Dette er ein fredag morgon i slutten av november rett foer kl 0800. Jentene er akkurat ferdig med å delta i sportsparaden som var opningen på ein heilt spesiell dag denne morgonen..........

Flagget blir mykje brukt i Thailand og elevane er godt vant med å gå i flaggborg .
Marsjere kan dei og. Eit to, eit to...beine rekkjer er dei og vant med.

Me hoeyrer til gruppe "blå" og slik blei resultatet etter at frisoeren hadde fått pynta jentene. Dei var tidleg på an. Klokka 0500 hadde jentene time hos frisoer denne dagen. Ingen moedre fekk lov til å proeve seg på håret. Denne dagen var kun ekspertise akseptert. Jentene måtte vera ferdige til Paraden som starta kl 0700 .
Litt spente var dei, og mange bilete måtte læraren ta for flotte var dei.

Og her var ho igjen ho vetle jenta frå barnehagen. Pappaen var rundt alle hjoerner for å knipsa .
Bak kvar utkledde farge gjekk alle andre elevar i sine vanlege gymtroeyer i samme fargen som drillkorpeset.


Etter eit par timar var sportsdagen igong. Hoegtideleg opning av leiinga på skulen og tenning av OL -eld. Mine elevar skulle vera med på springing. Det blei ein del venting og det er og thai elevar vant med. Mange spente barn var det i koeane. 
Ikkje så rart det kanskje. Det kunne jo vera ein stakk av med ein av desse fine premiane.
Mellom kvar aktivitet hadde kvar farge eit danseprogam som dei viste fram. Dei konkurrerte om plassering i denne framsyninga. Ein jury foelgde godt med.
Ein gild og lang dag blei det for alle og framfor alt annleis.
Det var godt med helg dagen derpå. Ei helg som thaiane feira fullmånen, ein fullmånefestival.
Langs heile Mekongfloden satt det menneske og laga slike blomar. Botnen er stammen av banantreet. Oppi dekorerer dei med banantreblader. Til slutt legg dei oppi nokre blomar og lys. Lysa blir tent om kvelden og dekorasjonen blir sett på elva. Det er for å takka for at dei har vatn, noko som er ei livsgåve og så er det eit oenskje om eit godt liv. Nydeleg når det er moerkt. Det var nesten som eg kom i adventstemning. Gode lukter, for dei grilla frukt og dei hadde laga noko som minna om krumkaker. Fullmånefestivalen var siste helga i november.
Ein gild og lang dag blei det for alle og framfor alt annleis.
Det var godt med helg dagen derpå. Ei helg som thaiane feira fullmånen, ein fullmånefestival.
Helga etterpå var det ADVENT....
Det er den finaste tida på året for meg. Roen, ettertanken, stemninga, håpet, ,,,,
Det er ikkje så mykje som minnar om advent her nei. Julepynt(glorete) og juletre finst i alle butikker, men stemningen som heim...... nei og nei. Den må ein laga sjoelv.... og for eit julemenneske som meg så har eg starta med adventsstaken.
I HELGA BLEI DET FYRSTE LYSET TENT i stova i Khamsaithong Rd, Mukdahan.
Ha ei velsigna god adventstid alle kjente og kjære.
4 kommentarer:
Hei Kjersti!
Vi har tent adventslysa i Andreesgate også. Savner adventstreffet ditt. Hadde tenkt å steppe inn, men du kjenner meg nok så godt at du vet det blir bare med tanken. Skulle gjerne vært med på Fullmånefestivalen. Det hørtes fantastisk flott ut. Vi snakkes på Skype før jul. Skal treffe Alvhild og Jan i kveld. Skal hilse så mye fra deg. Ha en god førjulstid.
Karin og Kristian
Hei Kjersti!
Adventsstaken er tent i Andreesgate også. Vi savner adventstreffet på Sola. Tenkte litt på å steppe in for deg, men du kjenner meg godt nok til å vite at det ble bare med tanken. Månefesten må ha vært en opplevelse. Jeg har bare sett dette på fjernsyn. Vi snakkes på Skype før jul. Ha en god førjulstid.
Karin og Kristian
Tjan-lak-kon!
Hei til "super bloggaren". Veldig spennende å følge med på det som blir lagt inn her Kjersti.Kjempesider.
Legg inn en kommentar