torsdag 6. september 2007

No har eg landa.....



Hei
To veker er gått sidan eg landa i Bangkok og tok fly vidare til Ubon. Der blei eg moett av to smilande kollegaer som koeyrte meg i 2,5t opp til Mukdahan.


Dagane har rast avgarde. Alt er nytt. Varmen, lukter, menneska, maten og bilkoeyring. Plutseleg ein dag stod ein raud pickup i hagen. Då blei det slutt på å ta den lokale mopedtaxien som blir kalla tok-tok. Noko som eg har blitt skikkeleg god til etter å ha våga meg på bytur aleine utan å skjoena noko som helst av språket. Det har godt bra. Engelsk og kroppsspråk får me til på eit vis. Med lapp i lomma på tai kor eg hoeyrer heime ,så har eg slutta å uroa meg over om eg finn vegen heim eller ei.
Men bilen og venstrekoeyring grudde eg fælt for. Det var ei rask opplæring. Ein handletur til byen aleine med å koerya etter ein kollega var det heile. Men no, eg koeyrer i 90.

Desse to vekene har vore fantastiske i min nye heim. Eg har fått lov til å vera turist. Ein opplever ein eigen ro i sjela når ein vandrar langs elvebreidden (Mekongelva) og kikkar innom den indokinesiske marknaden for å bli frista til handel. Handel blir det for her er det billig. Eit godt måltid ute kostar rundt 4-10kr og eit par sko 20kr.
Eg tek famna full av friske blomar heim kvar dag. Det går når prisen er 6kr. Derfor har eg planta i alle krukker eg har i hagen. Det er ei herleg oppleving å oppleva hagen frå balkongen medan skumringa kjem sigande. Her er det moerkt kl.1900.

Så langt nyt eg livet og dagane her i Mukdahan. Men dei er travle. Mykje planglegging og handling er ein del av det heile. Eg har handla inn til skulen,moebler og utstyr. Ungane kryr rundt deg når du helsar ``good morning``, og dei er mange. Totalt 1400 elevar. Alle skorne står på lang lang rekke utanfor doera når dei har undervisning.

Dei er spente på kva som skal foregå i rommet til -the norwegian class-.

I morgon startar me opp.Det skal bli spanande for våre skuleboeker er ikkje kome på plass enno.
Idag kom flyttelasset på doera. Kjempe å pakka ut. Mange moebler har eg fått handla her, men

private småting er med på å gjera det intimt og koseleg. Huset blir enno meir heimsleg. Eg trivst i denne gata der det er vanleg å ha fleire hundar og der kyr beiter langs hageporten.

Eg har lært meg noko av det viktigaste for thaiane. Det er å helsa, bukka. Dei er hjelpsame og svært vennlege. Noko som eg sett stor pris på. Ingen sure miner om du gjer ein feil . Alle smiler og tenkjer nok sitt, for neste gong klarer frua fra Noreg seg enno litt bedre i dei ulike settingane.
No har eg lært å gå barbeint inn i alle hus. Eg har lært å alltid setta fram vatn når eg har arbeidsfolk i huset. Eg veit at eg kan leggja veska på bordet når me et lunch. Ingen sett veska på bakken for den er skitten.

Språket blir neste utfordring. Eg skal gå på språkskule ein gong i veka gjennom heile året.















































Ingen kommentarer: