mandag 30. juni 2008

Siste skoleuke....og jentene skal ut på shopping med sparebøssene sine.

Fredag 27.juni tok DNS-Mukdahan sommarferie. Det blei ei siste veke med mykje aktivitet. Mange avslutningar var på gong. Det var øvingar, rydding og innspurt på ein del arbeid som måtte bli ferdig før ferien.


Midt oppi øving og rydding kome ivrige thaielevar innom klasserommet. Dei hadde laga dessertar og dei skulle ha vurdering innan kreativiet, smak, utsjånad og reinsemd. Eg skulle prøvesmaka og gje poeng innan kvart område. Kjempegodt, men nokså mektig etter at 10-12 grupper hadde vore innom. 2.klasse har hatt sparing på timeplanen. Dersom dei sparer noko av skulevekepengene kan dei kvar fredag spara dei i sin private bank, skulesparebøssa si. Dei fører rekneskap over kva dei har spart. Fin mattetrening å ha sin egen ``bankkonto``.

Endeleg kom dagen då dei skulle få lov til å ta med seg bøssene ut på shopping for å kjøpa noko dei ønska seg, Ikkje godteri.


Dei ville ha alt......se så fine me er. Like kjolar i kvar sin storleik måtte dei jo ha, men kjolane tok nestan alle sparepengane. Dermed måtte dei telja pengar og prioritera. Flott mattetime dette.




Valget er gjort,,,,,,er det pengar att tru når 1.prioriteringa har hamna i handleposen


Den eine blei det stopp for, medan den andre hadde litt igjen. Ho var raskt tilbake i hyllene for å få med seg 2.prioriteringsønsket.


Så var me tilbake i klasserommet blide og nøgde etter dagens handel. Kvar sin hund med eit utvalg klede var fangsten. Her skriv dei logg over dagens handlerunde.
Den siste skuledagen hadde DNS lova å ha morgongymmen for heile skulen. Dei er så glade når det blir tala engelsk over mikrofonen så her er det spente elevar som lyttar til faranglæraren. Me hadde ein engelsk rørslesong på programmet som var fin å trimma etter




Og så vanka det blomar frå vår fantastiske ``the father`` of the school. Han skal og slutte om ei veke. Det blir trist for alle for han har berre vore fantastisk med oss på DNS. Flotte blomar og mange fine ord frå han og lærarane og trampeklapp frå elevane fekk eg med meg i bagasjen.



....dermed slutta skuleåret av på same måten som det startar. Eg måtte halda ein tale på sparket for det kjem ein aldri utanom i Thailand når ein er farang.
.....og så takka me i DNS-Mukdahan for oss med ein liten oppvisning. Me dansa linedance i fullt cowboyutstyr.....og det likte dei....høg jubel og klapping frå liten og stor.
Skulle gjerne hatt ei bilete av det, men då var eg tom for batteri.......








onsdag 18. juni 2008

Ein ny 1.klassing er velkommen til DNS-Mukdahan


Det er mange år sidan eg har teke i mot ny 1.klassing i skulen.
I sist veke fekk eg oppleve det igjen. Den norske skulen, DNS-Mukdahan hadde innskoleringsdager over 3 dagar.
Og her er ho, den nye flotte 6-åringen som er klar for 1.klasse.
Det er vel få oplevingar som varmar eit lærarhjarte meir enn det opne, nysgjerrige og klare blikket til eit lite menneske som står på terskelen til kunnskapens verd.
Skulen er liten og læraren kan ikkje vera to stader på ein gong. Dermed måtte 3.klasse og engasjerast i innskoleringa. Dei var god underhaldning for 1.klassingen.
3.klasse har hatt drama som tema så her er det ein gammal,gløymsam bestefar som prøver å fortelja eit eventyr på ein litt annleis måte for barnebarnet sitt.
Mange bokstavar skal lærast gjennom eit år. Her framfører dei ei alfabetregle.

Så trygt å ha ei hand og halda i. Her skal ho på morgonoppstilling for fyrste gong.
Denne dagen hadde alle med seg blomar til læraren. Dette er dagen der elevane skal visa takksemd for at dei har gode lærarar. (lurer på om det blir slik i Noreg nokon gong????)

Og her var plassen din lille frøken.... og dine thaiklassevenninner. Mykje nytt og mykje spanande for ein som er heilt ny på ein skule med 1400 elevar. Nokre timar i veka skal Adelin vera ein del av thaiklassen.

Se her,,,,, Adelin kan thai så dette gjekk fint. No er ho på storsamling med småskuletrinnet. Her skulle alle løfta blomane opp i veret og ropa ut noko på thai.

I thaiskulen er det framleis guterekkjer og jenterekkjer. På kvar side av korridoren sitt dei klar med blomane og følgjer spent med på kvar som skjer oppe på scena.

Her er leiinga på skulen. The Father som er på toppen og the sister som i lag med ei anna sister er rett under i administrasjonen.
Her kjem utvalgte blomebarn opp på scena i grupper for å læra seg og vaia for kongen på biletet.

Og etterpå må dei vaia for the father og the sister og ein del av lærarstaben (seksjonsleiarar). Deretter blir elevane velsigna av the father and the sister.
DNS er godt likt på St.Joseph school. The father er svært så kry av å ha oss i miljøet. Idag er han stolt fordi me har ein ny elev. Me måtte fram til fotografering. Han skal slutte om 1mnd og ønskjer seg svært gjerne ein norsk skule på den nye skulen han skal byrja på. Det gir status og god omtale av skulen.Etter blomeseansen var det mange lærarar som skulle ha bilete av seg sjølve ved sida av meg.
Her er det khruu Touch, engelsklærar og venninne av meg som har kome fram i køen.

Adelin lurte på om ho fekk bøker og lekser.....og det fekk ho. Det er mange inntrykk for ein liten kropp på slike dagar. Derfor var det litt godt å få ha nokre timar berre oss to i lag i DNS sitt klasserom. Her får ho bli kjent med bokstaven i
Khruu Jim kunne nesten ikkje venta på å få bli kjent med den nye norske eleven. Og så er ho så stolt over at ho skal vera litt i hennar klasse. Adelin blei godt teke i mot både av lærar og medelevar. Her er det berre 24 elevar. Det er sjeldan. I dei andre klassane er det rundt 30-40 elevar.


Og så var det gym, full fart og god innsats. Det var ei glad og andpusten jente som kom inn i klasserommet etterpå.

Konsentrasjonen er på topp.....og interessant er det visst det Adeling held på med.
Siste dagen var det lunchen og lunchkø som skulle prøvast ut. Litt skummelt og nytt dette, men jammen gikk det også greit.

Det var godt å vera tilbake i klasserommet.
Der var det overraskelse både for Adelin og dei andre jentene.
Nye dokkeklede.....Værsågod, sa Kjersti.
Alle tre har sin valentinvenn( ein som dei skal ta seg ekstra godt av, ha eit varmt hjarte for i ulike inne og utesituasjonar).
Kjempekjekt å kle opp valentinvennene.




Så var innskoleringsdagene over for denne gong.
De låg nokre pengar i sekken frå mamma.
Etter så mange inntrykk på kort tid var det godt å få ta med seg ein is på heimvegen.
Velfortent.
Takk for no, Adelin og velkomen att i 1.klasse til hausten.












fredag 13. juni 2008

Happy happy......


HAPPY HAPPY....juni månad har vore bursdag på bursdag på bursdag.....


Både heime i Noreg og her i Mukdahan har det vore mange å feira i denne sommarmånaden, og enno er me berre halvvegs i juni.

Eg er sjølv med i denne junibuketten. Ein ny runde rundt vår moder sol er unnagjort, og det resulterte i feiring i Khamsaithong Road.






Eg hadde då tenkt at det kunne vore greit å invitera med seg
gjestene ut for å ha eit godt måltid i lag, nett som thaiane plar gjera.


Mine thaivenner var ikkje happy med det. Dei ville heim til meg, og då blei det slik.


Her er min språklærar i thai, Moonoy klar med grytene. Ho gjorde ein kjempejobb i lag med hushjelpa mi.


Kjersti, we buy and prepare the food for you, okay??????


Kjempe, tusen takk til begge to.


17 gjester frå 5 ulike land var innom mandagskvelden 9.juni.


Mine kollegaer Khruu Platoo og Khruu Aa frå thaiskulen var der.


Dei kom ein heil time for tidleg og hadde med gåve frå familiebedrifta til Platoo i nord Thailand.

Son og dotter fekk og bli med på bursdagsfeiring med dei vaksne.

John frå Australia , min dansepartnar, er nøgd med buffeten. Som alltid er han klar med handkleet rundt halsen, og det betyr at det rykkjer litt i dansefoten

Og her er sjølvaste salsa-John, (USA)danselæraren vår. Mellom middag og kaker blei det dans ja. Omtrent alle gjestene er innom John sine kurs så danseskorne blei det bruk for.

Boa og Graham ( Canada) er alltid på plass i godt vennelag. Dei sparer pengar i 90 no, for dei vil svært gjerne besøkja meg i Noreg, og då skal me stå på ski......


Boa er veldig flink til å laga mat. Ho hadde med mat (presant)til meg. Eg trur ikkje eg kjenner nokon som skal ha det så sterkt som Boa, men dette var slett ikkje sterkt. Ho kjenner meg etter kvart.


Misjonærene var innom, og damene her var dei siste som forlot selskapet. Thaiane tek alltid tidleg kveld, men det gjer ikkje me når me er i siget.

Og ungdommen var innom.....


Desse smilande damene ville berre fortelja at ho eine har så lyst til å læra å dansa salsa, medan den andre aldri kunne tenkja seg og prøva på noko slikt.







Med denne nyyydelege blomebuketten(liljer er foresten blandt dei mest eksklusive blomane i Thailand) vil eg berre få sei tusen takk til alle som har sendt meg sms-ar og mailar i anledning dagen.
Tusen takk til alle som svingte innom huset mitt og bidrog til at det blei ein gild kveld.
Då er det berre og ta fatt på ein ny runde rundt sola, og neste gong feirer eg i Noreg. Rart...
Returbilletten er no i boks. Det blir midt i ferietida. Eg landar sundag 13.juli kl. 12.15. Flyet går via Frankfurt.













lørdag 7. juni 2008

Herr og fru Grønn har besøkt skolen

``1 åring`` Anne i Bangkok måtte ut på ny visatur til Laos. Det var gildt for meg for meg, for då måtte ho parkera litt i Mukdahan.
Desse dagane var det nytt mobilt marked i sentrum, og Anne forelska seg vanvittig i ``the green one``.
Men for å få eit napp i sin utkårede måtte ho vera treffsikker med piler.
7 ballongar på rappen måtte ho treffa.
Anne hadde god lommebok desse dagane så det blei nokre piler kan ein trygt sei, og ho var ikkje nøgd med ein grønn herre. Frua måtte og kaprast. Som sagt så gjort.

...og når ho for til Laos blei the Froggy family parkert hos meg.



Og kva gjer ein lærar då?????????
HMMMMM, korleis bruka desse i klasserommet tanken spinner med ein gong.








GOD MORGON ELEVAR.

Idag har me fått besøk frå Bangkok.

Har me?????? seier jenten mine.









Kva slags historie kjem frøken med no då????

Får me ta i dei tru, eller leika med dei?????



Spanande.








Kva for ein gjest velgjer du????


Kva heiter han og korleis trur du han vil ha det i Mukdahan.

Kan du laga ei forteljing for klassen vår idag????





Ja , det vil eg


La me tenkje.....
Fyrst velg eg ho med den rosa sløyfa.
Dette er ei jente og eg vil at ho skal heite Lise.

Ho liker..........

og så vett du ka.....

Dermed var denne jenta i gong.....




Vær så god neste.....


...litt skummelt...

Skal eg snakka norsk og??????

Ja, da lille frøken det klarer du fint......







Javel Kjersti....Då velge eg ho med oransje sløyfe for den er så fin.
Ho og er jente. Ho heiter Lisa og ho er venninne med Lise.....


.......og så kom det ein fin historie til......





......men dette er berre eit dagbesøk og dermed må ein ha bilete av besøket....


Sjå her ja......Lisa og Lise er foreviga....
....og så var det forteljinga.....
Hugsar du kva du fortalte i klassen idag?????

Prøv å skriva historia di så får du ei lita froskebok.

Som sagt så gjort......
TUSEN TAKK ANNE for besøket og for lån av dei to grønne som skifta kjønn når dei kom i klasserommet mitt.
Elevane sette pris på besøket og i friminuttet var Lise og Lisa aktive deltakarar i rolleleiken.