torsdag 24. januar 2008

PASSET HAR VORE PÅ TUR ALEINE medan eigaren måtte ein tur under ``kniven``

Endeleg kan damen smile.....


PASS OG EIGAR ER I LAG IGJEN, og begge er der dei var tenkt å vera forrige helg.


I SAVANNAHKET på besøk hos Hilde som var der p.g.a nytt visa.

Forrige veke starta med at eg hadde ein liten flørt nattestid med Mr. Mygg. Damer på 50 finn seg ikkje i den slags intimitet med framande så min sterke avvisning førte til at kavalerern la igjen eit lite visittkort på augelokket mitt.

Frå naturen si side er eg utstyrt med noko utståande auge (sjarmerande seier Roy), men det får nå vera måte på kor gavmild naturen skal vera. Auget blei større og større. Etter 5 dagar(avreisedagen) fekk eg råd hos misjonær Marit om og ta ein tur på sjukehuset. Der blei eg teke godt i mot. Fire sjukepleiarar var klar for å senda meg til legen( hugse du Lucia, det er jo DU,,,,kviskra dei seg i mellom). Legen var raskt framme med kniven og så blei det ein minioperasjon for å få vekk visittkortet som hadde gått innover (veit ikkje heilt kva det tydar då).

Dermed blei det to små poser med medisiner og rensing av sår hos lege kvar dag i 5dagar framover for meg, TJOHEI.

Berre for å gjera det heile komplett så måtte eg jo sjølvsagt sige litt om etter ``inngrepet``,dermed var eg litt sjabby når eg vel heime stod og pakka kofferten for å ta 1900-bussen til Savannahket.


KLAR-FERDIG-PAKKEA, men då var neimen ikkje passet mitt i sin vante skuff. Det låg nemleg i Bangkok ( for å få arbeidsløyvet mitt i boks) Igjen var Marit på banen med gode råd. Ein telefon og to , så kom vår alles så gode og hjelpsame Joke seg inn på kontoret og fekk sendt passet med nattbussen frå Bangkok til Mukdahan.


Tidleg neste morgon stod eg og venta på``livsnerva`` som kom reisande utan eigar og var kjempeklar for å følgja eigaren vidare med buss til nabobyen ,der Hilde ikkje hadde snøring på kvifor Mukdahandama ikkje dukka opp til avtalt tid.

Veka fram mot sist helg var ei veke som starta med gravferd og som enda i bryllaup.

På skulen blir flagget kvar morgon heist til tops for så å bli firt ned på halv stang. Syster til kongen er død. Det var offentleg sørgetid i 15 dagar. Alle lærarar er kledd i svart eller kvitt. For sikkerhets skuld tok eg på meg svart og kvitt ein ekstra dag etter dei 15, og då kom det melding om at me skal visa kongehuset støtte i 100 dagar (..og eg som aldri går i svart...) det blei lenge det.For eit par veker sidan skjedde det ei tragisk mopedulukke på motorvegen. Eit medlem av kyrkja vår og venninna hennar omkom. I tillegg var ho i slekt med to av våre ansatte. På kvar vår måte blei me alle prega av ulukka. Det blei ei travell tid for våre prestar. I 3 dagar blei det arrangert minnestund/gudsteneste både morgon og kveld med mat. Den 4.dagen (forrige sundag)blei ho gravlagt. Det er uvanleg i Thailand. I alle desse dagane stod kista inne i heimen(oppi eit kjølerom). Det var ope hus pynta med kvite blomar, lys og bilete.

Gravferdsdagen starta og i heimen. Familien satt inne rundt kista medan alle andre sat utanfor. Bilar køyrte i kortesje til gravplassen. Først kistebilen, så GUDEbilen(merk ordet som blei brukt på bilen med misjonærene Espen og Kjartan), deretter musikkbil og så blomebil og alle andre. Det var ei fin gravferd, ei slags thai-kristen. Til slutt blei kista opna og alle blomekransar blei tatt frå kvarandre. Dei som ville ta eit siste farvel fekk gå fram, ta i mot ein blom og legga den oppi kista. Ei ærbødig og fin handling.

MUKDAHAN gjengen med smått og stort og alle ansatte. Me har blitt ein svær familiegjeng etter kvart. Ein ny misjonærfamilie , Heggernes er nett ankome og nå er me 5 misjonærfamiliar (Heggernes med 4, Tveten med 4, Sørheim med 3, Rousing med snart 5 og den vesle fam. Øvestad).

Dette er mandag( det var denne dagen Mr. Mygg hadde gjort sitt) og me er samla i grillparty, husfest. To av familiene har fått ferdigstilt heilt nytt hus. Då er det vanleg at huseigar kjøper ei ku, lar ho gresse ein dag på tomta, slaktar ho og inviterer alle på fest. Me koste oss.

LAOS, Savannahket.....veka går fort. Det er lørdagsmorgon og eg har kome meg over grensa til nabobyen. ( det tek 30min.)


Det er så fredeleg og vandra rundt i desse fattige gatene. Stadig er det noko nytt og oppdaga. Hilde og eg fant biblioteket. Tenk eit bibliotek i denne fattige byen( visstnok sponsa av Frankrike). Pedagogar som me er så er me jo nysgjerrig på alt som har med bøker å gjera. Me fant glade ungar, flinke teiknarar og små leseløver her inne. I tillegg idear til formingsundervisninga vår. (knipse knipse)
Det er så mange fasinerande hus i smågatene. Hus med sjel.
På vår gode innternasjonale stamkafe , Good Mook, i Mukdahan heng det fleire fine bilete frå gatelivet i Savannahket. Eg har kjøpt eit av husmotiva.
Nettopp dette huset fann eg no i denne gata (øvste biletet).

Og maten, den er rett rundt hjørnet........ men desse pølsene lot oss ikkje frista.
Men det gjorde den vekentlege manikyren...... No er me blitt vant til salongar så litt annleis er det når dama har alt med seg på sykkel. Ho insisterte på at Hilde var moden for manikyr... Og medan ho blei stasa opp i vegkanten fekk eg ventetida korta ned med å bli invitert på lokal lunch, også i vegkanten. (så synd at dette var så sterkt at det brant på tunga)


Sundagen blei turdagen. I lag med eit ungt irsk par blei me guida rundt i ein TUKK TUKK.

Første stopp var på Laos største saltgruve. Her pumpa dei opp grunnvatn og når det fordampa i varmen låg grovsaltet igjen. Karane kostar saltet til sides.

Det såg ut som fjell med snø der det venta på og bli putta opp i sekkene.

Me fekk og sjå korleis dei vaska og kokte ut grovsaltet slik at det blei det saltet me kjenner(raffinert salt)

Og så bar det til fots inn i jungelen. Ein naturguide fulgte oss. Her var det tett i tett med vekster, men stiane var gode tråkk...MIND YOUR STEPS, MIND YOUR HEAD, MIND YOUR FOOT.....guiden vår var årvåken på å minna oss på kor me skulle trå.

Inni her er det altså ein edderkopp i eit svært nett. Den klarte ikkje kameraet og fanga opp, søren og.
men denne flotte larven viser. Berre musikk frå insekter,fuglar og dyr høyrte me langs denne 8km lange ruta. (ja ja...Karin og Kristian heime i Noreg. De skulle jo vore her nå...berre sjå kva de går glipp av....me har det tilgode)
Dette er eit honningtre. Sesongen er februar til mars. Då heng det og dinglar klatrarar her. Me fekk og sjå store oljetre og mange nyttige vekster til medisin,,,, og til gode kjerringråd fekk me både se og smake på.
Denne røde mauren er ein slik. Brukt i supper og i medisin. Når han et bladet lappar han det samstundes saman igjen slik at det ikkje døyr. Naturen er fantastisk.

Utan mat og drikke duger helten ikkje.....og ikkje me heller. Det passa godt med picknic lunch i det fri etter 5 km gange. Mat og frukt og vatn. Fisken var nok den som gjekk fyrst, men lunchen var god den for det var slett ikkje mykje igjen når timen var gått.

I enden av jungelen blei naturen sin musikk avløyst av hardare rytmer frå landsbyen.. BRYLLAUP på gang. Me passerte brudgommens hus og der blei me fort invitert inn. Her var det førebuing til den store festen.
Til song og musikk rulla me saman nokre pengesedlar og festa på brudgommen sin arm. Begge armane var nokså pengesterke når alle gjestene var ferdige.

Her var det berre å bli med på leiken.... irlenderen fekk i oppdrag og spela for brudgommen.
Ser her er mor og andre flittige damehender igong med å få på han brudgomsstasen. Etterpå fekk han ein blomebukett i handa og så bar det mot bruras hus. Ein fin prosesjon var det. Brudgommen fyrst og alle gjestene frå hans hus bak. Alle i landsbyen stoppa opp.
Vel framme......I brura sitt hus var det minst like mange gjester. Her var det dekka på til stor fest, her skal brudeparet bu og her føregjekk brudevigslinga.
Gode GRATULASJONAR frå oss som måtte vidare.
Ein time seinare var eg tilbake i Mukdahan
Mandag morgon klippar elevane mine i glinsande fargerikt papir. ....bob bob
dadi dadi bob bob suuuuu.....fisken frå biblioteket i Savannahket ligg på pc-en. No er det deira tur til å laga sin fantasifisk.
Denne veka hadde me hospitering av Bim 9år, syskenbarn til Øn Ragnhild. Det var spanande for oss å få ei thaijente til i klassen og spanande for Bim og få gå i ein norskklasse som måtte bli litt engelsk for ho.
Men fisken var utan språk, og fine blei dei. Det er spanande med små kreative hender.















Ingen kommentarer: