lørdag 15. september 2007






NO ER SKULEN I GONG.

St.Josepth school i Mukdahan er ein katolsk skule. Me har fått klasserom i den nye delen som stod ferdig når skulen opna i mai 2007. Balkongen 2etg. til venstre er vår. Me har kjoept inn det meste frå viskelær til datautstyr, men skuleboekene frå Noreg lar venta på seg. Oppstart utan skuleboeker er ingen oenskjedraum for ein lærar. Då blei det å ta i bruk all kreativ sosialpedagogisk tankegong og koeyra på med oppgåver og leik innan samarbeid,refleksjon, rutinar,forming og gymnastikk. Klassrommet er ikkje så stort, men me har fått plass til det me treng for å gjera det koseleg og funksjonelt.
No har me vore i gong i 1 1/2 veke. Den fyrste skuledagen var ekstra spanande for dei to 2.klassingane og foreldra deira og læraren. Skulen er så begeistra over å ha engelsktalande blant kollegiet så læraren frå Noreg måtte opp på podiet og ha ein lite tale på engelsk. Helst oenskje rektor seg ein slik tale kvar veke, men eg har klart å gjera han noegd med at ein gong kvar annan veke får klare seg. Elevane har engelsk, men dei lærer ikkje å kommunisera. Dei lærer seg "fraser". Så når eg sa -good morning, how are you" så kom svaret unisont frå alle 1400 elevane. Dagane fyk avgarde. Me har lunch ilag med skulen og då blir med teke ekstra godt vare på. Me slepp å stå i koe, og lærarane held plass til oss. Friminutta har me foerebels for oss sjoelv for mine elevar foeler det litt trykkande når ein skokk med ungar fotfoelg oss heile tida for det er så spanande med "the norwegian class". Me har invitert 3.4 elevar inn i klasserommet av og til for å la dei leike/ha forming ilag med mine. Det fungerer godt. I skrivande stund er og læreboekene på plass. Dei kom igår så neste veke blir heilt klart ei god lærebok veke for lærar og elevar. Alle boekene er nye av året og me gler oss til å ta fatt på dei.
Det er kjekt om du som les dette tek deg tid til helsing via denne sida eller mailen.
Tusen takk :)




1 kommentar:

Inger Mai sa...

Heia Kjersti! Spennende og trivelig lesing på bloggen din. Ville bare sende deg en hilsen og klem og ønske deg videre gode dager i varmen. Godt å høre at bøkene er kommet frem. Visste at du ville klare dette oppdraget Sg+. Vi her oppe, på berget i nord, får leve i spenning til neste gang vi leser nytt fra deg......
Dette bare en hilsen fra meg til deg. Klem så lenge! :o)