Etter 3t i buss var eg ved grensa til Malaysia. Det blei busskifte og ein 9t lang tur før eg kom til hovudstaden, Kuala Lumpur.Her var det ikkje palmer, men skyskraparar som dominerte landskapet.
Eg kom tidleg om morgonen (0300) og husverten på backpackers hotellet var rask med å fortelja meg kva eg burde sjå i denne byen.
Petronas twin towers er eit landemerke og vel verdt eit besøk. Det er gratis og ta turen med guide opp i tårna, og derfor er det lang lang kø frå tidleg morgon.
Etter 1,5t i kø fekk me billett til brua mellom tårna.
Det var litt av ei utsikt.
Byggverket er sett saman av unike stålkonstruksjonar. Ikkje rart at dette området er eit populært konferansesenter i byen.
Backpaker ungdom er ikkje interessert i turar, dei har ikkje lommebok til det, men over vegen var det mange som ville på tur ....... og då blei det både dagsturar og kveldsturar på meg og.

Handcraft batikk og maskinbatikk. Eg fekk koma inn i ein batikkfabrikk.
Kjøpte eg noko????? Berre eit lite strandskjørt og ei slentrebukse.......
Det er lenge sidan tinn har vore på moten i Noreg, men i Malaysia var det ein stor eksportvare. Me vitja Royal Selangor Pewter. Denne fabrikken har vore i drift i generasjonar og det er ``pewter``, ei tinnlegering som er verdfull og populær.
Tvillingtårna er jo av stål. Ikkje rart at denne fabrikken hadde si utgåve av tårna.Denne dama bankar med jamn rytme små hakk i eit drikkebeger. For ein jobb, og det var ikkje få ho gjorde i løpet av ein dag opptil fleire hundre.
Fjell i sikte....Limestone hills of Batu Caves. Lord Murugah (hindu) vokter fjellet.
Det er godt eg har godt trappene i Flørli fleire gonger. Mange sleit med desse 272 trappene opp til huleinngongen. På toppen venta 10 til for å komma inn til det hinduistiske tempelet .

Den siste dagen spanderte eg på meg ein kveldstur på byen. Eg tok følge med ei mor og ei gravid dotter frå Indonesia. Dei var på jentetur og me to mammene var i same båt. Me venta begge på vårt fyrste barnebarn.Kva skjular seg bak burkaen tru. Eg har lært at i heimen er det desse damene som styrar, men når dei er ute står dei fint i ro bak sin mann eller i lag med sine barn.
Fleire og fleire kvinner går vekk i frå denne svarte habbitten. Mange bar fargerike kjortlar
med hovudplagg som matcha og som ikkje dekka andletet, men kun håret.
Dei fleste bar likevel kun hovudplagg i silke og vanlege klede .
og ein seier sjølvsagt, ja takk til ein dans. Eg fekk prøva meg å dansa i takt med ein spenstig kar over stokker som blei slått mot kvarandre etter ein fast rytme. Artig, artig, (har det på film)
Dagane i Malaysia er over. Eg skal tilbake til Bangkok og ha nokre avsluttande dagar der med dansevenner frå Mukdahan. Det var gildt å sjå ein bit av Malaysia, men skal eg velgja meg eit ferieland så går Thailand framføre. Men blomane i Malaysia går langt føre blomane i Thailand. Her var det friske(ikkje kunstige som i nabolandet)blomar som pynta gatebiletet. Store flotte friske bukettar i utrulege fargar. Eg hadde kjøpt med meg 10 bukettar dersom eg skulle heim til huset i Mukdahan.
1 kommentar:
Så kjekt å lesa om Malaysia for oss som enno ikkje har vore der! Vonar du no har fine sommar-dagar heime på Sola. Her regnar det i Hua Hin...
Legg inn en kommentar