onsdag 7. november 2007

EG er blitt FORELSKA








...JA, eg må vedgå at eg har fått eit aldri så lite oemt hjarta for dei gulkledde små og store karane som stort sett går to og to ilag, eller på ei rekkje etter kvarandre. Dei er så skjoenne i sin enkle klesdrakt, og er det skarp sol så goeymer dei seg bak ein paraply. I slutten av oktober fekk eg meg ein såkalla visatur til Vientiane, hovudstaden i Laos. Turistvisumet gjekk ut så eg måtte ut av landet. Ikkje å forrakta det, sjoelv om eg lengta etter ei helg i heimen. Dette var 4.helg på reisefot som varte i 6dagar. Eg kom til Vientiane akkurat i det regntida var omme. Thaiane er glad i feiring og festivalar. Dette skulle feirast. I regntida held munkane seg inne. Dei er redde for å troe på og drepa eit eller anna dyr som det ligg på vegen. "Det er vår slepp fangane fri" seier me heime, eller bondens variant "Det er vår slepp kalvane ut".Her er det vinter, slepp munkane ut. Når regntida er over kjem munkane ut igjen. Det blir feira skikkeleg. I Vientiane var det festival med pynting av blomebåtar som blei tent med lys og det blei arrangert kapploep mellom Thailandske og Laotiske roarar på Mekongeleva både på Thailandsk og Laotisk side.



I ei av gatene fann eg ein restaurant med god vestleg mat. På veggene hang der abstrakte og halvabstrakte bilete i glade fargar. Innimellom var det stemningsfulle bilete frå munkekvardagen. Eg blei glad i eit bilete som hang hoegt på ein vegg nær scenen i baren. Det er ein eigen ro over munkane. Dei har respekt med seg. Enkelte flyplassar har til og med seter som er reservert for dei. For 30dollar blei biletet mitt. No sakne eg berre einkvan som kan hengja opp alle bileta eg dreg med meg heimatt på mine reiser!!!!!















Eg kom til byen i bil med kollegar som var i same ærend. Me kom midt i festivalen. Eit eige marked var laga til. Det var stappfult av folk. Alle som kunne krypa og gå var ute. Me blei kroppsvisitert foer me gjekk inn i handlegata. Det var ikkje lett å handla der gitt. Tett i tett gjekk folkemengda medan selgjarar ropte og hoeg musikk lydde frå scene og boder. Det blei ingen handel på meg i
dette "kaoset", men butikkar og restaurantar er det nok av i denne byen. Det var lite ekte laotarar og sjå (i alle fall i hoeve til
det eg opplevde på min forrige tur til Laos). Vientiane er ein by for turistar. Mange backpackare og studentar var og sjå,,,,, og mange kvite som oss. Med ein gong noko skulle betalast kom prisen i dollar.




Eg ba om å få han i Thb, og då trudde dei at eg jobba i byen.




Her var det og eit skandinavisk bakeri så damen hamstra grove broed med seg heim. Det var eit herleg uteliv i byen. Gode restauranter så endeleg fekk me servert poteter i staden for ris. Ikkje fritt for at det blei ein del biffmiddager med god saus og tilbehoer.





Men visatur er visatur. I 2 dagar blei det koe og koe og venting i steikande sol hos den thailandske ambassaden foer passet låg trygt i handa. No har eg fått visum for eit heilt år. I tillegg har eg ordna meg multi reentry visa som er viktig å ha når ein skal ut av Thailand i visaperioden. Så no er damen klar for nye utanlandsturar.












Kyrkja driv og stoettetiltak i Vientiane.Derfor vitja me to unge studentar frå den internasjonale linja på Hald i Mandal (Ingvild og Bjarte). Dei har engelsk undervisning for herre og dame landslaget i volleyball. Eit stor flott idrettshall blei bygd for snaue to år sidan. Varmt var det og svette var dei spelarane som hadde skikkeleg driv over slaga sine......











Kyrkja er og med i eit samarbeid om eit vassprosjekt på landsbygda. Ein av misjonærane våre skal ha sitt arbeide i dette prosjektet(Atle Roger). Det blei ein sightseeingstur ut for å sjå der det var munkar som gjorde det praktiske arbeidet. Dei borer etter grunnvatn som dei pumper opp slik at rundt 40 heimar får vatn. Akkurat no var den elektriske pumpa i ustand. Eit oemt punkt i teknikken kanskje????





Atle Roger tek utfordringa!!!!!!!!!




Sundag er kyrkjedag.....og kyrkja her i Vientiane var det troekk i. Stappfull av menneske i ulik alder og nasjonalitet. Ekstra stolar blei sett til fleire gonger. Preik og lovsong både på laotisk og engelsk. Eit eige orkester akkompagnerte
under lovsongen. Rytme og glede og preik som det var gildt å ta del i.




Det same troekket fekk ein oppleva på sundagsskulen. Barna fekk si undervisning gjennom rytme, dans og lovsong.



































Kor er dei fattige Laotarane????




Etter å ha vitja Savannahaket og erfart fattigdomen kan eg ikkje sei at eg såg så mykje av dette i denne turistbyen. Heller ikkje i kyrkja. Alle var ok kledde i fine laosskjoert. I shoppingsentra var det asiatarar som oss som handla. På marknade likeså. Men utanfor byen finst dei heilt sikkert. Laos er eit av verdas fattigaste land.









......Kjekt er det at denne byen lever godt på turistar. Han har flotte byggningar frå den tida då Laos var fransk koloni. Fleire hotell har franske namn og midt i trafikkåra står det ein kopi av




triumpfbuen i Paris. Joda, Vientiane er absolutt verd eit besoek. Nyt utelivet, fine byggverk, den gode maten, markedet og ikkje minst "the silkshops". Eg klarte å pressa ned i min lille roede koffert ein silkedrakt i kinalook, eit veggteppe i silke, silkebrikker og eit nett i silke. Alt i fine roed og gule og groene nyansar...... og eit nytt laosskjoert kunne eg ikkje avse. Det var sjoelvsagt og i roedt.
Godt noegd tok eg fly heim som resulterte i nok ein heil dag i Bangkok foer eg tok fly nordover til Ubon.

........og neste helg tek eg med mitt nye pass og dreg til Laos att. ( jentetur med mi pedagogvenninne Hilde som skal ha visatur til Savannahket)

2 kommentarer:

Hilde i Thailand sa...

Hei, Kjersti!
Jaja...her gleda vi oss til tur til Savannaket, og så var kontoret stengt! Så vi har vært her i helga, og gjort det vi er best på: skredderbesøk, cafè, marked +++
Kjempekoselig å ha deg i Mukdahan!! Jeg setter stor pris på at du bor her! Velkommen til Bangkok!
Klem fra Hilde.

Ellen Sofie Hetta sa...

Så spennende! Kjekt å lese dine interessante tanker, betraktninger og observasjoner av ting fra Moktahan og dine reiser!Jeg er glad for at jeg fikk gitt skolen og den norske klassen en liten visitt og hilst på deg før jeg dro! Gode tanker, bønn for uken og neste reise med Hilde fra Ellen sofie