torsdag 11. oktober 2007

One night in BANGKOK.........























....å nei. Det blei ikkje ei, men tre netter og fire dagar i Bangkok slik heilt plutseleg. Ein av elevane skulle ha fri for å reisa bort. Dei to andre måtte ha eksamen over 3 dagar i thaiskulen. Kva gjer så ein lærar utan elevar. Jo, hiv seg rundt for å oppdaga fleire nye ting i dette fine landet. Med "turen går til Thailand" i handa og gode tips frå ein gild kollega sette eg meg på eit tidleg fly til Bankok. Så vidt innom hotellet og så bar det rett til "The big palace"-Wat Phra Kaew. Storslått og kongeleg omgitt av ein 2km lang mur. Fargerikt og imponerande byggverk. På kartet såg eg at eg ikkje var langt frå elva,Chao Praya. Eg gjekk ned til elva og fekk meg ein fin båttur til ein billeg penge opp og ned. Elvebåten har mange stoppestadar og eg hoppa av når beina fekk lyst til å spasera igjen. China Town og det store kjoepesenteret i glass, Paragon fekk eg med meg på denne turen.




Fredagen moette eg ein kollega som viste meg slummen. Den stod i kontrakt til opplevingar dagen foer. Eg fekk vera med til NMS sitt prosjekt "Home of pride-lovsanghjemmet". Det er ein barnehage for 0-3år. Under motorvegen og utan uteområde. Det var nett som å koma inn i ein bunkers. Dei gjer ei god gjerning dei som arbeidar her. Smilande og nysgjerrige ungar moette eg på innanfor veggane. Det var ei rar kjensle å vandra ut gjennom slummen og ut i storbyeksosen att.





Denne kvelden vandra eg rundt på Suan-Lum, nattbasar. Her var musikk, god mat og mange boder. Eg klarte å la vera å handla så mykje for det var så godt berre å finna roen og kjenna på god stemning medan det gjekk mot midnatt og stengetid. Kva passa bedre enn å få med seg litt fotmassasje foer eg drog heim.
















Laurdag var eg klar for litt kultur igjen. Etter nok ein rask symjetur på taket av hotell Boss Tower, fekk eg tak i ein taxi og drog til Wat Pho, Bangkoks eldste tempel. Her fekk eg sjå landests stoerste buddha samling og landets stoerste buddha. Den kvilande Buddha er 46m lang og 15m hoeg. Det var i dette tempelet den foerste undervisninga starta. Her kan ein få god,billeg massasje av studentar. Det måtte eg berre proeve ,,,,,,og det var godt gitt.






Så bar det vidare i ny taxi som blei koeyrt av Bon Chai. Han blei min foelgesvenn resten av helga. For 300THB dagen kom eg meg overalt. Han hadde brosyrer og guiding var han ein kloeppar på. Eg kom meg innom Chin Jewelry og fekk se når flotte steinar blei slipt til smykker og ringar. Ei omvisning i verkstaden og kikking i ein flott butikk passa bra for ei dame som liker å sjå fine smykke i gull og diamantar.
Målet den dagen var Wat Saket, det gylne fjellet. Dette er ein fredeleg plass med fin beplantning og 360 graders utsyn over Bangkok. På vegen ned bar det innom Chatuchak helgemarknad, 5km og meir enn 8000 boder. Her blei det handling og min trufaste taxivenn tok kaka då han starta å pruta for meg. Det fungerte. Eg fekk alt billegare enn startpris. Til og med eit maleri kom eg ut med. Han bar alt og han tok bilete. Det nærma seg kveld.. ..og eg tenkte meg heim, men min gode venn meinte eg måtte innom ein god skreddar. Som sagt så gjort. Plutseleg var eg i ferd med å ta mål til både ullkåpe og drakt og kjole. Denne kvelden var det herleg berre å liggja på senga å lesa i "tusen strålende soler" og lata seg med ein amerikansk film på fjernsyn. Har ikkje sett fjernsyn sidan eg forlot Norge så nå blei det litt luksus rett og slett.







Sundagen var det ein kjapp tur innom skreddar igjen for å gjera justeringar på den nye garderoben. Utruleg kor fort dei kan sy på bestilling tenkte eg medan eg grubla over korleis eg skulle få alt med meg heim. Resultatet blei ein ny bag.











Eg kom meg heim med alt, fine bilete og gode minner frå min foerste storbytur heilt på eige hand...... og taxi kortet til Bon Chai (.....next time my friend from Mukdahan.,,.you call me. Bon Chay drive you everywhere.....)




p.s eg ser det blir ein del skrivefeil undervegs. Beklager godtfolk, ber over med meg. Det går litt fort og tastane sprett og hopp litt av seg sjoelv av og til.




























1 kommentar:

Anne Brit og Arne sa...

Hei Kjersti!

Neste gong du er i Bangkok vil me gjerne ha besøk i Fantasia Villa!!