onsdag 16. januar 2008

SIGHTSEEING, VIETNAM soer

Eg går slett ikkje av vegen for litt shopping i ny og ne......men ein ferie må ha fleire ingrediensar enn som så når ein er så heldig å få opleva eit anna land og kultur.




Ingenting er som å få oppleva byen, staden, leita litt rundt og sjå kva som goeymer seg av kultur og historie i landsbyar og byggverk. Då kjenner eg at eg lever.



Så lenge Hilde fekk nyta den gode stunda i senga litt ekstra om morgonen, og denne dama stod opp, bestilte frukosten til begge og sa til guiden at me var klare fekk me utruleg god tid til det meste.



VIETNAM, landet der den roede og gule fargen er hellig (mine yndlingsfargar) har så mykje å by på. Ho Chi Minh, byen som har vore hovudstad den gong nord var nord og soer var soer er full av kultur og histore.








Krigsminnemuseet var ein sjoelvskriven plass å gå innom. Her blei me minna om Vietnamkrigen sine herjingar både på det psykiske og det fysiske plan. I dokumentarfilm, tekst og bilete samt utstilling av fly og tangsar er det ikkje tvil om at denne krigen har sett sine spor. Me mistar rett og slett inn og mæle når me vandrar gjennom historia.


Kvifor, undrar me når me går ut, kvifor.... og vietnamesaren spoer framleis om det same.




















Den gong var det amerikanarane. Franskmennene har og hatt si hand over Vietnam. Dei har etterlatt seg mange flotte bygg og arkitektur. Så i Ho Chi Minh finn me og Notre -Dame katredralen. Han ligg ikkje akkurat på ei hoegd som i Paris, men flott er han lell.








Byen var lett og traske rundt i etter kartet. Ein kveld spaserte me til ``Golden dragon water puppet theatre`` Dette er eit verdskjent teater med live traditional music. ``Not watching Vietnamese water puppet show means not visiting Viet Nam yet`` lyder reklamen. Vel verd besoekjet sjoelv om me ikkje forstod språket.




Eg hadde med meg fire bilete i kofferten på heimturen. Handcraft. Utanfor byen fekk me sjå kor slike bilete,fat,vasar og skrin kjem frå. Dei malar eller dekorerer( t.d med knust eggeskal), brenn og skrubbar produktet i såpe og vatn.



Lite maskinar og se i denne fabrikken. Flittige og nette hender i djup konsentrasjon sjoelv om det blinka i ivrige turistapparat.







CHU CHI TUNNELS (Ben Dinh). 1,5t koeyring ut av byen kjem ein til ein liten by under jorda. Her er det over 250km nettverk under bakken. Vietnamesarane gravde tunnellar og rom for å goeyme seg for amerikanarane. Slett ikkje lett å få auge på.













Oisan.... her skulle biletet vore snudd.



Me fekk proeve oss i undergrunnen.



Var det nokre damer som ville det då....NEI... men det var for fasinerande til å la vera så denne dama greip sjangsen.
Vips så var eg nede.....misunnelege blikk frå menn over 40 med litt pondus.....





Det var litt verre å koma seg opp. Ikkje store plassen, men for smidige små vietnamesarar var det.. .piece of cake....














Smarte er dei og.....her var feller for uvedkommande godt skjerma for publikum idag. Stakkars dei som hamna i ei slik under krigen. Piggar så kvasse som det går an spidda rett og slett inntrengjaren.










Eit stort hull i bakken- Ein B52- er hadde ein fulltreffar her under krigen.





Det er alltid kjekt å få med seg dokumentarfilm om slike hendingar. Det var det her og. I tilleg viser denne veggtavla godt korleis tunnelsystemet var. Det er roemningsveg ut til Mekongelva.

MEKONGdeltaet begynner 50 km soer for Ho Chi Minh . Denne 40km fuktige,frodige og groenne soer-vestlege delen av Vietnam er utlaupet for Mekongelva. Ho deler seg i ni. Vietnamesarane kallar dette for dei ni dragane. Når dragane er sinte og ville må tusenvis av vietnamesarar flykta frå heimane sine. Dei vender tilbake når dragane har roa seg. I toerketida er dragane rolege.



Me tok turen til deltaet. Boendene her haustar godt, nok til å foe heile Vietnam, to gonger i året.




CAI BEE . Me tok ein båttur for å besoekja Cai Bee floating marked.



Dei har ikkje store krav til korleis ein heim skal vera tenkjer me. Absolutt alt dei eig og har er ombord i båten.








Me gjekk i land i ein koseleg liten landsby. Godterifabrikken i Thanh Phong blei neste mål. Kokusnoettkarameller med ulik smak og tilsetting var slett ikkje å forakta.

Denne eldre dama lagar rispapir. Det kan ein eta. Dette papiret er rundt karamellane. Vanskeleg å få av for det skal ikkje av. Det blir pakka rundt karamellane for hand og så brettar dei eit anna utanpå(det skal ikkje etast)

Denne karen varmar opp ris som poppar opp nett som popcorn, men me trur det var puffa ris han laga.
Så flyter me avgarde igjen. Her passerer me den flytande bensinstasjonen.
Det er mange landsbyar i Mekongdeltaet. Me gjekk i land i ein koseleg liten ein der me fekk utdelt syklar. Så herleg å få bruke seg litt fysisk og så herleg å få koma fram til ein hengjekoeye restaurant til lunch. Alle restaurantane hadde ei hengjekoeye til kvart bord. Middagsluren er redda og velfortent. I allefall i 10min....... det blei for fristande med den sykkelen. På humpete landevegar bar det i veg. Ein skule...,....hello, whats your name ... roper ungane.

Då kan ikkje pedagogen sykla vidare. Ein liten prat har me alltid tid til.




Dagen og turen var nestan over i allefall i hoeve til som kjem så altofor tidleg av og til. Sykkelen blei parkert og små kanalbåtar tok oss med tilbake til båt og buss. Det var nett så freden senka seg totalt når me gleid stilt og roleg nedover kanalane. Berre lydar frå dyrelivet var å hoeyra.





VUNG TAU....den vesle,stille fiskelandsbyen med dei fine strendene 1200km soer av Ho Chi Minh er foerst og framst ein badeby.

Men kva finn ein ikkje av gode turistmål der og når byliv og shoppingliv ikkje fristar.


Hilde og eg kom over ein lokal guide og med eigen guide og sjåfoer fekk me ein flott dag med mykje god info om byen. Me starta i tempelet. Guiden forklarte om Ying og Yang som representerer det kvinnelege og det mannlege. Den eine er himmelen og den andre er jorda.
Etterpå bar det opp i fjellet for å besoekja Pagoda. Det er eit stort fjell og eit lite i denne byen., Her var me på det vesle fjellet.


Det hvite palasset..... Sjoelvsagt måtte fintfolk bu fint. Med god utsikt over havet har keiseren budd stilfult under kolonitida.,
Light house...bygd i 1910 på fjellet Nho Mountain er nok ein stad med panorama utsikt over byen. Me tok trappen til toppen. Det vil sei Hilde gjekk heilt til toppen medan eg klarte meg best eit hakk lengre ned.
Og kor har så denne karen vore????????



3000 trappesteg å gå og du kjem til denne flotte Jesus Christ statuen. Dei blei lange etterkvart, trappestega, men det er nydeleg utsikt og flora undervegs......og skulle det vera meir energi igjen når ein når toppen så er det berre 129 trinn igjen inni skulpturen og ta fatt på.
Me var godt noegde me å nå toppen (noko som guiden trudde me ikkje gjorde i varmen).


Det blei ikkje meir tur på oss i badebyen. Det vil sei me flytta til eit finare hotell, og det var stritt nok for me gjekk med koffertar som var tunge som bly og i hotellet me drog i frå var der ikkje heis. Det nye hotellet helsa oss velkommen med nyttårskort og fruktfat. Då var enegien på plass med ein gong. Eit fint hotell (helsehotell)og strender som nesten var tomme i vekene gav rom for relaxing. Me leste og leste og leste (medbrakt bok) medan havet nynna på ein velklingande melodi.



FERIE TEK SLUTT......soeren og...nå når me hadde det så godt!!!!!!!!!



Tilbake til der me starta, storbyen HO CHI MINH.

Faktisk så var det kjekt å koma tilbake. No takla me trafikken. Me hadde våre kjennemerke på butikkar, kafear og hotell så dei 3 neste dagane var det full fart på oss.
Byen er stor. Me undra oss over alt det me fann i gater me ikkje tidlegare hadde vandra i.



Me fann blomemarknad og me var innom mange malarar for å sjå på kunstverka deira. Me oppsoekte gamle ærverdige hotell som framleis er i drift og me måtte sjoelvsagt ha ein kaffekopp på takterrassar rundt om.
Me kom om kvelden og me reiste om kvelden. Framfoere The people commitee Hall lyser statuen av Ho Chi Minh. Litt vemodig å ta farvel. Eg trur nok ikkje det er siste gong er i VIETNAM.




































Ingen kommentarer: