lørdag 31. mai 2008

FLITTIGE HENDER og ein utruleg dyktig silkeorm

RAW SILK TC PRODUCT CO



ca. 35 km sør av Mukdahan, i Nikhom Kham Soi har mi vennine Kae og hennar mann ein eigen råsilkefabrikk. Det er her dei bur og det er her ho startar arbeidsdagen sin kvar dag. Silkeshopen i Mukdahan, der eg har fått laga alle mine kreasjonar, er attåtnæring for dama.



Dei venta to bussar med kundar og ansatte frå Bangkok på omvisning. Eg blei invitert med i laget.

Silkefabrikken ligg idyllisk og fredeleg til på bondelandet.























Og her eg direktrisen med si ``vetle dotter`` som ho kallar si firbeinte venninne. I bakgrunnen heng vaska og kokt silketråd som er klar for farging.

TV og avis var på plass denne dagen.......og når det gjekk opp for teamet at denne ``farangen`` som nysgjerrig spankulerte rundt var venninne av eigaren så var det ikkje måte på kor dei fotfulgte rørslene mine.
Den hårete rambutan frukta gøymer ei søt god frukt inni skalet. Her blir skalet hakka i biter, kokt og safta blir brukt til farging av silke (beige farge)

For at fargestoffet skal binda seg blir det blanda oppi denne gjørma. Tenk den nydelege silketråden oppi denne skiten?????


På dette bordet ligg silkespolar av naturfargar, ekte thaisilkefargar og frukter, bork,tre og planter som dei blir framkalla av.

Og her sitt dei flittige damene på golvet.......ein må berre ta hatten av for den presisjonen og effektiviteten dei legg i arbeidet i løpet av ein dag. Dette er ikkje lett. Ho lagar mønster i silketråden som etterpå skal nyttast til veving av stoff. Her er vevinga i full gong. Dette er eit typisk thaimønster og thaifarge frå rambutanfrukta. Det tek ein heil arbeidsdag og veva 1m stoff .

Rett over gårdstunet har Kae to store produsjonshallar. Her ligg kukongane (med silkelarve inni) i kvart sitt rom i kassen. Dei skal opnast og vaskast.
Og så er det ikkje bruk for den vetle spinnemeistaren meir. Larva blir spylt vekk, men dersom ho blir tilberedt på ein god måte skal ho visst vera god og eta.Kukongane er den eigentlege silketråden. Maskinane blei styrt av data, men nokre menneskehender måtte likevel hjelpa til for å sjå til at silketråden blei spolt rektig opp .
Kae har fleire silkefabrikkar som ho leverer silketråd til. Dei lagar stoffet som ho igjen kjøper inn til sin silkeshop.
Litt var det og få kjøpt denne dagen og. Flotte duker/el. sjal i bomull og silke var i mange fine ordinære naturfargar. Eg klarte ikkje å la vera og kjøpa.

Takk til herr og fru for at eg fekk vera med på lunch og omvisning. Utan den vetle iherdige larva som ligg og spinn inni kukongen sin hadde det neppe vore nokon silkefrabrikkar rundt om.
....og om larva hadde fått levd sitt liv som andre larver så hadde ho utvikla seg til ein flott sommarfugl.






...

fredag 30. mai 2008

PATTAYA-Kva skal ein no der å gjera??????




WHAT....are you completly out of your mind,sa mine amerikanske venner då eg fortalde at mitt neste reisemål var Pattaya, hamnebyen i Thailandsbukta som ligg eit par timars køyring søraust av Bangkok.

Nettopp, det er ein av grunnane til at eg måtte ta denne byen nærare i augesyn. Eg tok nattbussen direkte frå Mukdahan og ned. Hilde, Anne og eg var invitert av prestefrue Marie Hauan i den norske sjømannskyrkja til å vitja byen og kyrkja. Det var den andre grunnen til at eg drog.

Me hadde ikkje teke mange skritta i lag med Marie før me skjøna at ryktet byen har er eit tragisk faktum. Å gå langs ``the walking street`` og andre gater er nett som å gå gjennom ein tettpakka bar. Høg musikk, mykje folk, kjøp og salg av tenester. Her gjeld det å se og bli sett. Tett i tett med lettkledde fine jenter, ladyboys med silikonfylte pupper som nestan heng utanfor kleda, alkohol og narkotika misbruk,pedofile som er på sjekking, kvite gamle menn som er på jakt etter ein ung kjærleik og unge buisnessjenter som veit og lura til seg nok ein kvit mann for å sikra seg økonomisk.

Me blei litt slått ut av inntrykka gitt. Gløymte reint å ta bilete av galskapen.
Midt oppi dette står sjømannkyrkja med prest og mannskap og hjelper nordmenn som har kome ut i uføre p.g.a sin valgte livsstil. Det er mest eldre menn( 60-80år), barn og unge thaifruer som er gift/sambuarar med karane.

Heilt fram til 1980 talet var Pattaya ein badeby, berømt for fine badestrender og rolege omgivnader. Plutseleg falt intrykket når amerikanske og europeiske seglsportsmenneske inntok strendene med Jomtien. Glansen forsvann og byen blei utvikla seg til ein sex og go-go bar by. Trist.

Det er alltid godt å koma til stranda. Jomtien-stranda var fredeleg og avlappande på dagtid. Eg hadde hatt ein ubehageleg busstur med, kvalme,oppkast,diare (likte det ikkje for magen opererte heile dagen utan mi styring).
Dermed hadde eg sove og sove og strandlivet passa meg godt i selskap med Hilde når formen ikkje var topp. Anne var med personalet rundt på lokale sjukehus for å sjå til norske pasientar.

Når det ikkje blir shopping i gatene så kan ein shoppa på strendene. Her er dei god i engelsk så snipp, snapp, snare så har du ein god deal.
Denne blide kona blei av med ein heil del adidas t-skjorter.

Nordica-appartmens....Her bur presteparet Hauan. Tusen takk for all gjestfridom. Ein herleg plass å bu. Frukosten tok me med bassenget og jammen dukka det ikkje opp ein slektning av syster til mi venninne Åse...
Mange nordmenn bur her deler av året.
Og her er ein av dei ansatte i sjømansskyrkja. Du verda for ein flott kar. Alltid smørblid, hjelpsam og med ståpåvilje og så var han som så mange andre frå det fattige Isanområdet. Han hadde heime ikkje så langt frå Mukdahan. Kjekt å se at nokon av thaiane som dreg sør får seg ein trygg og anstendig jobb.Det blei mykje eting.....søren og at eg var heller laber i formen(begynte å få ei aning om at her var det litt meir heftige ting på gong). Marie likte å ha norsk dameselskap. Det hadde ho sakna i lang tid. Dermed var me stadig på farta. Her er me på ein skandinavisk restaurant....mmmmm heilgrilla gris, surkål, potetmos,tyttebærsyltetøy,mm.


Rett og slett ein uimotståeleg buffet........Magen blei stappa til øvste hylle.


Shoppingsentra var som dei heime, store og flotte og rektige så gilde for damer på tur.
Trur Hilde blei lei av og se på alle thaijentene i gatene. Plutseleg fekk ho det for seg at ho ville vera blondine....ja ja men san...forandring frydar.


Du blei nydeleg frue. Kjøp deg litt vårfonying!!!!! (du har sikkert bittelitt ekstra plass i bagasjen til blondie)
Sundag var det norsk gudsteneste i Pattaya. Sjømannskyrkja leigde ei flott katolsk kyrkje ein sundag i månaden til gudstenester. Det er alltid kjekt å ta del i norsk gudsteneste.Tenk og forstå alt som blir sagt og sunge...herleg.


Me seier takk for oss. Veldig kjekt å sjå stå på innsatsen og tolmodet hos alle dei ansatte i kyrkja. Dei driv rett og slett ein institusjon. Korleis taklar dei alt det rare dei møter i kvardagen , tenkjer eg. Somme gonger kan det hjelpa og snu litt på tankegongen. Den norske stat ``sparer``sjukeheimsplasser på desse eldre mennene. Thaidamene er rett og slett pleiarar. Mennene får det stellet dei treng på sine eldre dagar og damene får lønna som gir dei økonomisk tryggleik....nokre har det bra slik medan andre viklar seg inn i ein ond sirkel av problem.



I sjømannskyrkja er det alltid nokon som har tid til å lytta og tid til å prata.Eg grudde meg til heimturen, formen var elendig og eg skulle rett på jobb når nattbussen ankom Mukdahan neste morning. Heldigvis gjekk turen greit og arbeidsdagen likeså ,men formen var bonn. Stor oppblåst mage og diare over tid er ikkje bra i dette landet. Misjonær Marit råda meg til å ta ein tur til sjukhus og lege.Dermed blei eg innlagt på det internasjonale sjukehuset i Mukdahan. Eg fekk meg eit VIP-rom, og slik ser det ut.... Her mangla ingeting for å ha eit greit sjukehusopphald. TV, ekstra seng og sofa, klær og toalettsaker følgde med. Nett som eit hotell.
God pleie og stell heile dagen og heile natta medan eg venta på svar på prøver (noko som aldri er kjekt)Denne sjukepleien kviskra meg i øyret: I like you....så kjekt å få høyre slikt medan tankane kretsar rundt ditt og datt... Ho måtte få fortelje at ho hugsa at eg song Sancta Lucia på sjukehuset og det hadde vore så fint og rørande. Det er då eg tenkje at dette må me gjera igjen med elevane. Det må bli tradisjon.
Og her låg eg ,ein dag og ei natt med kjempeutsikt over plassen, nestan panorama og godt synleg når det blei kveld(det var ein heil vegg av glass framføre senga).
Heldigvis var prøvane ok, eg fekk tilbod om ein dag til, men etter å ha betalt 6000 thb takka eg for meg og arkiverer også denne opplevinga i komodeskuffa med interessante inntrykk frå THAILAND.


mandag 26. mai 2008

onsdag 21. mai 2008

Ein ny ekskursjon ,129km nord-vest av BANGKOK

KANCHANABURI-KWAIFLODEN-BRUA OVER KWAI




Medan eg var i Bangkok blei det tid til utflukt. Det blei ein reise gjennom tid frå by til land.





Tidleg, og det var tidleg spesielt for murmelmennesket Hildemor, ,,,kl. 0615 om morgonen 19.mai stod me klar for å bli henta av maxitaxien.





Me skulle til KANCHANABURI , ein provinshovudstad( den fjerde største i Thailand) og byen med same namn.



Fyrste stopp var den styrste krigskyrkjegarden i byen.

6982 krigsfangar for dei allierte soldatane som mista livet under 2.verdskrigen ligg gravlagd her.





Rundt rekna 100.000 asiatiske tvangsarbeidarar og 16.000 allierte krigsfangar mista livet grunna mishandling, sult, sjukdom og utmatting .


Kyrkjegarden likna ein stor park. Der kvar grav hadde ei plante og der dei ulike nasjonane vart gravlagd i lag (Nederland,Danmark,England, Australia, New Zealand og Japan). Dei amerikanske gravene er i seinare tid blitt flytta til Washington og dei falne thaiane fekk ikkje noko grav. Dei blei dumpa i elver og lagt i massegraver rundt om.





Neste stopp var krigsminnemuseet frå 2.verdskrigen. Her kunne ein få vita meir om dei grusomme lidingane krigsfangane møtte unnder arbeidet med å byggja bruer over Floden Kwai. Det var japanesarar som tvang asiatiske arbeidarar og japanske krigsfangar til å byggja jernbane frå Thailand til Burma i 1942. Mesteparten av den 415km lange jernbanen går i floddalen. Til slutt blei det derfor laga rundt 15km med bruer.



Dette biletet er teke frå museet. Det tok lang tid å laga bruer i stål. Japanesarane vill bli fort ferdig. Derfor laga dei og bruer i tre. I fronten er restane av ei slik bru. I bakgrunnen skimtar ein stålbrua over floden Kwai. To gonger om dagen køyrer eit turisttog over denne brua.

Ein liten jerbanestrekning frå Kachanaburi til endestasjonen Nam Tok er framleis i drift. Turen er på vel 30km og tek 1,5t. Me heiv oss på den i lag med lokale passasjerar. Togturen gjekk i roleg tempo med 5 stopp undervegs.



Dei blei ein nydeleg tur med fjellsider og dalar i eit dramatisk landskap. Me hang ut av vindauga for å festa det heile på fotolinsa.
Somme gonger kunne ein lure på om fjellveggen kom inn i cupeen. Krappe svingar og vaklevorne smale bruer fekk oss til å erindra kva arbeidarane måtte igjennom for å laga denne jarnvegen.
Men idyllisk og frodig var det og når ein kom seg forbi jungel og fjellsider......



Kanchanaburi er ein by med inngang til nature. Hoteller og restauranter er flytande. Me fekk oss ein god lunch på ein av dei mange flytande restaurantane.
Ein liten båt for to låg med brygga. Me skulle på flåterafting. Det var bra me fekk på oss flytevestar for her fekk me sjøsprøyten i fanget.
Turen nedover floden var i kontrast til det dramatiske landskapet toget køyrte gjennom. Fredeleg og godt. Det var rett før eg la me ned for å ta middagskvilen. Så synd at turen ikkje var lang.



Ein elefant kom marsjerande nedover....... Elefantridning og bading under store vassfall blei siste stopp på dagsturen. Ein fin måte og roa seg ned på etter ein lang dag. Eg slappa godt av( her slo ikkje høgdeskrekken min inn, jippi), medan Hilde var glad ho kunne klamra seg fast til setestativet. Som regel er det omvendt me oss to når me er litt opp i høgda, men Hilde liker ikkje for mykje rørsle medan eg berre må ha litt av det....


Klokka 1900 var me heime i Bangkok igjen og klokka 2100 satt eg på nattbussen på veg til Mukdahan.


















Der nordmenn møtast-veks nasjonalkjensla

Kjære landsmenn.......den norske ambassadøren gratulerer sine landsmenn med dagen.

Norske flagg overalt i den flotte ambassadehagen, og 17.mai veret.......38 grader og steikjande sol.

Det var godt å sleppa å ha bunad i varmen (sjølv om eg sakna nasjonaldrakta). Det var taktisk å ha vest til kjolen for under vesten vart det nokså fort vått og det synte godt på kjolen, men ikkje på vesten... Så varm nasjonaldag har eg aldri hatt før.

Korps, tog og flaggborg......og glade menneske gjekk ei kort rute ute i gata. Den kortaste eg har opplevd.
Heia Mukdahan.....hurra. Nestan alle oss i Mukdahan var representert i toget.Og heia Sola.......midt i toget traff eg Aslaug Johannesen, min nabo på Sola. Det blei eit ekstra hurra for ho og familien hennar som er i slekt med misjonær Dag, sjefen vår. 17. mai er barnas dag så Henrik Wergeland, og det har han rett i. Ingen var finare enn NMS-barna denne dagen......berre studer denne 17.mai buketten
Ikkje så verst denne buketten heller. ....
Her er Hilde, Anne og ei venninne, Robert og eg samla under eit tak for etter barnetoget opna himmelen seg og regnet datt ned. Det blei rett og slett heimsleg i veret. Då var det godt og ha husrom hos Hilde. Det var heim og kle seg om. Ny kjole og nye selskap venta på oss.Kari Johannesen, dotter til misjonær Dag og misjonær Solveig er konfirmant av året. Ho ville ha ei markering med overhøyring i lag med norske vener i Thailand. Til sommaren står ho konfirmant i Norge. Ei flott jente med mange jarn i ilden som meistrar det meste på ein god måte. Gratulerer Kari og lukke til vidare i livet. Eg fekk med meg fyrste del av konfirmasjonen før.......eg drog på festmiddagen på eit nokså nyopna hotell i Sukumvith. Ambassaden hadde invitert fastbuande nordmenn med venner på festmiddag om kvelden. Det blei ein stilig kveld i festpynta sal og ein annleis kveld. Litt rart og få helsing frå kongehuset på nasjonaldagen og syngja kongesongen medan me skålar for kongen vår.
Under heile kvelden gjekk det bilete frå barnetoget og feiringa tidlegare på dagen på lerretet på veggen.
....og til slutt var det polonese og dans. Det er alltid fint å gå polonese, men denne gongen gjekk dama heim når dansen starta. Discomusikk og discodans gjekk over eteren.......og eg er nok litt bortskjemd på dansing for den slags rytmer er ikkje dans for meg lenger....
17.mai 2008 går hermed inn i historia.