Velkommen 2008
Lille julafta banka eg grytidleg på doera utanfor rom 2203 hos a Hilde på Boss Tower. Lite respons var det å få så tidleg så dermed var det berre å krype til koeys for å få seg eit par timar til i selskap med Ole lukkauge.
Seinare på dagen blei det mykje julekos. Det var juleavslutning for barn i kyrkja i slummen og om kvelden la me eit roedt teppe i senga, fylte det med julegåvene våre, sette oss godt til rette og så opna med ein etter ein. Kjempekos.
HO SHIN MINH City(Saigon) 24.des. 2007
HJELP!!!!!!overalt.
Lite bilar, men 1 motorsykkel= 2 menneske. Byen er den stoerste i Vietnam med sine 10mill. innbyggjarar og 5 mill. motorsyklar. Med stivt blikk og sakte gange( slowly, slowly) i sikk sakk proevde me å kryssa gatene. Det blei ein vane men me sendte ein takk til himmelen kvar gong me kom oss vel over vegen.
Ei veke foer me kom blei det innfoert påbod om hjelm for alle vaksne. Heldigvis var det nokon som og invisterte i hjelm til sine små. For ein vietnamesar 200000 dong (75kr) for ein hjelm. Kjempedyrt, men boten har same pris.
1.juledag blei sightseeingdagen i byen. Byen er mykje luftigare enn bangkok så det var ei god kjensle å bli tråkka rundt av to karar som visste kva var verd å sjå i byen.
Dei var ikkje fullt så blide når oppgjeret stod for tur. Dei hadde sett for seg eli gullinntekt den dagen, medan me var litt meir realistiske for me har erfaring frå Thailand.
Mi romvenninne har vore i det kreative hjoernet. Ho var så uroleg for at det blei for mykje venting på kvarandre i hoeve til dusjing, skift og pynting foer byturane. Den kunne den ventande bruke til å trena opp t.d slappe musklar her og der.......men no spoer eg deg Hilde. Såg eg nokon gong du bruka denne??????
SHOPPING......det liker me. Ingen kjempestore senter, men nokre mindre og mange små og store butikkar på gatenivå. Store koffertar var på sin rette plass i denne byen, og prisane var gode å leva med.Maleri og bilete var det overalt. Mykje fint og nokre fann sin plass i kofferten min.
Kjersti!!!!!! Skal eg ta det eller det, eller begge to.? Passar dei i lag? Har eg plass i kofferten?
Silkebutikkar blir eg aldri lei av. Her var det eit eldorado. Nasjonaldrakten, Auw Dau, blir flittig brukt i Vietnam. Den finst i mange fargar, moenstre og den blir brukt som skuleuniform av jentene(kvit over del og svart el. kvit bukse). I butikkar, på hoteller, som brud og i gatene såg me han brukt.
Vietnamesarane smiler like mykje som thaiane. Dei er vennlege og imoetekommande. Mange er flinke i engelsk og mange snakkar engelsk. Det var godt å få ein kvile med thaien, men når det er sagt så kling thai mykje betre i oeyra enn vietnamesisk. Dette språket minnar om fuglekvitring som ikkje gir seg.
God og billig mat. Gode porsjonar. Eg skulle ha fisk og fekk fisk så det monnar.
Eg som er vokst opp og bur ved havet......så kjekt det var og se det igjen. Her var det langgrunt. Dermed blei det lite symjing i det sydkinesiske hav, men boelgjer var det nok av heile dagen. Då vaknar barnet i ein på ny. Jippi. Me såg ikkje sola dei fyrste dagene, men me blei solbrent. Herleg å slappa av med havet, ei god bok, litt sval vind og få farg utean sol. Den siste dagen fekk me sol, og då var det ikkje så behageleg å liggje der, nei.
Dominohus er eit greit namn på husa i Vietnam. Dette er ei hotellrekkje. Me budde i den oransje. Dei har smale hus fordi dei må betala skatt i hoeve til kor breie husa er. Då er det logisk å gå i hoegda. Dette er eit billig hotell. 10 $ natta. Nyttårsafta kosta me på oss eit hotell med meir luksus. Me flytta over til eit hotell som også hadde eit nytt fint legesenter i tilknytning til hotellet.Dei feirer ikkje nytt år her. Dei feirer kinesisk nyttår. Dette blei derfor det rolegaste nyttår me har hatt. Ingen rakettar, men me bestilte buffet på det finaste hotellet i byen og i fine kjolar vandra me til ein lokal pub for å laga vårt nytt år.
Etter 5 dagar var det farvel til badebyen og nyt båttur tilbake til storbyen.
Duna HOTELL i Ho chin Minh blei vår base nok ein gong. Eit koseleg dominohotell (det kvite)med god service til ein billeg penge.
Inne i den fine delen av byen fann me ein restaurant med fin atmosfære. Det kunne ikkje passa betre for denne danseglade damen og nyta sin middag i dette miljoet. Dansebilete i ulike storleikar og motiv overalt.Dermed blei det ein god droes me ho, song til Abba og happy new year til alle som var der.
Det skulle ikkje meir til. Me vandra heim me ei kjensle av eit stille roleg nyttår, men me fekk vår markering.
1 kommentar:
Hei, Kjersti!
For en blogging!! Det var jo som å være der igjen...
Men...savna bilde fra da du klatret ned i en av Cu Chi tunnellene!? Kanskje du skal lage egen blogg om det, da... Ja, kom igjen!
Angående den...ja, hva heter den da...armmuskelstrekker`n, så ble den brukt ivrig og leenge hver gang du var i dusjen, hehe.
Takk for en flott tur!
Hilde.
Legg inn en kommentar