fredag 14. mars 2008

Ønskjer alle ei god Påske fylt med glade påskefargar

GULT ER KULT.......


På skulen har me hatt gul dag. Påska er rett rundt hjørnet og dermed har me vore innom påskeevangeliet, påskefargane, påskeegget, påskeharen,påskekyllingen og påskelammet....

Me hadde gul lunch ute i det fri på torsdag. På himmelen var det til og med gul sol og temperaturen låg rundt 30C.


Men eit fint påskebord i påskefargar og med gul mat og drikke, der nylaga kyllingar med ski på beina fekk pynta opp, blei det påskestemning hos oss og.


Her males det påskeegg. Egget som er eit symbol på nytt liv, våren og Jesu oppstode blei dekorert med varsame hender i dei flottaste fargar.

Det var vanskeleg å stoppa. Det hjalp ikkje om læraren meinte egget var nydeleg. Må berre ha litt til , litt til og litt til farge....sa kunstnarane











Det var godt å ha lunchen under halvtaket i skuggen. Her er det ingen vår der naturen så vidt begynner å vakna i lyse vårfargar. Sist helg kom sommaren for fullt. Sol kvar dag og blomar i sterke fargar på busk og tre.










Hurra for Bok Sophie som blei 12år .

Det er alltid stas med bursdagsbarn. Flagg og gåve og song oppi påsketemaet var på sin plass når eldstemann i klassen skulle hyllast.

Eg tenkjer jentene har fått god forståing for kvifor me feirer påske og korleis me pyntar og dekorerer heimen vår i takt med naturen.

Det er litt verre med thaiassistenten i klassen. Ho oversett alt eg seier til thai. Når eg underviste rundt påskedagane våre rynka ho på nasa over alt det ``rare ``eg sa ,og ho såg spørjande på meg og sa Why, what`????????? Det er sjelden eg ikkje gir forklaring, men alt dette var såpass nytt for elevane og ,så eg måtte fort sei til ho....... berre oversett........spør meg etterpå. Elles måtte me nok hatt ei veke til for å koma gjennom påskeevangeliet. Men me kom oss i mål både med alvoret og påskekosen......... og assistenten fekk også sine svar etter kvart.

Med desse påskejentene sender eg alle lesarar eit kjempestort påskeegg overfylt med verdas beste godsaker.

GOD PÅSKE!

lørdag 1. mars 2008

Det er VINTERFERIE også i Thailand.......og då er ein jo van med å dra til fjells....

Uke 9 var vinterferieveke i Noreg og heilt tilfeldig så blei denne veka og vinterferie for den norske skulen i Thailand.

Endeleg fekk eg besøk frå Noreg.

Geir Morten og Anette, eldste son og svigerdotter, starta sin Thailandsferie ilag med moderen.

Me skulle på backpackers tur til Chiang Mai. Tursekk og fjellsko, sovepose ,antibac og myggolje og shorts......(det er vinter og vinteren nord i Thailand kan vera kald blei meg fortalt av dei lokale på skulen)

Eg satsa på shortsen, men hadde med meg ulltrøye og fleece i tilfelle kulden skulle ta nattesvevna. (Eg hater å frysa, noko Anette fann ut på denne turen at Geir Morten hadde arva frå meg).


Me hadde tenkt å ta toget frå Bangkok til Chiang Mai, men alt var fullt så det blei fly.
Makha Bucha Day,buddhismens dag er ein hellig dag i Thailand. Dermed var og mange thaiar på veg til langhelg i nord. På togstasjonen ordna dei alt frå flybillett, gjestehus,trackingtur,drosje og tog heimatt. Alt for ein billeg penge.CHIANG MAI, byen som er sentrum i nord når det gjeld økonomi,utdanning og turisme er absolutt vel verdt eit besøk. Heldigvis er mine to unge besøkjande glad i historie og kultur så byvandring i den gamle bydelen blei eit must for oss.
Buddhismens dag, the day of the Buddha som alle ville fortelja oss om blei feira om kvelden i alle tempel. Alle thaiar var ute og med lys og blomar i hendene vandra dei rundt tempelet. Mennene gjekk den eine vegen og damene den andre. Det var full musikk og fyrverkeri kl 1900. Me tok turen til byens største tempel denne kvelden, Wat Phra Singh, løvebudhaebns tempel. Buddhafiguren her kjem heilt frå Sri Lanka til Chiang Mai.

Chiang Mai betyr ``ny by``og historien seier at det var 3 kongar som blei einige om å gje byen dette namnet og byggja han opp på ny i fred og venlegdom. Tre kongenes monument står framføre det gamle rådhuset som er blitt eit fint kunst og kulturmuseum. Det var gildt å ta ein tur innom her etter at me hadde rusla rundt ein dag i gamlebyen.
Wat Chiang Man er det eldste tempelet i byen. Ein liten krystallbuddha på 10cm og ein steinbuddha som kjem frå India i Buddhas dødsår er attraksjonane her.
Skulle tru at ein fekk meir enn nok av tempel og Buddhaer etter kvart som fastbuande i dette landet....men dei fasinerer med sin historie, sin stilart og utsjånad.



TREKKING, ut i jungelen, elefanttur og rafting og... HELLO MY NAME IS DO!



Do, 44år var vår lokale guide og turleiar.
Han var absolutt alt. Ein god los, full av humor, kjempegod kokk og skodespelar rundt bålet på kvelden.

Det er lenge sidan mor og son har vore på slik tur i lag (trur det er 15år).

Me var eit lag på 11stk, der Anette var den yngste med sine 21år og Geir Morten den eldste med sine 27år.....og så moderen då.........
Så herleg å komma til ei elv, nett som i fjellheimen i Noreg det. Me ville gjerne bada her, men me skulle gå ein time til......

MAETANG ligg 40km nord for Chiang Mai. Det var i dette området me traska opp og ned. Ein flott natur og fin temperatur gjorde turen perfekt for oss som liker å ferdas i guds skaparverk.


Det var ei god kalddusj me fekk i denne elva etter tre timars gange. Nokre bada lengre enn andre, men gamlemor var faktisk under ein gong(berre se beviset).


Bambusskog i lange banar, men innimellom opna det seg flotte naturbilete.

Og så kom me fram til LISU Village til syne. I denne landsbyen var der ein liten leirplass for ``the tracking people. `` Heile gjengen med nederlendere( i for dårlege skor), canadiere, nordmenn, franskmenn og ein irlender var glade for at målet var nådd.

Me fekk ei hytte til overnatting. Her var det lufting gitt. Godt at joggedress og ulltrøye låg i sekken, tenkte eg. Under kvar myggnetting var der plass til to.



Vår gode turlos laga ein god barbeque til oss og utpå kvelden blei det god middag i tillegg. Utover natta blei det bål og song og musikk rundt bålet. Do og ein kompis underhaldt så her var det berre og lena seg tilbake og nyta kvelden og månen som smilte til oss i sirkelform denne kvelden.

Me sov godt, ingen frøys (den varsla kulden kom aldri). Neste morgon var det bye bye til ``the little hut in the forest`` som det står på skiltet.
Fottur langs gode stiar venta.


Første stoppestad var HUYTONNON village.


Fjellfolket , stammefolket er kjent for sine fine draktar, sine handarbeid, sitt handtverk og sin særeigne kultur. Det blei litt shopping på oss denne dagen. Her gjaldt det å pruta for turistar er turistar... Eg fekk meg ein fin juleduk.





..........heller ikkje isbilen mangla.


TAENG DAO elefantleir var neste stopp. No kunne føtene våre kvile for no var det heilt andre føter som skulle ta oss med på tur. På smale stiar, opp og ned skulle desse store dyra plassera føtene sine.




Det gjekk ikkje så fort, og ikkje alltid klarte alle elefantane å vera disiplinerte. Ein blir tørst i varmen så kvifor ikkje ,når det er så herleg friskt og kaldt vatn i nærleiken.....





.....eller kanskje ei banan eller to.

Me kom i mål.......så no HILDE har også eg ride på elefant.... og det er jo ålreite dyr.


MAE TAENG elva låg ved sida av elefantleiren. Dermed ble vegen kort til neste utfordring, RAFTING.



Go, go ,go ,go.....sa han som var med oss i båten og då skulle alle 5
padla for livet. Break brølte han når me skulle ta det heilt med ro og berre flyta med straumen.


Me er i orkideplantens rike og på vegen til CHANG DAO låg ein orkidefarm. Du verda så mange fine sortar. Eit fint orkidesmykke med øyrepynt blei raskt handla med seg herifrå.


Det er ein ny dag og ein ny tur til fjellstammene i CHANG DAO, ca 70km nord for Chiang Mai.


Alle fjellstammar i Thailand har sine eigne skikkar, draktar, språk og tru som viser igjen i deira kunsthandtverk. Det var gåavstand mellom fleire av desse stammane.


Denne vesle jenta sat på trappa i huset sitt og selde kunsthandverk for mora. Kvar husfrue hadde sitt namn på døra. Det var på ein måte ein slags heimebutikk.Denne stammen var innvandrarar frå Kina og dei var kristne. Det var sundag og dei fleste i landsbyen var i kyrkja.

Karensfolket, long neck village ,var innvandrarar frå Burma. Jentene får ein slik metallring rundt halsen når dei er 5år. Kvart andre år får dei ein ny. Det var tunge ringar og eg likte ikkje heilt det eg såg. Skuldre blir pressa nedover og det er slett ikkje ufarleg å bera desse. Jentene kunne heller ikkje gå på skule p.g.a ringane. Når dei gifta seg eller når dei blei 25år var det stop med nye. Her måtte ein betala for å koma inn i landsbyen. Dei levde faktisk av å visa seg fram.
På heimvegen var me innom ein papirfabrikk. Dette fine handlaga papiret er laga av elefantbæsj. Eg måtte spørja to gonger før eg oppfatta det. Brevpost, fotalbum, bokmerker,dagbøker og mykje anna fint blir laga av elefantbæsj. Dei tørker han i sola og så tilsett dei noko som formar det heile til ei seig masse. Deretter blir massen vaska og tørka og så er det papir.

PING elva renn gjennom den nye bydelen i Chiang Mai. Den siste dagen tok Anette og eg oss ein båttur opp og ned elva. Avslappande. Me var innom ein fruktplantasje på båtturen og fekk ete frukt i stort monn.



Eit bilete frå SK guesthouse der me hadde vår losji er alltid eit godt minne. Eit koseleg og enkelt gjestehus sentralt i gamlebyen.


OLD CHIANG MAI CULTURAL CENTRE var eit must siste kvelden. Det er ein fin måte å bli kjent med deler av LANNA kulturen på. Khantoke middag(skålbord middag ,direkte oversatt) og dans,underhaldning der alle sitt på golvet og der maten blir servert på eit lite rundt, lakkert bord i midten blei ein fin avslutninga på opphaldet i nord som blir kalla for LANNA området.



BANGKOK neste stasjon.... og no fekk me togbillett.... ein dag seinare enn me hadde tenkt oss returen. Artig å reisa med tog igjen. Ein grei kupe som raskt blei forandra til sovekupe når auga ikkje ville meir.


Og i Bangkok hadde sonen tinga dressar hos moderen sin skreddar som alltid er villig til å gi gode tilbod ( dersom ein handlar mykje).......

På denne dagen i Bangkok var det meditasjonens dag. Dermed hadde tuk-tuk førarar fått gratis påfyll på tanken til å køyra folk rundt til tempel og buddhaar. Me såg etter det gule merket på tuktuken og så var me på sightseeing igjen. Denne gong for å sjå ting som moderen ikkje hatt fått med seg tidlegare.


Den kvite elefanten er hellig og viktig i Buddhas lære. Alle kvite elefantar blir gitt til kongen. Ein tuk-tuk, ein moped og ein bil er Bangkoks gatemiljø.
wat Benchamabophit, marmortempelet. Inni Buddhaen i dette tempelet ligg aska av kong Rama V (det morderne Thailands far). Historien seier at han var kongen som samla thaiane om deira thaiverdiar samstundes som han skapte interesse for vesten sine tankar og klesstil.
WAT SUTHAT er eit tempel som huser the big Buddha, ein 8m høg Buddha som ein gong blei frakta nedover Chao Phraya elva. Det går an å gå inn i Buddhaen og nyte utsikta over elva.


Om kvelden blei det busstur til Mukdahan. I ei veke fekk det unge paret oppleve litt nordaust, Isan kultur.

Begge var godt nøgd med det. I Mukdahan kan ein slappe av og nyte sommaren som snart er på veg. Me har enno kalde kveldar og morgonar, faktisk kaldare enn i Chiang Mai.
Denne fine busken finst i mange fargar i hagar og langs vegar.



Kveldsmarknad og IndoChinamarknad har noko for ei kvar lommebok, og ein promenade langs Mekongelva ei kveldstund er romantisk.


Takk for besøket Geir Morten og Anette. De grudde litt for å dra ned til travle Bangkok att. De
falt for roen i Mukdahan de to. Fint at dokk skulle
ha nokre rolege dagar i Hua Hin før heimturen i
dag.
Me kom oss ikkje lenger enn å sjå over til Laos i denne omgang. Kanskje neste gong?????
God tur til Noreg til dykk to.


No gler eg meg til påskeferie, for då kjem dotter og svigerson på besøk til Mukdahan.

I morgon dreg eg til Bangkok for der mellomlandar dei før dei skal vidare til ei veke på studietur til Singapore.


Eg gler meg til å sjå alle ``tre``(ho har med seg mitt første barnebarn i magen)