fredag 14. mars 2008

Ønskjer alle ei god Påske fylt med glade påskefargar

GULT ER KULT.......


På skulen har me hatt gul dag. Påska er rett rundt hjørnet og dermed har me vore innom påskeevangeliet, påskefargane, påskeegget, påskeharen,påskekyllingen og påskelammet....

Me hadde gul lunch ute i det fri på torsdag. På himmelen var det til og med gul sol og temperaturen låg rundt 30C.


Men eit fint påskebord i påskefargar og med gul mat og drikke, der nylaga kyllingar med ski på beina fekk pynta opp, blei det påskestemning hos oss og.


Her males det påskeegg. Egget som er eit symbol på nytt liv, våren og Jesu oppstode blei dekorert med varsame hender i dei flottaste fargar.

Det var vanskeleg å stoppa. Det hjalp ikkje om læraren meinte egget var nydeleg. Må berre ha litt til , litt til og litt til farge....sa kunstnarane











Det var godt å ha lunchen under halvtaket i skuggen. Her er det ingen vår der naturen så vidt begynner å vakna i lyse vårfargar. Sist helg kom sommaren for fullt. Sol kvar dag og blomar i sterke fargar på busk og tre.










Hurra for Bok Sophie som blei 12år .

Det er alltid stas med bursdagsbarn. Flagg og gåve og song oppi påsketemaet var på sin plass når eldstemann i klassen skulle hyllast.

Eg tenkjer jentene har fått god forståing for kvifor me feirer påske og korleis me pyntar og dekorerer heimen vår i takt med naturen.

Det er litt verre med thaiassistenten i klassen. Ho oversett alt eg seier til thai. Når eg underviste rundt påskedagane våre rynka ho på nasa over alt det ``rare ``eg sa ,og ho såg spørjande på meg og sa Why, what`????????? Det er sjelden eg ikkje gir forklaring, men alt dette var såpass nytt for elevane og ,så eg måtte fort sei til ho....... berre oversett........spør meg etterpå. Elles måtte me nok hatt ei veke til for å koma gjennom påskeevangeliet. Men me kom oss i mål både med alvoret og påskekosen......... og assistenten fekk også sine svar etter kvart.

Med desse påskejentene sender eg alle lesarar eit kjempestort påskeegg overfylt med verdas beste godsaker.

GOD PÅSKE!

Ingen kommentarer: