torsdag 25. oktober 2007

LAOS, landet som ein så lett gloeymer



Prosjekt :skulebarn i LAOS. Min kollega Marit med ektemann og nevoe er engasjert i sitt eige prosjekt i Laos . I fem år har dei koeyrt rundt i byen Savannaket og vitja landsbyskular. I samarbeid med rektorane har dei plukka ut dei fattige barna blant dei fattigaste.







Marit og & har vitja alle familiane for å vurdera behov for hjelp.








Me var ein heil gjeng,10stk, som ankom Savannahket med buss onsdag i sist veke. Me blei henta i pickupen og vår faste plass blei på lasteplanet.
Me trivst godt der. Frisk luft og sol gav oss ei kjensle av ein eksotisk livsstil.






Det var interessant og vera med ut på skulane, henta dei utvalgte barna og ta dei med i bilen. Rektoren deira var og med på heimebesoka.Den fyrste dagen var med på ein nyutvalgt skule der ingen hadde opplevd dette tidlegare. Mange inntrykk feste seg på linsa. Fattigdommen er stor. Mange legg seg svoltne kvar dag. Ikkje alle har pengar. Dei får bu gratis mot å halda oppsyn med plantasjar. Nokre livnærer seg med å selge innsekt og frukt som dei sankar. Andre jobbar på rismarkene og nokre brenn tre til kol som dei selg. Uansett kor fattige dei var så var alle gjestfrie og smilande. Dei som hadde noko å handla for sette alltid vatn fram til oss og dei kosta rismatter og planker slik at me skulle få sitta bra under vitjinga. For ein mangeårig sosiallærar var det utruleg givande å hoerya Marit intervjua foeresette om tilhoeva i familien. Observasjonsbrillene mine var på plass med ein gong. Mange spoersmål dukka opp og etter kvart lærte eg å skilja mellom dei som hadde det tilfredstillande og dei som var på smertegrensa blant dei fattige av dei fattigaste i dette landet. Besteforeldre som forsoerga barn og barnebarn, besteforeldre som var aleine med barnebarn, sjuke foreldre som hadde ein stor barneflokk, familiar med sjuke barn og einslege forsoergjarar.







Me fekk hoeyra historiar som fekk tårene fram hos både givar og mottakar. Ein fattig far med ein liten son kledd i filler hadde store bekymringar om framtida. Eldstesonen satt i fengsel og han var ikkje i stand til å arbeida eller skaffa familien mat.
Alle treng hjelp, men også her er der eit budsjett. Det er toeft å velja ut, men dei som får hjelp blir fulgt opp til dei går ut av ungdomskulen. Marit håper no på å foelgja opp kvar enkelt til og med v.gåande. Det er ikkje skuleplikt i Laos. Mange barn sluttar av skulen etter 5.klasse. Det kostar kr300 pr år å halda eit barn på skulen.






Prosjektet hjelper pr. dags dato ca 500barn.







Det var intense dagar, men glade dagar og gode dagar sjoelv om mykje var trist og tungt og fordoeya. Det er så lite som skal til for å gleda dette folket
og det gjer noko positivt tilbake. Denne dama her t.d . Ho har foedt 12 barn og er no 48år. Strålande vakker var ho og ho viste stolt fram det siste vidunderet medan hennar mann fortalte og fortalte og vitsa og lo og kledde seg opp i finstasen når me skulle ta bilete. Dei hadde det godt ilag sjoelv om dei hadde mista 5 barn og var svært fattige. Legg merke til kor reint det er rundt huset eller skuret som me ville kalt det.





















Ei anna kvinne kom heim frå markene medan me var der. Dei budde langt ute i jungelen. Guten hennar gjekk barbeint 1t kvar dag til skulen. I lunchen gjekk han den same vegen heimatt for så å gå tilbake og heim nok ein gong. Han spenstige mor ville vise oss korleis ho sanka innsekt som ho selde. På huk i reser fart spadde ho opp ein gillo, ein slags grashoppe. Innmaten blir teke ut og så blir han steikt i olje og krydder. Ho lova å ta det med som gåve den dagen me skulle levera ut skulepakkane.












Det var god stemning på skulane den dagen bilen kom med skulepakkar. Kvar elev blei ropt opp og kom fram for å ta imot. Eg fekk ei lita julestemning i hjartet av å sjå på. Etterpå blei ungane fotografert i lag med sine foeresette. To blinde jenter fekk og pakke. Eg fekk vera med den eine og proeva klede. Det var ikkje alt som passa, men då bytta dei innbyrdes.





Skuleuniform, sko, vinterjakke, toalettsaker, tannkost, og skriveboeker og blyanter er inhaldet i desse viktige dyrebare pakkane som dei får ein gong i året. Kjempestas for elevane. Dei er så glad for å få gå på skulen. Her er det ingen skulking.










Elevane sitt fint på rad og rekke. Alle har skriveboeker, men det er ikkje klassesett av læreboekene. Dei må det delast på. Det er ulik alder i klassane for nokre elevar har starta tidleg og nokre har starta seint. Det er ikkje uvanleg at


ein 8åring og ein 10åring går ilang i 2.klasse.




Skulegong er viktig for dei foeresette. Dei er så takknemleg for at dei får hjelp til dette. Prosjektet har som mål at den som får hjelp skal få seg ei utdanning slik at det kan kome både den utvalgte og familien til nytte. Det er ikkje uvanleg at familien sender gutar til tempelet. Då blir det ein munn mindre og mette.



Derfor var det så givande å foelgja Marit rundt på alle skulane og i heimane. Den store takksemda som låg utanpå liten og stor i tjukke lag er gull verd å ta med seg heim.



På utdelingsdagen hadde mange med seg gåver som t.d kokusnoetter og gilloar, og me steikte gilloar på hotellet og åt........ joda, sproett og godt , likna litt på chips... KNASK KNASK





































Ikkje alle hus såg ut som skur, det vil sei ikkje alle i landsbyen. Innimellom skura kunne ein finne slike Hoeghus på på påler. Eg lure på kven som bur i eit slikt midt inni ein fattig landsby???












BARN...........var det mange av, men har du sett for eit lite vidunder...... Joda eg begynne å bli klar for bestemorrollen kjenne eg når eg får ein slik nydeleg liten bult i armane. Mange skuelystne frå nabolaget kom til skulen for å se når me var der, og denne lille karen her har det bra trur eg.

















DING DONG.....rrrrrrrrrr. Det ringer inn til ny læringsoekt og kreativiteten bloeme under små kår. Ein utgått felg gjer nytten.

















Uten mat og drikke, duger heller ikkje hjelpearbeidarar..... Maten i Laos er like god som i Thailand. Ein får ikkje tid til å vera på slanking. Kvart måltid er eit varmt måltid og porsjonane er gode til ein billig penge. Det er spanande og proeva noko nytt....sort sett då. Gillo er ein ting, men denne gongen var det hund. Ein eigen hunderestaurant tok mannen til Marit oss med på. Sjoelv er han ein hardbarka jeger og han åt med stoerste apetitt. Han sa det var lite tilbehoer til. Forstod det slik at dei infoedte koste seg med hundekjoett og wisky/oel på same måte som ein har fenalår og tilbehoer heime. Tja,,,,, det falt ikkje heilt i smak?????
























Ris ete me kvar dag og det er eksotisk å sjå dei store rismarkene med alle arbeidarane i sine store runde hattar. Like fasinerande er det å se det liggja til toerk i buntar i landsbyane. Alle kryssar fingrar for at avlingane skal bli gode.












Dette er ein familie der ein opplever utvikling. Familien har vore i prosjektet nokre år. Far har fått seg jobb som sjåfoer. Dei har bygd på huset og fått vegger og dei har 3 barn som dei klarer å foelgja opp. Eg synst jo at fattigdommen auker med antall barn, og når barn får eigne barn igjen og alle skal bu under same tak så blir det mange munnar å metta etter kvart.




Kva med å leggja kondomer i skulepakken, tenkjer eg då????? Det er ikkje alt ein snakka om i dette lille landet som mange berre reiser gjennom. Thailand, Vietnam og Kina er meir interessante for dei fleiste. Laos ligg der med seg sjoelv og styresettet hindrer alt snakk om politikk og religion. Så kjekt å få oppleva at det nytte å stoppa opp her og se seg om i dette landet som ligg mange år bak Europa i utvkling og velstand. Det er mogleg å bidra med midler og hjelp og utvikling slik at nokon av dei svakaste i samfunnet går ein litt bedre kvardag i moete. Eg bur i smilets land, men jammen smiler dei her og. Denne gamle dama var forsoergjaren i ein av familiane me var innom. Eg såg at leppene var så raude og fine hos ein del av den kvinnelege befolkninga. Dei har pynta seg med leppestift tenkte eg, men dei du ...dei tygde på dametobakk fekk eg vita av Sadat, mannen til Marit. Vil ein ikkje ha hol i tennene så tygg tobakk var rådet frå dette familieoverhovudet. Ho tok ei frukt og knuste ho og så blanda ho ho med noko og la alt inni eit blad. Tygg du lenge nok blir du raud og fin i heile, absolutt heile kjeften. Vær så god.......


Me er jo i landet for å proeva ut ting og det gjorde eg,,,,, men det svei gitt. Mitt spytt blanda seg med andre raude spytteklyser på bakken under huset.

































Då er der heldigvis andre kjekkare ting å proeva. Stoff på stoff i mengder...... Mi gode romvenninne,Hilde tråkka byen rundt på kveldstid og fant både det eine og det andre. Me måtte berre ha det typiske Laos-skjoertet. Eit hav av fargar og moenstre, men me landa til slutt og fekk skreddersydde skjoert med oss i kofferten .
Dei tok me på oss den 5. og siste dagen i Laos. Skreddaren var så stolt av og visa oss fram. Ute på gata blei me stoppa for å få komplement. Me tok ein tok tok ut av byen for å se Laos eldste tempel. Her måtte me ha skjoert på og igjen blei det stor merksamd når me kom i Laoskjoert.
Det er ikkje få tempel i Asia, men dette var spesielt for det var mykje gammalt samstundes med at nytt blei bygd opp att. Her fekk me og prata med snauklippa nonner . Dei var like munkar og sjå til. Me fekk med oss velsigning om eit godt liv på returen.
Dermed var det retur frå Savannahket. Velsigninga tek me med oss til Marit og &.. Dette er eit prosjekt som er vel verdt å stoette opp om. Hjelpa når fram og går direkte til dei som treng ho.
Eg håpar eg kjem attende.
p.s I mogon dreg eg til Laos igjen. Hovudstaden denne gong p.g.a tursitvisumet mitt. Har vore på farten 3 helger på rad. Kunne vore fint med ei helg i ro i heimen,,,,,,,men men. Dama i farta har pakka kofferten for 6 nye dagar i Vientiane, Laos.





























2 kommentarer:

Unknown sa...

Hei!
Du er utrolig flink til å skrive. Det er kjekt å lese. Virker som om kvardagen der nede er fylt med nye opplevelser.
Blir veldig rørt når eg les om dei fattige og får dårleg smvittighet over at vi klager over dårleg råd. Det har vi jo egentlig ikkje sammenliknet med andre. Viktig vi setter pris på det vi har.
Du snakket jo om at håland skule skulle starte et bidragsprosjekt...husker ikkje helt. men Det virket som et veldig bra proskjekt å støtte. Det tross alt veldig lite som skal til for å holde et barn på skolen. Skulle gjerne hjulpet til.
ellers så kjenner jeg presse når du begynner å snakke om barnebarn;) ....men tviler litt på at det skjer med det første:)
kos deg videre. Me talast på Skype.
klem

Hilde i Thailand sa...

Hei, Kjersti!!
her satt vi, Karin, Robert og Hilde og leste så øyet ble stort og vått...Så artig, og å se bilder av deg som JEG tok da vi var der...Kjempekoselig tur sammens!! Kåtåtkha for at jeg overtok dyna første natta. Er ikke vant til å dele den med noen, haha.
Vi snakkes/treffes, Kjersti!
NB: Sprekt forslag ang. kondomene...