søndag 6. april 2008

EKSKURSJON, skoletur til BANGKOK

Etter påske bar det rett til Bangkok og storbylivet.
Det begynner å bli litt ``heimevant``med storbyen no.
Heldigvis er det mange fine og fredelege
stader i denne byen som her med Rama 8 bridge
over Chao Phraya elva.

2.påskedag starta skulen opp igjen på eit hotellrom midt i Sukhumhvit, soi 4.

Hotellet var stort og fint og komfortabelt, men gata utanfor harmonerte ikkje heilt med hotellstilen.
Her er eit stykke Bangkok i miniatyr. Tiggare med barn, tiggare med funksjonshemming, unge lettkledde jenter som byr seg fram, eldre store vestlege menn på jakt, barer, marknader, restauranter, ladyboys og kjøp og salg av ulike tenester. Eit yrande liv på kveldstid med andre ord......og inntrykk som ikkje så lett vil forlata netthinna.



Den eigentlege grunnen til at skuleturen blei lagt til nettopp veke 13,,,, er denne vesle jenta

JOSEFINE heiter ho, og ho blei fødd på påskeafta i Bangkok. Mine elevar Bok Sophie og Øn Ragnhild er blitt storesystre til ei nydeleg prinsesse. GRATULERER







Skuletur er skule i kombinasjon med tur. Derfor starta klassen med forarbeid på hotellet kvar morgon. (akkurat der er eg nokså streng,,, ikkje sant kollega Nina på Håland skole)


Då fekk elevane vita kor dei skulle dra og kva oppgåver og ansvar dei ville ha gjennom dagen.


I Mukdahan har me hatt om dei ulike instrumentgruppene i musikkfaget. Denne dagen stod musikk og besøk på musikkskulen i Emanuel kyrkja på programmet.


....Og slik endte det. Øn Ragnhild fekk til å spela ein melodi på fiolin. (musikklærar Solveig akkompagnerte på piano)



Du verden, så kjekt .....men fyrst hadde Solveig lagt inn litt øvingar på korleis ein må trena for å bli fiolinist.




Slik skal fiolinen haldast. Tenk på eit fly som skal landa på
flyplassen, sa Solveig. Fiolinen, flyet skal rett på plass og stå der.....og det fekk Bok Sophie til.











ååå, eg trudde aldri eg skulle få halda i eit strengeinstrument sa Ida Marie. Til og med når ein kvile skal fiolinen og buen haldast på ein bestemt måte , nett som Ida Marie har lært.

Så mange ulike storleiker i denne familien. Solveig kunne fortelja at 3 og 4 åringar får spela på den minste.

Tusen takk Solveig for at me fekk ha ein fin og lærerik dag i lag med deg og dine elevar som viste oss kor flink ein kan bli spela på fiolin.










Lang, lang rekkje,,,,kven skal ut av rekkja gå????












Me gjekk mykje og mange stoppa opp og smilte til oss. Spesielt thaiar...
Dei to yngste gjekk hand i hand heile dagen. og det er nok ikkje eit daglegdags syn...






Ein ny dag og ein ny utflukt.....




Me tok skytrainen til eit av dei største kjøpesentra i byen, PARAGON.


I kjellaren gøymer OCEAN WORLD seg med si fantastiske verd under havet.

Naturfag, vatn og fisk var tema for elevane denne dagen.
Fyrst fekk me oppdaga havet gjennom eit glassvindauge i botnen av ein robåt
Til og med haier symde under rumpa vår....

Skummelt.

Elevane blei nokså overraska over at havet ikkje berre er blåfargar.
Ei fantastisk fargerik verd kom til syne.




(Skjønar godt kvifor nokon er fasinert av å dykka)








Etter ein spasertur gjennom ``regnskogen`` var det godt å få setta seg under havnivå, men med ein tjukk glasvegg mellom. Då gjorde det ingenting om haiane symde bak ryggen på oss. Faktisk var det ganske kjekt å koma så nær tennene på dei.
















Midt i veka måtte me opp tidleg. Klokka 0730 drog me avgarde til jernbanestasjonen. Samfunnsfag og aktuelle tema i KRL faget var det pedagogiske målet for dagen.


Me skulle dra til AYUTTHAYA, 85km nord for Bangkok, til ruinane av den hellige byen som no UNESCO vernar.

Byen som blei bygd av 33 kongar over ein periode på 400år.

Byen som i 4 århundrarar var hovudstad i Thailand, og

byen som var ein av dei rikaste byane i Asia på 1600 talet med sin store eksport av elfenbein, dyrehud og ris. På den tida budde det 1mill. menneske her.





Fyrste stopp blei Wat Phanan Choeng, dei best bevarte bymurane finst her.
Dette er og eit av dei eldste templa i byen. Dette Buddhahovudet som sikkert ein gong har stått oppe på eit byggverk har hamna trygt og godt oppå ei trerot. Røtene har funne vegen rundt hovudet.

Dermed er det blitt ein hovudattraksjon.



Fram med feltmappene jenter.
Dette måtte nyskapast på teiknearket.

Mange turistar stoppa opp og observerte dei unge kunstnarane. Dei fekk til og med spørsmål om kva kunstskule dei gjekk på.....den norske skulen i Mukdahan svarte jentene likeglad .....



Tenk at denne storslagne byen som og hadde besøk av kjøpmenn frå Europa så tidleg som på 1500talet blei øydelagt i løpet av 1år.

Hæren frå Burma slo til midt på 1700 talet og dermed var det gjort.

Det er og blir ein spøkjelsesby.

Heile og halve chediar, tempelmurar og klosterruinar møter me på vår vandring i byen.




``Finn dokk ein stol i treet``......jentene, uansett alder tok hintet med ein gong. Det var godt å få slappa av litt, klatra og plukka fine kvite og gule blomar som dette treet kunne by på.









Wat Phra Sri Sanphet,


I si tid det største tempelet i byen.


Her ser ein 3 store flotte chediar som ruver inne på omådet. Dei blei bygd til ære for 3 kongar på 15.hundre talet. Dei står i stor kontrast til alle ruinane på området.
Det var frå dette området eg fekk kjøpt meg eit flott bilete når eg var i Hua Hin. Det oransje kledet som dekkkjer noko heilag frå svunne tider fasinerer meg når eg vandrar gjennom gater av stein......
Like i nærleiken kom me til



Viharn Phra Mongkol Bophit.


Her inne sitt ein av største bronse buddhaene i Thailand. Nestan 17m høg. Ein fakkel på hovudet og den høgre armen blei øydelagt under den store brannen og herjingane. I 1957 blei denne restaurert .


Dette tempelet blei då bygd rundt denne buddhaen.


Under restaureringa fann ein og hundrevis av mindre buddhaer inni denne store.






LUNCH TID.........





Var det krokodille på menyen her tru????





Det var fint å nyte sin lunch ved Chao Phraya elva. I denne byen møtast faktisk 3 elver.



.....hei, vil dokk sitta på? Her er det ein liten luring som har teke styringa.....





Det ville nok bli tungt å sykla rundt med 3 vaksne som passasjerar....











Me hadde betalt 1000baht for å ha ein tuk tuk heile dagen ... og det kom godt med for no skulle me ganske langt avgarde.



















Chan Kasem Palasset som ein gong blei bygd som forsvar mot fienden.


Palasset blei sjølvsagt øydelagt i lag med alt det andre, men på 1900 talet ein gong blei det bygd opp igjen av kong Rama4.


Etter det er det blitt brukt som eit sommarpalass for kongar som ville vekk i frå storbyen Bangkok.




Og det skjønar ein godt, for dette var eit lite paradis på jord med sine store vatn, parkar og bygningar. Det var rett og slett idyllisk. Ein fin stad og avslutta dagen.

Me koste oss litt med drama, fantasi omkring ordlyden: dersom eg hadde budd her inne på denne tida så hadde..........





Me seier tusen takk til Ole Kristian, misjonær Marit sin bror som var med oss denne dagen. Han hadde vore her før, så dermed slapp me å bruke tid på å leita oss fram til utfluktsmåla.

Ole Kristian losa oss raskt til måla, og veslesyster Ingeborg Anna var glad for å få vera med onkel på skuletur med storesystrene og klassen frå Mukdahan


Klokka 1800 var me klar for å ta toget heimover. Det blei ein lang dag og ein varm dag.



Ikkje rart at magen var i ferd med å gi lyd frå seg. Vatn måtte me ha og noko å ete måtte me ha.


....og neste dag var det engelsk og forming som stod på planen.


Me skulle besøkja den internasjonale skulen, Patana i Bangkok .Det er her misjonærbarna i Bangkok er elevar. Skulen tok vel i mot oss, men mitt kamera gjekk sundt så derfor ingen bilete. Heldigvis at eg har videokamera, for film blei det og fine kort blei det. Elevane laga kort med engelsk tekst frå eventyret om Snøkvit og dei 7 dvergane.

Eg vil hugsa den store bronsebuddhaen som eit godt minne , sa Ida Maria
Eg vil hugsa det gode klatretreet som eit godt minne, sa Øn Ragnhild
Eg vil hugsa livet i havet på Ocean World som eit godt minne,sa Bok Sophie.
og
Alle ville hugsa den gruuusomme varmen når me var i Ayutthaya.
Den siste dagen blei brukt på hotellet til oppsummering og .....mange dukkertar i bassenget.
Ulike opplevingar og ulike inntrykk tek me med oss tilbake til Mukdahan.



Eg hadde pakka koffert og gjort meg klar for nattbussen heim .......
Det blei nokre timar ventetid og i Emporiumparken fekk eg med meg


29.april .....merk dykk denne dagen.....

Det er den verdas dansedag.....


I Thailand er det den varmaste tida på året. Kven orkar å dansa då??????

Derfor markerte dei i Bangkok denne dagen med ein internasjonal dansefestival 29.mars.

Alt var gratis. Danseshow med internasjonale aktørar, workshops frå hip hop til ballett, og utstillingar.



Alle som kan røra på seg kan dansa.....
var parolen

Eg heiv meg rundt på eit minikurs i fysisk dans, dans og bevegelse. (det er mykje ein kan no sjølv om ein vente på ein buss)

Her er salsadronning og salsakonge i aksjon...

Dette skal me læra hos danse John på Mc Caffe i Mukdahan. Berre vent og sjå.

Snart er det 29.april......
























1 kommentar:

Unknown sa...

Hei og hopp!
På utfluktsdagen deres så eg masse kjendte ting frå bangkok. Tipper at eg var der på jorden rundt turen min. Det var ialle fall masse fint og kjekt å få med seg.
Ser ut som om du og klassen koser dere masse kvar dag. Skulle gjerne hatt en sånn skole eg også;)
Du får huske mye og lære det meste videre til vår lille prinsesse:)

klem