HURRA for.................. 



Det har vore feiring i Mukdahan og i Bangkok. Den 13.okt blei klassens lille solstråle 8 år. Oen Ragnhild fekk vera prinsesse for ein dag og derfor blei fredag for ei god veke sidan avslutta med song, opning av gåve, kake og dekorering av krone. Den stolte og blide jenta sa på norsk at ho oenska seg ein blå sykkel. Dagen derpå sykla ho glad og noegd rundt på nettopp ein blå sykkel.
Same dag fekk eg meg ein ny tur til Bangkok. Vår alles så trufaste kollega Joke på kontoret i Bangkok gifta seg i Vietnam i slutten på september. 13 oktober hadde paret bryllupsfest for venner og slekt i Bangkok.
Det var ein fin seremoni,velsigning av det inngåtte ekteskapet. Det blei vist film frå bryllaupet i Vietnam og eit album med flotte bilete låg på gåvebordet.
Me var tre frå Mukdahan som reiste. Ikkje verst å få to Bangkok helger på rad.
For to av oss blei det ei skikkeleg damehelg. God mat, manikyr, masasje og shopping tek me vel imot.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar