onsdag 30. juli 2008

Bangkok for siste gong.......på ei stund

Då var eg tilbake i Bangkok for n`te gong,,,,,,men litt spesielt blei det når eg visste med meg sjølv at denne gong var Bangkok endestasjon for mitt opphald i Thailand.


``The busy town`` med alle store bygningar og travell trafikk og eksos......
og sine grøne lunger innimellom.
Det var herleg å vera tilbake utan å kjenna trong til shopping. Eg skulle berre slappe av i byen og ta time for time som han kom.

Luminiparken som ligg kloss i nattbazaren har eg lenge hatt ønskje om å nyta. Her kan ein jogga, sykla, spasera, ro eller gå på piknic, sola seg eller slappa av med ei god bok.





Denne siste helga fekk eg ta parken godt i augesyn. Heilt utruleg at ein slik grønn oase finnst midt inne i storbyen Bangkok.
Fredagskvelden møtte eg nokre av mine gode dansevenner. Dei hadde køyrt frå Mukdahan for å vera i lag med meg denne siste helga. Fantastisk ( Eg sakne dokk allereie).
Alle budde på Wall street hotell, eit greit hotell sjølv om det ligg i Patpong( gata for gogounderhaldning for amerikanske soldatar under vietnamkrigen, men der dansarane no er bytta ut med stripparar, prostituerte og ladyboys)
Men me er dansarar og me drog til Dream hotell og dansa salsa i lag med kremen av salsadansarar. For oss var det underhaldning berre å få sjå salsaeliten på dansegolvet.
Det blei trist og sei hade, avskjeden drog ut og drog ut. Graham og Boa ønskjer seg ein Norgestur om nokre år......Kanskje blir det eg som kjem fyrst som feriegjest til Mukdahan.

Jim Thomsen sitt hus og hage er og ei naturperle i byen. Jim har ein stor del av æra for at thaisilken er kjend over heile verda. Han var ein amerikansk arkitekt som kom til Thailand under 2.verdskrigen. Han blei så fasinert av landet og silken . Etter krigen drog han tilbake og slo seg opp som silkekongen.
Det kom jammen små små Jim Thomsen silkeprodukt til mitt kommende barnebarn og kjente med i handleposen etter at eg hadde besøkt hans hus neste dag. (takk for tipset Graham)

Byen rustar seg opp til kveldsmarked,,,,,,,medan eg går til hotellet og pakkar (Hjelp, det blei mykje for Boa hadde med seg skreddarens siste designprodukt inkludert gallakjole og brudekjole).
MMmmm, eit siste måltid- steikt ris og kongereker i ananas til verdas beste pris.
Flyplassen neste. Ein kan ikkje unngå å leggja merke til den lange dragen.
Flyet heim går rett før midnatt. Innsjekkinga tek tid........eg held pusten,,,,,,10kg overvekt og kr 1800 å betala (men det er verdt det lell men all den silken i bagasjen)
Då kan skuldrane senkast. Misjonærparet Anne Brit og Arne møtte meg på flyplassen. Dei har hatt nokre rundar no med heimvendte misjonærar. Tusen takk for eit godt måltid mat,hjelp med bagasjen og boka ``very thai``. På flyreisa bladde eg i boka og til alle bileta kunne eg sei, ``ja slik er det`` ........
Så heldig eg er som har fått opplevaThailand på denne måten i eit år. Takk for at eg har blitt kjent med dykk to, og alle andre kollegaer og vener........
EG MÅ JO BERRE KOMA ATTENDE ein gong........me sjåast trur eg eg seier til dykk og til THAILAND.
Sundag 13.juli kl. 1205 landa eg på Sola.....og der stod mine kjære barn og svigerbarn og tok i mot meg og all bagasjen.......alt kom fram HURRA.
....men den nye store rød kofferten eg fekk i Mukdahan såg slett ikkje ny ut lenger. Eit hull her og eit hull der, ein revna glidelås og eit silkeslips som var på veg ut var resultat av ei litt hardhendt flyreise..
Neste dag stod ein ny flott og lett gjennkjenneleg brun og turkis koffert på døra. Lurer på kor den skal på sin fyrste tur??????







søndag 20. juli 2008

Malaysia- Kuala Lumpur

Etter 3t i buss var eg ved grensa til Malaysia. Det blei busskifte og ein 9t lang tur før eg kom til hovudstaden, Kuala Lumpur.

Her var det ikkje palmer, men skyskraparar som dominerte landskapet.

Eg kom tidleg om morgonen (0300) og husverten på backpackers hotellet var rask med å fortelja meg kva eg burde sjå i denne byen.

Petronas twin towers er eit landemerke og vel verdt eit besøk. Det er gratis og ta turen med guide opp i tårna, og derfor er det lang lang kø frå tidleg morgon.





Eg tok beina fatt og spaserte til tårna i lag med eit ungt tysk par som eg møtte på nattbussen .


Etter 1,5t i kø fekk me billett til brua mellom tårna.

Det var litt av ei utsikt.

Byggverket er sett saman av unike stålkonstruksjonar. Ikkje rart at dette området er eit populært konferansesenter i byen.


Vel tilbake til number eight, eit småkomseleg backpackers hotell i retrostil. Eg fekk meg eit lite loftsrom med felles toalett/dusj .Her var det alright å bu, men etter at eg hadde meldt meg på 3 turar som det ikkje blei noko av p.g.a at det berre var eg frå hotellet som meldte meg på, vandra eg over vegen til eit vanleg og 3 gonger så dyrt hotell.

Backpaker ungdom er ikkje interessert i turar, dei har ikkje lommebok til det, men over vegen var det mange som ville på tur ....... og då blei det både dagsturar og kveldsturar på meg og.



Her skulle du ha vore, Marit frå Håland skule. Mailaysia er synonymt med batikk.
Handcraft batikk og maskinbatikk. Eg fekk koma inn i ein batikkfabrikk.

Dette likte eg. Fasinerande og sjå korleis mønstre blir designa , mala og trykt.

Kjøpte eg noko????? Berre eit lite strandskjørt og ei slentrebukse.......


Det er lenge sidan tinn har vore på moten i Noreg, men i Malaysia var det ein stor eksportvare. Me vitja Royal Selangor Pewter. Denne fabrikken har vore i drift i generasjonar og det er ``pewter``, ei tinnlegering som er verdfull og populær.

Tvillingtårna er jo av stål. Ikkje rart at denne fabrikken hadde si utgåve av tårna.
Alle ansatte som hadde vore i bedrifta i 5 år fekk handa si med signatur trykt på stålplate.

Denne fabrikken er verdskjent, faktisk den største og mest moderne i sitt slag i verda. Me fekk sjå dei ulike prosessane frå start til ferdig produkt. Fabrikken er kjent for høg kvalitet og at det er handarbeid, det ser ein når ein vandrar rundt.
Denne dama bankar med jamn rytme små hakk i eit drikkebeger. For ein jobb, og det var ikkje få ho gjorde i løpet av ein dag opptil fleire hundre.



Fjell i sikte....Limestone hills of Batu Caves. Lord Murugah (hindu) vokter fjellet.
Det er godt eg har godt trappene i Flørli fleire gonger. Mange sleit med desse 272 trappene opp til huleinngongen. På toppen venta 10 til for å komma inn til det hinduistiske tempelet .


Innerst inne var det hull i ``taket``. Ein kunne se himmelen. Langs veggene klatra det aper. Dei var ikkje høflege. Hadde ein noko på seg som dei ville ha så var dei kjappe gitt.

Det var godt å koma ned etter ein aldri så liten trappetrim. Det er så mange fine kunstverk rundt om. Dette flotte relieffet pryda utgongen.



Den siste dagen spanderte eg på meg ein kveldstur på byen. Eg tok følge med ei mor og ei gravid dotter frå Indonesia. Dei var på jentetur og me to mammene var i same båt. Me venta begge på vårt fyrste barnebarn.

Fyrst var me innom nok eit hinduistisk tempel i Chinatown. Sri Maha Mariamman Temple med igjen sine flotte relieff frå lang lang tid tilbake. Innbyggjarane er stolte over desse templa.


Chinatown på kveldstid er stappfull av boder og menneske. Etter å ha budd eit år i Thailand er det ikkje desse marknada som fristar meg mest. Men dette er eit muslimsk land og eg blei fasinert av å gå mellom alle damene i sine svartkledde burkaer.
Kva skjular seg bak burkaen tru. Eg har lært at i heimen er det desse damene som styrar, men når dei er ute står dei fint i ro bak sin mann eller i lag med sine barn.
Fleire og fleire kvinner går vekk i frå denne svarte habbitten. Mange bar fargerike kjortlar
med hovudplagg som matcha og som ikkje dekka andletet, men kun håret.
Dei fleste bar likevel kun hovudplagg i silke og vanlege klede .


.....Og etterpå var det dans.....Kvelden blei avslutt med nydeleg buffet middag, vin og kulturshow på ein fin Malay restaurant. Det er alltid fasinerande å sjå nasjonal folkedans i fargerike draktar . Under avslutningsdansen ville dei ha publikum opp....
og ein seier sjølvsagt, ja takk til ein dans. Eg fekk prøva meg å dansa i takt med ein spenstig kar over stokker som blei slått mot kvarandre etter ein fast rytme. Artig, artig, (har det på film)
Dagane i Malaysia er over. Eg skal tilbake til Bangkok og ha nokre avsluttande dagar der med dansevenner frå Mukdahan. Det var gildt å sjå ein bit av Malaysia, men skal eg velgja meg eit ferieland så går Thailand framføre. Men blomane i Malaysia går langt føre blomane i Thailand. Her var det friske(ikkje kunstige som i nabolandet)blomar som pynta gatebiletet. Store flotte friske bukettar i utrulege fargar. Eg hadde kjøpt med meg 10 bukettar dersom eg skulle heim til huset i Mukdahan.










fredag 18. juli 2008

Dette må vera kjærleiksøya......Kho Pha Ngan

Då var det på tide og sei farvel til dei koselege longtail båtane utanfor kysten av Koh Samui.

Eg skulle vidare med ekspressbåt til ei mindre øy, Kho Pha Ngan.












Det er alltid spanande se kva som er rundt neste sving......og her hamna eg på eit lite hotell med resepsjon utan inngagnsdør. Alle romma hadde inngong frå utsida, og dermed blei dette nett som å bu i ein hage. Eg nøyt utsikta frå balkongen i 2.etasje. Idyllisk hage og flora.
Eg er på vestsida av øya. Ei passeleg liita og nestan folketom strand der hotellets restaurant ligg heilt i strandsona. Utstyr til snorkling og kajakkturer var fritt for å leige.




Heile hotellområdet med strand og basseng var ein grønn fin oase. Det var ei naturperle. Den som søkjer roen finn han her. Ein kjempeplass for dei som er to og som ønskjer å nyta kvarandre i fredelege, romantiske og naturskjønne omgjevnader.
Dermed blei det ikkje så mange dagar for single meg på denne plassen. No hadde eg nett blitt van med alle spørsmåla som hagla inn kvar gong eg skulle sjekka inn eller bestilla ein billett ...
..are you alone? ....why?....No husband?.....
Eg får dra heim til Noreg og leita etter min sjelsfrende og så skal eg dra tilbake her .........

Dette var og eit spahotell. Den pakken tok eg.
Kveldane blei brukt til hårklipp, massasje, fotpleie, pedikyr og manikyr.
Se på denne skjønne dama som har det i hendene sine. Nyyyddeeeleeeg å lena seg tilbake i stolen, lukka augo og tenkja på gode ting.

Då var det på tide å trekkja inn mot fastlandet att.
Eg tok ein ekspressbåt i 3t. På land venta ein minibuss som me med til byen Don Sak ligg på austsida sør i Thailand.
Dette var ein koseleg by, større enn eg hadde tenkt. Mange fine butikkar og ikkje kvite turistar. Perfekt å traska rundt i. To par sko klarte eg og å pressa ned i sekken.....uff og uff
På turistkontoret fekk eg bestilt nattbuss over til Mailaysia og flybillett tilbake til Bangkok.
No er det byferie på meg.






onsdag 9. juli 2008

Øyhopping i Thaibukta

I Thailand er det regntid, og det har verkeleg regna i Mukdahan. Eg har sakna strendene og havet og den sørlege delen av landet blei dermed eit naturleg reisemål.

Øyhavet og Koh Samui, Thailands 3. største øy også kalla palmeøya var min fyrste stopp.

Det var rett før flyhula subba i sanden for så og landa blant palmetre og tropiske buskar.

Eg har aldri opplevd ein slik flyplass. Denne er privat, eigd av Bangkok Airlines( derfor litt dyr blillett) og det kjennast nett som å landa i ein hage. Rett og slett idyllisk. Vel verdt billettprisen.


Traff ein ``lokal`` tyskar på flyet som viste meg aktuelle hotell ved Lamaistranda( 2.største stranda her). Eg endte opp på det koselege Plaza Lamai Resort. Reint,billeg, koseleg og med balkong rett ut i nattmarkedsgata hadde eg god utsikt når markedet skulle riggjast opp kl. 1700 kvar ettermiddag.
Det er mykje å sjå og oppleva på denne øya. Her er eg ved Hinta Hinyai, grandfather and grandmother Rock, artige steinformasjonar i havet.


Apekattar trivast godt i palmetre, og du verda for ein meister det er til å henta kokusnøtter. Eg var innom ein ``apekattskule``Eg er fasinert over kor mykje dei liknar oss menneske i måten dei gjer ting på. Munkar har eg sett mykje av dette året, men eg har aldri opplevd ein mummifisert. I glasskapet bak sitt The mummified Monk..... spesielt og litt nifst på same måten, men denne munken var viktig for øya. Han var ein god person som iallefall ikkje blir gløymd.

Naturen er berre flott her. Me skal vitja Lad-Wanon waterfalls. Thaiane er stolte over vassfalla sine og dei trekk mange turistar, men sidan eg er frå eit fjelland så er ikkje det det heilt store for meg her nede. Men naturen blir eg storøgd over.


For lenge lenge sidan hadde thaiane ein elefant i flagget sitt. Nede i denne dalen var det ein elefant leir. Dagleg var det show. Denne elefanten kunne dansa og gjera akrobaktiske øvingar. utruleg at så store tunge dyr kan virka litt grasiøse innimellom.
Eit tempel eller to høyrer alltid med. Her er det Big Buddha temelet som står for tur. Ein fekk ikkje lov å fotografera om ein ikkje var skikkeleg kledd, og eg med mine bare skuldre måtte nøya meg med å ta eit bilete nedan i frå.
Dette er eit kinesisk tempel, Plai Laem. Dei har ei anna utforming enn dei thailandske. Det låg fint til langs sjøkanten i Thaibukta.
Det er både fjell og høge punkt på øya. Her står eg over den lange og populære Chaweng stranda og nyt utsikta frå Chaweng View Point.
Er ein ved sjøen så er ein ved sjøen og då er det berre eit eldorado for dykkarar, snorkling og kajakkaktivitetar her.
Kvar dag var desse karane klare til å ta oss ut til andre øyer for å snorkla. Her er eg på veg til Koh Tan for å snorkla gjennom nydeleg koralrev i området. Fine fargar og fiskar fekk eg og oppleva.
Ei ny øy i sikte, Koh Mudsum. Me hadde med kajakk og her var det ein runde eller to rundt denne øya som frista mest. Litt kappkøyring mellom fraktebåtane var ein fin avslutning på ein aktiv dag.
Og slik gjekk dagane fort. Veksling mellom strandliv og bading og kajakk og snorkling på dagtid
og god mat og marked på kveldstid. Handling var forbode for meg for eg hadde altfor mykje i bagasjen som det var.
Neste gong eg kjem til Koh Samui skal eg handla og.......
Bye bye Koh Samui og småøyene omkring. Eg skal vidare til ei ny øy..........