mandag 24. september 2007

Ein månad er passert i mitt "nye land"



Eg hoeyrer stadig om haust og stormar i Noreg. Då er det godt å kjenna på varmen som preger regntida her nede. Det kan regna godt på kveldar og netter. Morgonane og kveldane har behageleg temperatur, men dagane kan framleis vera vel varme når sola viser seg. I helga hadde me 34 grader. Doegnrytmen har endra seg i takt med tilvenning av thailivet. Ein står tidleg opp og er tidleg i seng. Varmen gjer ein litt "daff" i hoeve til fysisk aktivitet. Eg saknar turar og trim på sykkel og dans. Sykkel har eg kjoept meg, ein toeff oransje ein, men det er litt for mange hundar som spring laus. Eg må bli toeff nok til å ha med meg ein pinne som eg kan slå etter dei med. Gymtimane på skulen er gode og ha og då spesielt symjetimane i bassenget. Då koeyrer me avgarde til eit hotell og der nyt både lærar og elevar å få vera ute eit par timar og berre nyta det våte element.



Kvardagen går av seg sjoelv no. I heimen er alle blomekrukker planta med fargerike blomar(dette er jo eit orkiderike) og inventar, moebler og gardiner er ferdig montert. Sjoelv om ting kjem i typiske Ikeapakkar så er det alltid med arbeidskarar som pakkar ut og monterer. Det er perfekt for ein einebuar som meg. God service innstilling er eit varemerke hos thaiane. Ingen sak og handla og få koeyrt ting og tang heim i dette landet.



På skueln går og dagane av seg sjoelv. Me har fått boekene og nye boeker er alltid kjekt å ta fatt på. Denne veka har me hatt ein gjesteelev. Ei svensk thaijente har vore på besoek i klassen. Ho bur i Sverige men var på ferie i Thailand hos slekt. Det var kjekt. Ho snakka flytande svensk og dermed blei ho ein brubyggjar mellom mine norske og thaielevar. Ho skjoena norsk og ho omsette til thai. Det var ein fordel både inne i undervisninga og ute i frileiken.

Rektor på skulen er svært stolt over å ha oss på skulen. Her om dagen var han inne i klassen for å ta bilete av oss. Me er svært velkomne og skulen gjer sitt beste for at me skal ha det bra.

Lærarar kjem på vitjing i klassen og elevane på skulen vil svært gjerne bli kjend med den norske klassen.

Framleis har me lunch ilag med thaiskulen og denne veka har me og hatt midttimen/utetimen ilag med dei. Det skal vår thai-svenske elev ha æra for. Eg er imponert over organiseringa under lunchen. Elevane stiller opp i koe. Store gryter og serveringsdamer er på plass. Alle finn sin plass ved eit langbord, og i loepet av eit kvarter har alle ete og alt er rydda bort. Det vil sei , me i den norske klassen sitt igjen. Me treng litt ekstra tid på eting. Thai-elevane er i full leik eller i gong med å kjoepa snop, for alle elevar har pengar med til det . Snop blir solgt på skulen kvar dag, noko som tannhygiena viser. Våre elevar har med penger, men sparer dei i ein sjoelvlaga bank i klasserommet. Der held dei rekneskap over kva dei sparer, men kvar fredag unnar dei seg ein is. Me har og eit fruktmåltid kvar dag.

I nærleiken av byen vår er der ein stor flott nasjonalpark. Kanskje tek me ein klassetur der ein gong. Eg var der igår. Fantastiske sandsteinformasjonar,utsikt og fauna. Bilete kjem i neste brev.

Sawatikha






1 kommentar:

Unknown sa...

Hei!
Hørres spennende ut og eg gler meg til å komme ned å besøke deg. blir kjekt å se kos du har det. høres ut som du trives godt. det er bra. du har mye kjekt i møte.
glad i deg=)
klem