onsdag 16. januar 2008

SIGHTSEEING, VIETNAM soer

Eg går slett ikkje av vegen for litt shopping i ny og ne......men ein ferie må ha fleire ingrediensar enn som så når ein er så heldig å få opleva eit anna land og kultur.




Ingenting er som å få oppleva byen, staden, leita litt rundt og sjå kva som goeymer seg av kultur og historie i landsbyar og byggverk. Då kjenner eg at eg lever.



Så lenge Hilde fekk nyta den gode stunda i senga litt ekstra om morgonen, og denne dama stod opp, bestilte frukosten til begge og sa til guiden at me var klare fekk me utruleg god tid til det meste.



VIETNAM, landet der den roede og gule fargen er hellig (mine yndlingsfargar) har så mykje å by på. Ho Chi Minh, byen som har vore hovudstad den gong nord var nord og soer var soer er full av kultur og histore.








Krigsminnemuseet var ein sjoelvskriven plass å gå innom. Her blei me minna om Vietnamkrigen sine herjingar både på det psykiske og det fysiske plan. I dokumentarfilm, tekst og bilete samt utstilling av fly og tangsar er det ikkje tvil om at denne krigen har sett sine spor. Me mistar rett og slett inn og mæle når me vandrar gjennom historia.


Kvifor, undrar me når me går ut, kvifor.... og vietnamesaren spoer framleis om det same.




















Den gong var det amerikanarane. Franskmennene har og hatt si hand over Vietnam. Dei har etterlatt seg mange flotte bygg og arkitektur. Så i Ho Chi Minh finn me og Notre -Dame katredralen. Han ligg ikkje akkurat på ei hoegd som i Paris, men flott er han lell.








Byen var lett og traske rundt i etter kartet. Ein kveld spaserte me til ``Golden dragon water puppet theatre`` Dette er eit verdskjent teater med live traditional music. ``Not watching Vietnamese water puppet show means not visiting Viet Nam yet`` lyder reklamen. Vel verd besoekjet sjoelv om me ikkje forstod språket.




Eg hadde med meg fire bilete i kofferten på heimturen. Handcraft. Utanfor byen fekk me sjå kor slike bilete,fat,vasar og skrin kjem frå. Dei malar eller dekorerer( t.d med knust eggeskal), brenn og skrubbar produktet i såpe og vatn.



Lite maskinar og se i denne fabrikken. Flittige og nette hender i djup konsentrasjon sjoelv om det blinka i ivrige turistapparat.







CHU CHI TUNNELS (Ben Dinh). 1,5t koeyring ut av byen kjem ein til ein liten by under jorda. Her er det over 250km nettverk under bakken. Vietnamesarane gravde tunnellar og rom for å goeyme seg for amerikanarane. Slett ikkje lett å få auge på.













Oisan.... her skulle biletet vore snudd.



Me fekk proeve oss i undergrunnen.



Var det nokre damer som ville det då....NEI... men det var for fasinerande til å la vera så denne dama greip sjangsen.
Vips så var eg nede.....misunnelege blikk frå menn over 40 med litt pondus.....





Det var litt verre å koma seg opp. Ikkje store plassen, men for smidige små vietnamesarar var det.. .piece of cake....














Smarte er dei og.....her var feller for uvedkommande godt skjerma for publikum idag. Stakkars dei som hamna i ei slik under krigen. Piggar så kvasse som det går an spidda rett og slett inntrengjaren.










Eit stort hull i bakken- Ein B52- er hadde ein fulltreffar her under krigen.





Det er alltid kjekt å få med seg dokumentarfilm om slike hendingar. Det var det her og. I tilleg viser denne veggtavla godt korleis tunnelsystemet var. Det er roemningsveg ut til Mekongelva.

MEKONGdeltaet begynner 50 km soer for Ho Chi Minh . Denne 40km fuktige,frodige og groenne soer-vestlege delen av Vietnam er utlaupet for Mekongelva. Ho deler seg i ni. Vietnamesarane kallar dette for dei ni dragane. Når dragane er sinte og ville må tusenvis av vietnamesarar flykta frå heimane sine. Dei vender tilbake når dragane har roa seg. I toerketida er dragane rolege.



Me tok turen til deltaet. Boendene her haustar godt, nok til å foe heile Vietnam, to gonger i året.




CAI BEE . Me tok ein båttur for å besoekja Cai Bee floating marked.



Dei har ikkje store krav til korleis ein heim skal vera tenkjer me. Absolutt alt dei eig og har er ombord i båten.








Me gjekk i land i ein koseleg liten landsby. Godterifabrikken i Thanh Phong blei neste mål. Kokusnoettkarameller med ulik smak og tilsetting var slett ikkje å forakta.

Denne eldre dama lagar rispapir. Det kan ein eta. Dette papiret er rundt karamellane. Vanskeleg å få av for det skal ikkje av. Det blir pakka rundt karamellane for hand og så brettar dei eit anna utanpå(det skal ikkje etast)

Denne karen varmar opp ris som poppar opp nett som popcorn, men me trur det var puffa ris han laga.
Så flyter me avgarde igjen. Her passerer me den flytande bensinstasjonen.
Det er mange landsbyar i Mekongdeltaet. Me gjekk i land i ein koseleg liten ein der me fekk utdelt syklar. Så herleg å få bruke seg litt fysisk og så herleg å få koma fram til ein hengjekoeye restaurant til lunch. Alle restaurantane hadde ei hengjekoeye til kvart bord. Middagsluren er redda og velfortent. I allefall i 10min....... det blei for fristande med den sykkelen. På humpete landevegar bar det i veg. Ein skule...,....hello, whats your name ... roper ungane.

Då kan ikkje pedagogen sykla vidare. Ein liten prat har me alltid tid til.




Dagen og turen var nestan over i allefall i hoeve til som kjem så altofor tidleg av og til. Sykkelen blei parkert og små kanalbåtar tok oss med tilbake til båt og buss. Det var nett så freden senka seg totalt når me gleid stilt og roleg nedover kanalane. Berre lydar frå dyrelivet var å hoeyra.





VUNG TAU....den vesle,stille fiskelandsbyen med dei fine strendene 1200km soer av Ho Chi Minh er foerst og framst ein badeby.

Men kva finn ein ikkje av gode turistmål der og når byliv og shoppingliv ikkje fristar.


Hilde og eg kom over ein lokal guide og med eigen guide og sjåfoer fekk me ein flott dag med mykje god info om byen. Me starta i tempelet. Guiden forklarte om Ying og Yang som representerer det kvinnelege og det mannlege. Den eine er himmelen og den andre er jorda.
Etterpå bar det opp i fjellet for å besoekja Pagoda. Det er eit stort fjell og eit lite i denne byen., Her var me på det vesle fjellet.


Det hvite palasset..... Sjoelvsagt måtte fintfolk bu fint. Med god utsikt over havet har keiseren budd stilfult under kolonitida.,
Light house...bygd i 1910 på fjellet Nho Mountain er nok ein stad med panorama utsikt over byen. Me tok trappen til toppen. Det vil sei Hilde gjekk heilt til toppen medan eg klarte meg best eit hakk lengre ned.
Og kor har så denne karen vore????????



3000 trappesteg å gå og du kjem til denne flotte Jesus Christ statuen. Dei blei lange etterkvart, trappestega, men det er nydeleg utsikt og flora undervegs......og skulle det vera meir energi igjen når ein når toppen så er det berre 129 trinn igjen inni skulpturen og ta fatt på.
Me var godt noegde me å nå toppen (noko som guiden trudde me ikkje gjorde i varmen).


Det blei ikkje meir tur på oss i badebyen. Det vil sei me flytta til eit finare hotell, og det var stritt nok for me gjekk med koffertar som var tunge som bly og i hotellet me drog i frå var der ikkje heis. Det nye hotellet helsa oss velkommen med nyttårskort og fruktfat. Då var enegien på plass med ein gong. Eit fint hotell (helsehotell)og strender som nesten var tomme i vekene gav rom for relaxing. Me leste og leste og leste (medbrakt bok) medan havet nynna på ein velklingande melodi.



FERIE TEK SLUTT......soeren og...nå når me hadde det så godt!!!!!!!!!



Tilbake til der me starta, storbyen HO CHI MINH.

Faktisk så var det kjekt å koma tilbake. No takla me trafikken. Me hadde våre kjennemerke på butikkar, kafear og hotell så dei 3 neste dagane var det full fart på oss.
Byen er stor. Me undra oss over alt det me fann i gater me ikkje tidlegare hadde vandra i.



Me fann blomemarknad og me var innom mange malarar for å sjå på kunstverka deira. Me oppsoekte gamle ærverdige hotell som framleis er i drift og me måtte sjoelvsagt ha ein kaffekopp på takterrassar rundt om.
Me kom om kvelden og me reiste om kvelden. Framfoere The people commitee Hall lyser statuen av Ho Chi Minh. Litt vemodig å ta farvel. Eg trur nok ikkje det er siste gong er i VIETNAM.




































lørdag 12. januar 2008

VIETNAM......Here we come!!!!!!!!!!!

Godt nytt år


Velkommen 2008





Lille julafta banka eg grytidleg på doera utanfor rom 2203 hos a Hilde på Boss Tower. Lite respons var det å få så tidleg så dermed var det berre å krype til koeys for å få seg eit par timar til i selskap med Ole lukkauge.


Seinare på dagen blei det mykje julekos. Det var juleavslutning for barn i kyrkja i slummen og om kvelden la me eit roedt teppe i senga, fylte det med julegåvene våre, sette oss godt til rette og så opna med ein etter ein. Kjempekos.


Julafta var me reiseklare. Fullpakka koffertar blei med til den skandinaviske kyrkja (svenske) der julegudstenesta starta klokka 1300. Der fekk eg kjenne på god julestemning.
Ei fullsatt kyrkje, ein fin gudstenesete som blei presentert gjennom alle fire skandinaviske språk. Alle våre kollegaer i Bangkok var der, og tankane.....jo dei vandra litt heimover til våre kjære innimellom. Utanfor venta taxien så sjoelv om det blei servert både saft, brus, roedvin og gloegg etterpå så måtte me vera rask med alle GOD JUL helsingar for flyet gjekk 1600.
Dei siste gåvene blei opna i taxien. Nok ein gong var Hilde og eg klar for ein jentetur i lag. Tusen takk Hilde for at du er eit gildt reisefoelge for di gamle venninne. Du er jo berre 10år yngre enn meg så eg er jo happy for at me nesten er like gamle. Altså to modne, unge, dynamiske og fleksible damer er klare for VIETNAM.


HO SHIN MINH City(Saigon) 24.des. 2007
HJELP!!!!!!overalt.
Lite bilar, men 1 motorsykkel= 2 menneske. Byen er den stoerste i Vietnam med sine 10mill. innbyggjarar og 5 mill. motorsyklar. Med stivt blikk og sakte gange( slowly, slowly) i sikk sakk proevde me å kryssa gatene. Det blei ein vane men me sendte ein takk til himmelen kvar gong me kom oss vel over vegen.
Ei veke foer me kom blei det innfoert påbod om hjelm for alle vaksne. Heldigvis var det nokon som og invisterte i hjelm til sine små. For ein vietnamesar 200000 dong (75kr) for ein hjelm. Kjempedyrt, men boten har same pris.

Byen var pynta til jul, i gull, glitter, roedt og groent (som blei bytta ut med blått,kvitt,soelv til nytt år) 45% er katolikker og 45% er budhister. Dermed fann me mange flotte store julekrybber pynta rundt om i byen. I kyrkjene blei julafta markert, men ikkje noko særleg i heimane. Me kunne se ei stor stjerne på doera i katolske heimar.
Ingen tuk tuk her i byen. Det var anten vanleg taxi (her er sjåfoerane utruleg hoeflege,blide og imoetekommande. Bangkoksjåfoerane har mykje å læra), eller sykkeldrosje.
1.juledag blei sightseeingdagen i byen. Byen er mykje luftigare enn bangkok så det var ei god kjensle å bli tråkka rundt av to karar som visste kva var verd å sjå i byen.
Dei var ikkje fullt så blide når oppgjeret stod for tur. Dei hadde sett for seg eli gullinntekt den dagen, medan me var litt meir realistiske for me har erfaring frå Thailand.
Byen er full av kultur,historie og fine bygg. Me har opplevd og sett mykje. Neste blogg blir ein reiseguide frå Vietnam. Det var greit å finna fram i byen. Kartet blei viktig for me var mykje ute og gjekk på eiga hand.
Se her ja. Hilde sin kompis er så noegd med å ha desse damene som passasjer( det var foer betalinga var i boks, for Hilde kan pruta)

Mi romvenninne har vore i det kreative hjoernet. Ho var så uroleg for at det blei for mykje venting på kvarandre i hoeve til dusjing, skift og pynting foer byturane. Den kunne den ventande bruke til å trena opp t.d slappe musklar her og der.......men no spoer eg deg Hilde. Såg eg nokon gong du bruka denne??????
ÅÅÅÅ, eg lengtar heim til hytta mi(Vidsynet) , sesongens foerste skitur og fjellet. Dette blei vår kvite bomullsjul.

SHOPPING......det liker me. Ingen kjempestore senter, men nokre mindre og mange små og store butikkar på gatenivå. Store koffertar var på sin rette plass i denne byen, og prisane var gode å leva med.
Maleri og bilete var det overalt. Mykje fint og nokre fann sin plass i kofferten min.
Byen var koseleg og rusla rundt i for det var fleire stader med groenne lunger, men det var ikkje så trygt å setta frå seg vesker og ting når ein slappa av. Det fekk me erfara nokså snart. Ivrige auge er raske til å kikka oppi veskene om det er noko interessant der. Kjersti!!!!!! Skal eg ta det eller det, eller begge to.? Passar dei i lag? Har eg plass i kofferten?
Silkebutikkar blir eg aldri lei av. Her var det eit eldorado. Nasjonaldrakten, Auw Dau, blir flittig brukt i Vietnam. Den finst i mange fargar, moenstre og den blir brukt som skuleuniform av jentene(kvit over del og svart el. kvit bukse). I butikkar, på hoteller, som brud og i gatene såg me han brukt.


Elva deler byen i ein fattig og ein rik del. Det er fine hoteller,handlegater og groenne lunger i deler av byen og så er det marknad, gatehandel og små spisestader og enkle hoteller i andre deler av byen.
Vietnamesarane smiler like mykje som thaiane. Dei er vennlege og imoetekommande. Mange er flinke i engelsk og mange snakkar engelsk. Det var godt å få ein kvile med thaien, men når det er sagt så kling thai mykje betre i oeyra enn vietnamesisk. Dette språket minnar om fuglekvitring som ikkje gir seg.

Etter 4 dagar tok me båten til kysten til ein liten by med namn Vung Tau. Vil ein ha ro og avslapping så er dette staden. Fine kvite strender( framre og bakre strand) og billige fine hotell. Nesten ikkje trafikk.
God og billig mat. Gode porsjonar. Eg skulle ha fisk og fekk fisk så det monnar.
Byen er ein liten fiskelandsby. På den eine bysida låg det fisk til toerk langs vegen i lange banar.

Eg som er vokst opp og bur ved havet......så kjekt det var og se det igjen. Her var det langgrunt. Dermed blei det lite symjing i det sydkinesiske hav, men boelgjer var det nok av heile dagen. Då vaknar barnet i ein på ny. Jippi. Me såg ikkje sola dei fyrste dagene, men me blei solbrent. Herleg å slappa av med havet, ei god bok, litt sval vind og få farg utean sol. Den siste dagen fekk me sol, og då var det ikkje så behageleg å liggje der, nei.
Vi sykler i vei, og lykkelig er jeg , når du kan bli med meg......(ein eldgammal slagar). Kjærleikssykkel kalla dei denne. Sli,ke var det mange av. Ein fin måte å kome seg rundt i byen på, og me trong litt trim innimellom strandoektene.
Dominohus er eit greit namn på husa i Vietnam. Dette er ei hotellrekkje. Me budde i den oransje. Dei har smale hus fordi dei må betala skatt i hoeve til kor breie husa er. Då er det logisk å gå i hoegda. Dette er eit billig hotell. 10 $ natta. Nyttårsafta kosta me på oss eit hotell med meir luksus. Me flytta over til eit hotell som også hadde eit nytt fint legesenter i tilknytning til hotellet.
Dei feirer ikkje nytt år her. Dei feirer kinesisk nyttår. Dette blei derfor det rolegaste nyttår me har hatt. Ingen rakettar, men me bestilte buffet på det finaste hotellet i byen og i fine kjolar vandra me til ein lokal pub for å laga vårt nytt år.
Etter 5 dagar var det farvel til badebyen og nyt båttur tilbake til storbyen.
Her er me i restauranten til eit av byens fine hotell. God utsikt og medan eg me mi hoegdeskrekk stod litt lenger bak så noeyt Hilde og lena seg ut for å få sett mest mogleg.
Eit glimt frå ein fortauskafe i China Town. Dette er det typiske vietnamesiske gatebiletet. Me har tinga iskaffe. Det er ikkje alltid like lett å skjoena korleis ein gjer saker og ting. Eit skarpt blikk på nabobordet og litt hjelp frå servitrisen så fekk me nyta ein god kald kaffe.

Duna HOTELL i Ho chin Minh blei vår base nok ein gong. Eit koseleg dominohotell (det kvite)med god service til ein billeg penge.
Inne i den fine delen av byen fann me ein restaurant med fin atmosfære. Det kunne ikkje passa betre for denne danseglade damen og nyta sin middag i dette miljoet. Dansebilete i ulike storleikar og motiv overalt.
Se så koseleg. Denne danserestauranten måtte me berre tilbake til. Maten var så god. Vestlig mat må vite, lun og god stemning. Den siste kvelden måtte me berre nyta her. Etter 2 nye dagar i Ho Chin Minh var me klare for Bangkok med to steintunge koffertar og to små ryggsekkar.

HAPPY NEW YEAR, happy new year......(ABBA) ljomar det ut frå hoegtalaren kl 2400 på puben i Vung Tau. Me skulle akkurat til å gå heim for det skjedde jo ikkje noko. Då kom denne vene vertinna og sa: We want to invite you for a drink. Its free. Happy new year.
Dermed blei det ein god droes me ho, song til Abba og happy new year til alle som var der.
Det skulle ikkje meir til. Me vandra heim me ei kjensle av eit stille roleg nyttår, men me fekk vår markering.