fredag 21. desember 2007

OG SÅ KOM NISSEN FRAM....

Endeleg fekk nissen lov til å kome fram i klasserommet. Adeventstida er snart over. Til helga tenner me det 4.lyset og då er det JUL.

Denne siste skuleveka har vore "julete". Me har oevd til den store julefesten på skulen, me har hatt nissedag og me har roert litt på oss igjen.

HEI HÅ no er det jul igjen, og då kjem NISSEN fram...




Min heimelaga 30år gamle juleduk var fin å ha med seg i klasserommet når historia om den norske julenissen skulle fram i lyset (visste du foresten at han er liten og at han bur på låven, fjellet eller på loftet og han har roedt skjegg nesten heile året. Det blir kvitt berre til jul,,,,,)





Oeve, Oeve jamnt og trutt og tappert det er tingen. Jammen greit å heite Oevestad i desse tapre oevetider då både stor og liten veit at oeving gjer meister.
Thaidans er ingen enkel sak for oss farangar/utlendingar. Både lærarar og elevar skal opptre med thaidans. Mine elevar klarer seg utmerka. Det er litt verre med dei elegante roerslene for den lange kvite kroppen bakerst i rekkja.
Midt i veka hadde me nissedag. Alle var kledd i roedt og dagen starta med at me laga oss norske julenissar,men foerst måtte me få kjennskap til korleis han er. Kva har c.?hruu Kjersti i posen mon tro?



" Chruu Bla er stadig innom det norske klasserommet....Å ÅÅ den nissen var soet. OK då, ho fekk laga ein og den har fått sin plass i bilen med sida av "buddhafiguren" Det er hardt å vera nisse i desse dagar. Alt skal bli ferdig til jul. Julegåvene skulle og pakkast inn denne dagen. Men nissemor Oen Ragnhild har kontroll på julejobbinga si.




Etter nisseverkstaden var det full fart til den norske barnehage. Her fortalte me barna om den norske julenissen, me song i lag og gjekk rundt juletreet i lag og så laga meg nokre nye roersler til enkelte songar som dei små ikkje hadde vore med på foer.
Barnehagen serverte oss god lunch og då var det opplagt at me måtte bidra litt. Me dansa ein slags ringsving dans etter musevisa og så dansa og song me ein slags engelsk varant av ,,,så går vi rundt om en enebærbusk. Til slutt fekk me sjå ei framsyning av barnehagen. Dei dramatiserte juleevangeliet for oss og så dansa dei til julesongar. Dei var kjempeflinke. Foreldra var inviterte og me fekk og hoeve til å visa den eine dansen vår foer me hasta vidara til oevinga.
Siste skuledag og fredag kveld var det JULEFEST for heile St. Joseph school. Alle klassar og lærarar skulle fram på den store scena som var laga i ulike trappesteg. Så her var det ikkje så godt å skjula seg om du stod i siste rekkje. (den var jo hoegast). Dette starta klokka 1700 og var ferdig 2200. Ein av thailands stor filmstjerner var invitert. Ho avslutta showet.
.........Og desse 3 damene er klare for å gjera ein innsats i showet. Alle 3 har vore og pynta seg på hår og i ansikt. Den store slapp dei falske augevippene denne gong og det var ei letta.

Her er barnehagen i gong, og vår kjære Boa(dotter av gartnaren og vaskehjelp til fam.Soerheim.

Se den fine burgunder og roede kjolen. Ho var eit syn, og takten den var ho god på gitt.
380 bord med 8 stoler på kvar stod klar for gjestene. Ingen norsk skule kan stilla opp med slikt. Og her var det servering. Kva seier dokk på Håland skule? Legg merke til scena bak i biletet.
Nok ein barnehageklasse på podiet. Dei små er flotte uansett kva dei gjer og kostymene er det ikkje noko å seia på. Her var det nokre som smilte og vrikka seg sanselaus, medan andre gret og stod heilt stilt og berre oenskja seg ned i fanget til mamma eller pappa.

Oisan, her er lærarane og på plass i sine vippeskjoert. Den store dama klarte å skjula seg litt med å gå litt ned i knærne.

Men desse flotte damene trong ikkje skjula seg. Dei dansa og smilte og var rett og slett skjoenne i sine kostymer.


og slik har skulen sett ut ei stund no. Thaiane liker og pynta og det har dei gjort til gagns. I gangar, i klasserom og utanpå balkongane heng det julepynt. No skal skulen kvila. Thaiane har fri til 27.des og me har fri til 3.januar.

Dette juletreet er eit syn på kveldstid der det står så fint på sida av scena og lyser i kveldsmoerket. Når me gjekk heim frå festen så lyste det nok siste gong for oss. Då vil eg berre få oenskja mine lesarar ei velsigna god julehelg og eit nytt, spanande og flott år 2008.
I kveld dreg eg til Bangkok og så sitt eg på flyet til Vietnam 24.desember.
GOD jul.





2 kommentarer:

Kari Skår Sørheim sa...

Hei Kjersti!
Kjekt å sjå kor flott du lagar til for borna "våre". Du har ei viktig oppgåve og det ser ut som du trivest!
Dette er ei lita julehelsing frå Kaja si bestemor i Masfjorden-eg ønskjer deg ei god jul og gler meg til å helsa på deg til påske!

Engesbak sa...

God Jul og Godt Nyttår til deg Kjersti. Hilsen Audun