lørdag 8. desember 2007

DEN STORE BURSDAGSFESTEN

5.desember blei kongen 80år. Den blå fargen i flagget





er symbolet på kongen, den kvite står for buddhismen og den roede står for landet og folket. Kongen deltek ikkje politisk, men han har likevel ein utruleg moralsk autoritet og makt hos folket sitt. Kong Bhumibol kom på trona som 18åring og med sine 61år på trona er han monarken med verdas lengste regjeringstid. I lag med si dronning Sirikit eig han store landområde og i hoeve til store private investeringar står han for si eiga inntekt. Kongedoemmet kostar ikkje statskassen noko.





Ein polulær monark blei hylla til gangs i parken i Mukdahan. Arrangementet starta klokka seks og slutta av klokka 2130. Det var dans og underhaldning frå ei stor scene. Mange kom marsjerande inn i parken og stilte seg opp framfoere scena. (korps,idrettslag,skuleklassar). Plutseleg blei alt moerklagt. Folk tente lys og heldt dei opp medan dei sang kongesongen. Det er 2 songar, ein som berre er kongen sin og ein som er kongeparet sin.






Det var nydeleg. Så starta fyrverkeriet. Heilt
utruleg. Foerst rundt oss, der lystavler og gjerder suksessivt blei tent og deretter endra himmelen seg til eit eldorado av fargar rett over oss. Så synd at det var for moerkt for mitt kamera til å fanga opp denne gode opplevinga.





(Karin, eg satsar på at du sender over nokre bilete til meg. Du er superfotografen vår)









På St.Joseph school starta det heile den 4. sidan den 5. er offentleg fridag (me tok ikkje fri).


The father, rektoren delte ut småkjeks frå store spann til elevane på morgonoppstillinga.





Etterpå var det stor fest i lunchsalen for klasse barnehage-3.klasse. 4-6klasse skulle ha sitt eige opplegg etter lunch. Her var det pynta i gult og blått og kongebiletet var sjoelvsagt på plass. Alle foeresette var invitert og nokre utvalgte fedre. Kongen er landsfaderen og denne dagen skulle elevane hedra andre fedre. Her kjem dei opp å scena og gir sin far blomar og klemmar.

Her sitt heile barnehagen på golvet heilt framst i håp om å få sjå noko av underhaldninga. Mange folk og ikkje lett å sjå scena for dei som sitt på benker bakerst slik mine elevar gjorde.
(men eg tok dei med fram for eg skulle jo ta bilete)






Desse jentene under rettleiing av sin lærar viste oss thaidans i thaikostyme. Dei er så fine i roerslene sine. I skrivande stund oever eg og på dette i lag med 50 lærarar( 21.des skal det vera stor avslutningsfest på kveldstid på skulen)













3.klasse underheldt og med dans i dongeri og gule kongeskjorter til ære for kongen. Det var kjekt å se at det går an og dansa i anna plagg enn thaiklede.


Barnehageborna hadde til og med sin eigen dans. Nokre var pynta i sin fine sommarkjole med hestehale i
håret og gutane i finbukser. Andre hadde vore hos frisoer
og blitt "jålejenter" i stivpynta kjoler og dress. Men ungar er ungar heldigvis. På scena var dei skjoenne og naturlege der dei utfoerte ein enkel dans gutt og jente.






.Og her er dei unge jentene som verkeleg kan sine ting. Faktisk så har dei hatt meg og i eit lite kurs .









Her er me i parken igjen den 5.desember. Alle hadde på seg gule t-skjorter. Etter ein runde aleine på området kom dei unge Hald-studinene (eg hadde tipsa dei om arrangementet). Me blei så godt mottekne. Mange ville ta bilete ilag med oss

Parken likna litt på gladmatfestivalen heime. Her var bod på bod med god mat og alt var GRATIS. Me blei stappmette, for dei lokale ville me skulle prove alt. Dei foelte seg beæra over at me smakte deira mat.


Her har gladmaten litt og lære gitt.





NESTE DAG ER EG I DEN SAME PARKEN NOK EIN GONG, me er ikkje heilt ferdig med kongen sin bursdag.


Til inntekt for eit av kongens mange stoetteprosjekt (denne gong aidssjuke) blei det arrangert ein mannekengoppvisning med fleire viktige personar til stade( ordfoerar,gurvernoer)


Kun chuu aray kha? ......... Dichan chuu Kjersti kha.



Kva heiter denne damen..... det er faktisk meg pynta frå topp til tå i

oransje( sii som)
Klokka 1400 var det rett til frisoer og der var eg i 2,5t for å bli pynta til kvelden som starta kl 1700. Eg blei kvitna ned. Det er fint å vera kvit i Thailand. Alle kroppsprodukt inneheld whitening i kremar og slikt. Eg var rett og slett for brun i fjes og armar og nakke/hals. Så her er resultatet. Foelte meg ikkje heilt vel gitt, uvant med så mykje sminke, men men kva gjer ein ikkje for slik ei spesiell oppleving........once in a thime.


Her er tre likesinna. Ingen av oss er proffe mannekenger så vi er i samme båt. Fotografane stod i koe. Vi skal ta bilete ein og ein både ståande og sittande med fine kulisser rundt oss.



Foerste pulje ut skulle konkurrere om plassering. Dei blei kåra etter utstråling, fin kjole og om personen kledde kjolen. Ei pengegåve på 5000 baht var premien.

Mange flotte kjolar og damer.


Og flott scene, men den utstikkaren virka veeeldig lang denne kvelden. Plutseleg var det min tur. Eg skulle gå i lag med ei nydeleg thaidame. To og to om gongen.

Synd at det er så moerkt. Men heilt bak der, under kongebiletet står dischan Kjersti og er klar for catwalken

(Karin, eg satse på deg igjen. Det er så kjekt med desse unge damene som gidd å foelgja denne godt voksne dama rundt om i Mukdahan)


Ja, ja er det slik det er å ver mannekeng. Eg måtte til og med boeya med ned og ta i mot blomar som eg fekk. The father/rektor hadde og tinga seg eit bord ilag med 10 lærarar frå St.Joseph. Dei var så stolte når speaker opplyste kor eg jobba. Knipsing og knipsing og filming.
Det blei ein lang kveld med mykje venting(typisk thai). Klokka 2200 var eg heime. Det var godt å få kvila ut, og det var det for mine auge og. Det var fyrste og siste gong med lause vipper. Erin no er dei ledige!!!
Min kollega Eirin som og gjekk catwalk ilag med kollega Maria vil så gjerna ha desse. Dei nyt å juksa litt thaiane når dei skal pynta seg, både over bringa og i augo.
Men ein annleis kveld var det, og kjolen heng fint på veggen på soverommet og ventar på eit nytt hoeve til å visa seg fram.
I dag skin sola. Eg skal ut og sola meg og i kveld tenner eg det 2.adventlyset. Denne helga har eg hatt eit lite snev av heimlengt. Eg saknar adventstundene heime i lag med mine kjære, julekonsertane, lysmessa, julebakstlukta og julegloeggen ilag med venner. Det var så gildt å gå i postkassa her om dagen. Kristi Beate har sendt meg to cd-ar med julemusikk. Ein til klasserommet og ein til bruk i heimen. Ho julete mora si.
Så nå nyt eg julemusikken og gode minner frå advent i Norge.
SÅ TENNER ME 2 LYS I DAG. TO LYS FOR HÅP OG GLEDE

















1 kommentar:

Kjartan, Eirin, Kaja og Mathea Sørheim sa...

Endeligt e vippene ledige! Nå må eg bare finna ein passande anleding te å brua dei. Ka syns du om julaften? Kanskje dei kan gå som " den lille sorte"?

Eirin