i november.
Helga etterpå var det ADVENT....
Det er den finaste tida på året for meg. Roen, ettertanken, stemninga, håpet, ,,,,
Det er ikkje så mykje som minnar om advent her nei. Julepynt(glorete) og juletre finst i alle butikker, men stemningen som heim...... nei og nei. Den må ein laga sjoelv.... og for eit julemenneske som meg så har eg starta med adventsstaken.
I HELGA BLEI DET FYRSTE LYSET TENT i stova i Khamsaithong Rd, Mukdahan.
Ha ei velsigna god adventstid alle kjente og kjære.