mandag 1. oktober 2007

No er det tid for å se seg om i distriktet


Utfartstrongen har starta.
Eg er blitt nokonlunde kjend i nærmiljoeet, dagsrytmen er på plass og eg har funne roen i heimen min. Dermed vaknar den nysgjerrige delen av meg. Landet har mykje å by på, men det har og distriktet Mukdahan. 17km utanfor byen ligg ein stor flott nasjonalpark, PHU PHA THOEP. Det var berre å ta beina fatt. Endeleg fekk eg kjensla av å vera på tur igjen. Sjoelv om det var varmt å gå var det fint å få kjenna på eit snev av fysisk aktivitet. Med vassflaska i handa fekk eg oppleva eit landskap som endra seg etter kvart som eg kom lengre og lengre opp i hoegda. Her var det mange,store sandsteinformasjonar, flora og fauna, klipper, vassfall og utsikt.



Denne veka ha meg og hatt mykje vitjing frå Noreg. Det er ekstra kjekt når ein ser kjente fjes blant dei besoekjande .Studentar frå misjonshoegskulen i Stavanger har vore her, og NMS-Eivind som eg likar å kalla han, for han var med på forboennsgudstenesta mi foer eg drog, har vore her som reiseleiar for eit reisefoelgje. "Du må hiva deg på alt du kan dette året,for elles vil du trega når du kjem heim, sa han". Eg er heilt einig og dermed var eg med dei til ei flott ny kaltolsk kyrkje som ligg utanfor byen. Ei nonne fortalde oss historia til 7 martyrar som ligg gravlagd her. Levningane ligg inni dokker i glasskister i kyrkja. I nyare tid, faktisk under krigen blei dei forfulgt og drept av politiet for si tru. Det gjer inntrykk å hoeyra slikt og med påfoelgande film blir det enno sterkare. Huset som nokon av dei budde i står framleis på området. Området her er storslått og det ligg kloss oppi Mekongfloden. Me ser over til Laos.





















I byen Mukdahan har det vore ein festival. Byen har vore pynta i silke som seg hoer og boer. Dei har feira byen sitt 25årsjubileum samstundes med at dei opna ein turisinformasjon. Stoffer i silke i sterke fargar dekorerer byen. Eg er glad i fargar, men det kan virka litt voldsomt av og til. Desse fargane har eg og fått moett på hotell og konferanserom i helga. Våre kollegaer frå Bangkok har og vore her på vitjing. Me har hatt fagdag ilag idag og sosialt samvær i helga. Mange kjekke medarbeidarar som kunne fortelja frå sine prosjekt og sitt arbeide i felten. Eg skjoenar at det blir dreve mykje god misjon og diakonarbeid rundt om. No ser eg fram til å få sjå litt av dette spanande arbeidet.








Ingen kommentarer: