søndag 26. juni 2011

English summercamp 25-26juni 2011.Savannakhet/Laos























Flyturen gjekk fint og alle kome seg inn i Laos, men visaen hadde godt opp i pris for oss med norske pass, mens Willi med sitt tyske pass fekk kome inn noko rimeligare enn oss andre.



















Endeleg fekk gruppa møta Marit og Ole Christian. Me blei teke vel imot og dei varivrige etter å fortelja oss meir om opplegget denne helga. Det er den største english summercampen som nokon gong har vore arrangert. Ikkje rart dei var spente når 50 laotiske lærarar og oss "kloke hovuder" frå Noreg skulle vera med å dra dette i land.









Kan ikkje akkurat sei at me følte oss særleg kloke der me sat spenta og med kriblingar i magen.

















Men roen/engasjementet til Ole Christian og Marit smitta over på oss og då dei inviterte oss ut på 3 rettars deilig middag om kvelden var me alle veldig glade for at no var me eigentleg igong....
















Det var høgtideleg opning av campen med mange inviterte betydningsfulle gjester. Dette var stort for skulen, som er den finaste i Savannakhet og ikkje minst for elevane som skulle ha ei heile helg frå kl 0800-1600 kvar dag med engelsk.



























Fine blå t-skjorter med summercamp trykk på ryggen fekk alle elevane og me lærarar.










Klasseromma er svært enkle. Standarden er langt under det me hadde forventa sidan dette skulle vera den finaste skulen. Men det er rart kor fort ein innstillar seg på at dette går fint. Enkle midler og enkelt materiell og justering av opplegget undervegs var det som måtte til for å laga ein god dag for elevane.


Nervoese,spente,varme og litt stressa har me altså sagt ja til aa undervisa laotiske barn i engelsk. 200 elevar fraa mange ulike provinsar og samfunnslag er inviterte. Heldigvis blei det ikkje meir enn 10 paa kvar gruppe, men det var stritt nok det i varmen og med eit engelsk nivaa som tilsvarar 2.-3. klasse i Norge ( og dette var ungdomsskule og vidaregaande elevar).

Me klarte oss godt. VIP laotarar var tilstade , pensjonerte og godt fungerande skuletoppar og mange nysgjerrige laoterar som villle se og kanskje laera nokre nye maatar og undervisa paa. Det var stadig skuelystne som stod i vindauga og observerte oss. Me hadde valgt ut kvart sitt emne som me underviste i. Eg og Willi hadde "the classroom" som tema.


















Gruppene fekk poeng etter kvar stasjon. Dei er svært opptatt av utdanning og å gjera det bra. Beste gruppe blei kåra til sist, også beste elev. Det er uvant for oss. Korleis kan dei kåra beste elev med berre å gå rundt og observera?????

















"Pay attention on you own developing" står det på dette skilten i skulegarden.










Også lærarane blei vurderte og fekk poeng av elevane. Hilde blei best på vidaregåande nivå og ein laotisk lærar på ungdomskulenivået. Hilde hadde familien som tema. Det falt godt i smak. Ho kom inn under huda på mange elevar gjennom nettopp dette temaet.




Etter to intense og givande dagar er me troette og glade for at det heile er over, og det er ikkje fritt for at me innimellom øktene har lurt litt paa om det var ferie me skulle paa eller....... men skal sei me er glad for at me sa ja likevel.



Du verda saa mykje det gir oss tilbake naar me ser dei utrulege glade og takknemlege andleta til desse elevane som ikkje er vant til aa eiga hverken skulebok eller ransel. Dei andleta vil eg parkera i mitt hovud under kategori "minnebok for gode opplevingar i livet".



I morgon dreg me til fjellbygdene paa grensa til Vietnam. Der skal me besoekja familiane-heimane til elevane som Schoolsupportlaos, SSL prosjektet stoettar.
Derfor har alle me damene fraa Haaland skule vore og faatt sydd oss Laos skjoert. Me var saa fine atte naar me idag var ute og spiste paa ein koreansk grillbar.










Ein slik koreansk grill er det fleire av oss som har lurt ned i kofferten. Himmelsk mat.






Marit og Satad måtte visa oss korleis grillen


funka. Satad var kjapp med å leggja på både kjøtt ,nudler og grønnsaker.








Ikkje lett å bestemma seg for stoff og farge i denne vrimmelen av utvalg, ikkje sant Aud Iren??



Men det klarer denne dama for ho har bestilt skjørt her så mange gonger før.........




















Igaar aat me paa ein elverestaurant der me saag over Mekongelva til Mukdahan-Thailand. Fekk litt "heimlengt" då.... men me har meir spanande ting føre i Laos. No startar det som eigentleg er høgdepunktet på denne turen. Me skal følgja SSL sitt prosjekt i SEPON
No blir det meir kummerleg med maten. Ingen luksus venter oss i fjellbygdene.


Gå inn på SSL sin blogg schoolsupportlaos.wordpress.com der kan du lesa meir om campen og opphaldet i Sepon.

torsdag 23. juni 2011

One night in BANGKOK



















Daa har me landa,,,eller har me eigentleg det?

Me har iallefall fått teke ut pengane som må til i ein storby........
(ikkje mykje skjult kabel her)

..og så har me troedd Bangkok rundt i 30 grader, litt regn og sol. Me kan ikkje handla (seier fornuften) for me har allereie for tunge koffertar med klede og utstyr til Laos (ogsaa oppblaaste fotballar....smart he he).



S15- Sukhumvit hotel tok vel imot oss etter god instruks frå Marit Ngamchalad. Luksussuiter på alle "fattige" lærarar frå Håland. Gradestokken fortalte at sjokoladen til familien Ngamchalad måtte raskt i kjøleskap om han skulle overleva til Laos.

Skreddaren har faatt sitt. Der har me lagt igjen mykje peng og me skal klare aa stappe kofferten full neste gong me kjem til denne byen att. Daa hente me nye kjolar, dressar og alt det me ikkje kunne handla idag. Gutane låg heller ikkje bakpå med handel hos proffe indarar.



Kondomrestaurant i Sukhumvit. All utstilling er laga av kondomar. Maten er fantastisk god. Her prøvde gjengen seg for fyrste gong på thaimait. Kva fekk me i retur når me betalte??? Jo, ein kondom. Turen er sikker....



Måltidet..... mange svoltne magar og mange rare tanken om denne uvante mate. Kva kan etast, kva vil magen ha ???? Tja.... det blir veker med prøving og feiling.
Me sitt med fulle kamaraer av gode opplevingar der maten er spesielt godt dokumentert.
One night in Bangkok blei til Tre fine dagar i Bangkok , hektisk og varmt men me faar gje fraa oss nokre minnerike stikkord fraa dagane:

*Baattur paa elva Shao Praya,

Kontrastane er store når ein glir sakte oppover elva.

Her bur turistane...




...og slik bur mange thaier.






*Besoek i Wat Pho med m.a den liggende Buddha


*Hektisk spasertur paa Kaao San road. Mon tru om det er noko å handla likevel???



* Her fekk me og prøva fiskemasasje. Høyrest fint ut, men fiskane et faktisk hudceller som ikkje treng å vera på føtene lenger. Det kitla. Dei fleste lo, men ikkje Nina.


Damer på tur..... Kan me gå i frå desse tøffe tunikaane????
NEI.. det kan me ikkje. Det blei ikkje ein på kvar, men????? ,.

...og i kofferten , er det plass??? Jaja men san. Trygt ned i koffertane blei dei alle 10.




Så kom regnet i bøtter og spann . Det er jo regntid.... Tuk-tuk høyrer med når me er på sightseeing. Grete blei våt for på denne sida var det ope vindu,,, men pytt ho tørka fort i varmen.

No er me nett komme innom for aa sove litt. Nattmarkedet var stappfullt av turistar og fine jenter i barer som tilboed ping-pong show.

Savannakhet-Laos neste stopp.


Flybussen til Laos air-line. Mon tru om det flyet er sikkert nok????????

onsdag 30. juli 2008

Bangkok for siste gong.......på ei stund

Då var eg tilbake i Bangkok for n`te gong,,,,,,men litt spesielt blei det når eg visste med meg sjølv at denne gong var Bangkok endestasjon for mitt opphald i Thailand.


``The busy town`` med alle store bygningar og travell trafikk og eksos......
og sine grøne lunger innimellom.
Det var herleg å vera tilbake utan å kjenna trong til shopping. Eg skulle berre slappe av i byen og ta time for time som han kom.

Luminiparken som ligg kloss i nattbazaren har eg lenge hatt ønskje om å nyta. Her kan ein jogga, sykla, spasera, ro eller gå på piknic, sola seg eller slappa av med ei god bok.





Denne siste helga fekk eg ta parken godt i augesyn. Heilt utruleg at ein slik grønn oase finnst midt inne i storbyen Bangkok.
Fredagskvelden møtte eg nokre av mine gode dansevenner. Dei hadde køyrt frå Mukdahan for å vera i lag med meg denne siste helga. Fantastisk ( Eg sakne dokk allereie).
Alle budde på Wall street hotell, eit greit hotell sjølv om det ligg i Patpong( gata for gogounderhaldning for amerikanske soldatar under vietnamkrigen, men der dansarane no er bytta ut med stripparar, prostituerte og ladyboys)
Men me er dansarar og me drog til Dream hotell og dansa salsa i lag med kremen av salsadansarar. For oss var det underhaldning berre å få sjå salsaeliten på dansegolvet.
Det blei trist og sei hade, avskjeden drog ut og drog ut. Graham og Boa ønskjer seg ein Norgestur om nokre år......Kanskje blir det eg som kjem fyrst som feriegjest til Mukdahan.

Jim Thomsen sitt hus og hage er og ei naturperle i byen. Jim har ein stor del av æra for at thaisilken er kjend over heile verda. Han var ein amerikansk arkitekt som kom til Thailand under 2.verdskrigen. Han blei så fasinert av landet og silken . Etter krigen drog han tilbake og slo seg opp som silkekongen.
Det kom jammen små små Jim Thomsen silkeprodukt til mitt kommende barnebarn og kjente med i handleposen etter at eg hadde besøkt hans hus neste dag. (takk for tipset Graham)

Byen rustar seg opp til kveldsmarked,,,,,,,medan eg går til hotellet og pakkar (Hjelp, det blei mykje for Boa hadde med seg skreddarens siste designprodukt inkludert gallakjole og brudekjole).
MMmmm, eit siste måltid- steikt ris og kongereker i ananas til verdas beste pris.
Flyplassen neste. Ein kan ikkje unngå å leggja merke til den lange dragen.
Flyet heim går rett før midnatt. Innsjekkinga tek tid........eg held pusten,,,,,,10kg overvekt og kr 1800 å betala (men det er verdt det lell men all den silken i bagasjen)
Då kan skuldrane senkast. Misjonærparet Anne Brit og Arne møtte meg på flyplassen. Dei har hatt nokre rundar no med heimvendte misjonærar. Tusen takk for eit godt måltid mat,hjelp med bagasjen og boka ``very thai``. På flyreisa bladde eg i boka og til alle bileta kunne eg sei, ``ja slik er det`` ........
Så heldig eg er som har fått opplevaThailand på denne måten i eit år. Takk for at eg har blitt kjent med dykk to, og alle andre kollegaer og vener........
EG MÅ JO BERRE KOMA ATTENDE ein gong........me sjåast trur eg eg seier til dykk og til THAILAND.
Sundag 13.juli kl. 1205 landa eg på Sola.....og der stod mine kjære barn og svigerbarn og tok i mot meg og all bagasjen.......alt kom fram HURRA.
....men den nye store rød kofferten eg fekk i Mukdahan såg slett ikkje ny ut lenger. Eit hull her og eit hull der, ein revna glidelås og eit silkeslips som var på veg ut var resultat av ei litt hardhendt flyreise..
Neste dag stod ein ny flott og lett gjennkjenneleg brun og turkis koffert på døra. Lurer på kor den skal på sin fyrste tur??????







søndag 20. juli 2008

Malaysia- Kuala Lumpur

Etter 3t i buss var eg ved grensa til Malaysia. Det blei busskifte og ein 9t lang tur før eg kom til hovudstaden, Kuala Lumpur.

Her var det ikkje palmer, men skyskraparar som dominerte landskapet.

Eg kom tidleg om morgonen (0300) og husverten på backpackers hotellet var rask med å fortelja meg kva eg burde sjå i denne byen.

Petronas twin towers er eit landemerke og vel verdt eit besøk. Det er gratis og ta turen med guide opp i tårna, og derfor er det lang lang kø frå tidleg morgon.





Eg tok beina fatt og spaserte til tårna i lag med eit ungt tysk par som eg møtte på nattbussen .


Etter 1,5t i kø fekk me billett til brua mellom tårna.

Det var litt av ei utsikt.

Byggverket er sett saman av unike stålkonstruksjonar. Ikkje rart at dette området er eit populært konferansesenter i byen.


Vel tilbake til number eight, eit småkomseleg backpackers hotell i retrostil. Eg fekk meg eit lite loftsrom med felles toalett/dusj .Her var det alright å bu, men etter at eg hadde meldt meg på 3 turar som det ikkje blei noko av p.g.a at det berre var eg frå hotellet som meldte meg på, vandra eg over vegen til eit vanleg og 3 gonger så dyrt hotell.

Backpaker ungdom er ikkje interessert i turar, dei har ikkje lommebok til det, men over vegen var det mange som ville på tur ....... og då blei det både dagsturar og kveldsturar på meg og.



Her skulle du ha vore, Marit frå Håland skule. Mailaysia er synonymt med batikk.
Handcraft batikk og maskinbatikk. Eg fekk koma inn i ein batikkfabrikk.

Dette likte eg. Fasinerande og sjå korleis mønstre blir designa , mala og trykt.

Kjøpte eg noko????? Berre eit lite strandskjørt og ei slentrebukse.......


Det er lenge sidan tinn har vore på moten i Noreg, men i Malaysia var det ein stor eksportvare. Me vitja Royal Selangor Pewter. Denne fabrikken har vore i drift i generasjonar og det er ``pewter``, ei tinnlegering som er verdfull og populær.

Tvillingtårna er jo av stål. Ikkje rart at denne fabrikken hadde si utgåve av tårna.
Alle ansatte som hadde vore i bedrifta i 5 år fekk handa si med signatur trykt på stålplate.

Denne fabrikken er verdskjent, faktisk den største og mest moderne i sitt slag i verda. Me fekk sjå dei ulike prosessane frå start til ferdig produkt. Fabrikken er kjent for høg kvalitet og at det er handarbeid, det ser ein når ein vandrar rundt.
Denne dama bankar med jamn rytme små hakk i eit drikkebeger. For ein jobb, og det var ikkje få ho gjorde i løpet av ein dag opptil fleire hundre.



Fjell i sikte....Limestone hills of Batu Caves. Lord Murugah (hindu) vokter fjellet.
Det er godt eg har godt trappene i Flørli fleire gonger. Mange sleit med desse 272 trappene opp til huleinngongen. På toppen venta 10 til for å komma inn til det hinduistiske tempelet .


Innerst inne var det hull i ``taket``. Ein kunne se himmelen. Langs veggene klatra det aper. Dei var ikkje høflege. Hadde ein noko på seg som dei ville ha så var dei kjappe gitt.

Det var godt å koma ned etter ein aldri så liten trappetrim. Det er så mange fine kunstverk rundt om. Dette flotte relieffet pryda utgongen.



Den siste dagen spanderte eg på meg ein kveldstur på byen. Eg tok følge med ei mor og ei gravid dotter frå Indonesia. Dei var på jentetur og me to mammene var i same båt. Me venta begge på vårt fyrste barnebarn.

Fyrst var me innom nok eit hinduistisk tempel i Chinatown. Sri Maha Mariamman Temple med igjen sine flotte relieff frå lang lang tid tilbake. Innbyggjarane er stolte over desse templa.


Chinatown på kveldstid er stappfull av boder og menneske. Etter å ha budd eit år i Thailand er det ikkje desse marknada som fristar meg mest. Men dette er eit muslimsk land og eg blei fasinert av å gå mellom alle damene i sine svartkledde burkaer.
Kva skjular seg bak burkaen tru. Eg har lært at i heimen er det desse damene som styrar, men når dei er ute står dei fint i ro bak sin mann eller i lag med sine barn.
Fleire og fleire kvinner går vekk i frå denne svarte habbitten. Mange bar fargerike kjortlar
med hovudplagg som matcha og som ikkje dekka andletet, men kun håret.
Dei fleste bar likevel kun hovudplagg i silke og vanlege klede .


.....Og etterpå var det dans.....Kvelden blei avslutt med nydeleg buffet middag, vin og kulturshow på ein fin Malay restaurant. Det er alltid fasinerande å sjå nasjonal folkedans i fargerike draktar . Under avslutningsdansen ville dei ha publikum opp....
og ein seier sjølvsagt, ja takk til ein dans. Eg fekk prøva meg å dansa i takt med ein spenstig kar over stokker som blei slått mot kvarandre etter ein fast rytme. Artig, artig, (har det på film)
Dagane i Malaysia er over. Eg skal tilbake til Bangkok og ha nokre avsluttande dagar der med dansevenner frå Mukdahan. Det var gildt å sjå ein bit av Malaysia, men skal eg velgja meg eit ferieland så går Thailand framføre. Men blomane i Malaysia går langt føre blomane i Thailand. Her var det friske(ikkje kunstige som i nabolandet)blomar som pynta gatebiletet. Store flotte friske bukettar i utrulege fargar. Eg hadde kjøpt med meg 10 bukettar dersom eg skulle heim til huset i Mukdahan.