fredag 14. desember 2007

Eg tenkjer på LYSET- DET KVITE- DET FORTIDLEG FOEDTE BARNET-MORA SOM GRÅT AV GLEDE....






......sa elevane mine dagen derpå då dei fekk i oppgåve å uttrykkja sine tankar og opplevingar etter at me hadde proevd å gå litt i LUCIA sine fotspor 13. DESEMBER












ADVENT er eit omgrep som ikkje er kjent her i Thailand. Her går dei rett på julefeiring med farger og pynt som liknar ein amerikansk jul. Julemusikken er amerikansk og nissen er amerikansk.





I skulen har me advent. Me tenner lys kvar dag og me har hatt ein dag der me har vore kledd i lilla farge.






Elevane har sydd kvart sitt lilla hjarte. Me er komne til 13. desember, Luciadagen. I KRL faget for trinnet skal dei læra om helgenar. Den eine er Lucia. Denne dagen hadde me som mål og lysa opp kvardagen for nokon av dei rundt oss.









Me kledde oss i kvitt, hang det lilla hjartet i gullbeltet og utstyrte oss med kvite lys og mange gode julekaker i ei stor korg.



Ein spanande dag for klassens thaielevar og min thaiassistent, khruu Ann. Dette hadde dei aldri sett eller vore med på foer. For Ida Marie og eg var det kjent , men uvant å vera Lucia i dette miljoet og ikkje minst gå med lys ute steikande sol.







Me starta på St.Joseph school. Her var me innom to 2.klassar, og dei er store. Rundt 40barn i kvar klasse. Det var to stolte 2.klassingar som vandra rundt med korga. Det var denne klassen Oen Ragnhild gjekk i foer ho starta i den norske.
Dette var kjekt sa jentene. Elevane reiste seg for dei og helsa fint,bukka og takka for dei gode kakene. Me blei godt mottekne. Me fortelde om Lucia og kvifor me i Noreg har denne skikken.
Og lærarane var så positive til at me kom. Den andre klassen me var i var khruu Bla (til venstre) sin. Ho er ein av lærarane eg har god kontakt med. Ei flott dame som er så nysgjerrig på alt det norske. Etter denne gode mottinga stoppa me opp framfoere kvart klasserom me gjekk forbi , helsa og song medan me gjekk vidare.


Me ville gjerne vore innom , The father/rektor. men han var ikkje tilstade så me gjekk innom administrasjonen. Dei smilte og tok imot kaker, men dei såg litt overraska ut.




Neste stopp var det internasjonale sjukehuset. Dette var me spente på. Litt nervoese var me der me henvendte oss i resepsjonen og fekk mange nysgjerrige auge retta mot oss. Men me hadde gjort ein avtale med ei svært så positiv oversoester.

Stor var vår overrasking då me blei foerte til nyfoedtavdelinga. Denne faren hoeyrte oss i gongen og han såg at me vandra inn på romma med lys i handa medan me song. Ver så snill og kom og syng for vår foerstefoedte spurte han. Eit stolt foreldrepar som strålte av lukke over deira nye son.

Dette var kjekt. Me fekk foelsa at me lyste opp kvardagen til desse menneska.





``Ein nyfoedt kjærleik soev`` som me syng i songen, en stjerne skinner i natt.

Opplevinga på denne avdelinga var så spesiell. Tankane gjekk til den songen. Her fekk me moete prematur, for tideleg foedte barn. Dei blei teke ut av kuvoesa og me stod og song rundt eit og eit barn. Eg fekk fortalt kvifor me var her, kor me kom frå og kva skule me gjekk på. Dei lytta interessert og dei skjoena engelsk.

Mora på biletet over gråt og gråt av lukke blei med fortalt. Mannen hennar tok eit godt tak rundt den lille familien sin og sa han var så takknemleg for at me kom.

På veg ut song me gjennom resepsjonen og gav kaker til alle me moette. No hadde me fått ekstra god inspirasjon.


Neste stopp var sentrumssjukehuset. Her var me nokså spente på korleis me sjoelv ville reagera. Her er det fleire fattige og me skulle inn på ein avdeling med 20 sjuke barn i ulike aldre.
Men ei smilande oversjukepleiar tok i mot oss. Gav meg ein mikrofon og så var det berre å koeyre loepet ein gong til. Her var det godt å ha khruu Ann til og omsetje meininga med dagen. Elevane min var så trygge og stolte på dette no så dei vandra frå seng til seng og song og gav kaker. Her gav me og ein liten gåve til kvar pasient for me var usikre på om dei var i stand til å ete.
Dette var litt av ei overrasking for oss sa personalet. Noko slikt har me aldri opplevd. De er velkomne tilbake.Så kjekt då. Her og song me oss gjennom resepsjon og venterom.

Enkelte fattige tok ein heil neve med kaker. Men dei var nok svoltne og då var det ei god gjerning i seg sjoelv.

Ein taxisjåfoer som hadde sett oss på venterommet kom og henta oss. Han ville ha osstil å syngja for passasjerane. No var me så rutinerte at det tok me på strak arm, og dermed var kakekorga nesta tom......


Ein god gjerning for dagen stod att...... i adventida har elevane hatt som heimeoppgåve å gjera ei god gjerning i heimen.

Ei lillesoester hadde 2årsdag denne dagen og selskapet venta på systrene og Ida Marie.

Me gjorde oss klar til ein innsats for Hanna Olise. Med sjoelvlaga kort og gåve i korga og levande lys i handa gjekk me roleg inn i huset der dei hadde slukka lyset og venta i spenning. For siste gong denne dagen song me Luciasongen og så bursdagassongen for ei soet lita jenta og hennar bursdagslag.


SÅ TENNER ME 3 LYS I KVELD, tre lys for GLEDE,HÅP OG LENGSEL



















































2 kommentarer:

Hilde i Thailand sa...

Himmel og hav...er helt imponert...

Ellen Sofie Hetta sa...

FOOOR en fantastisk dag og fortelling- SÅ FLIIINK du er!!! Jeg vil at barna mine skal vokse opp med deg som lærer!!!DU er toppers for dem altså! og for en dag- jeg skulle gjerne vært med og hørt dere-takk for en veldig inntrykksfull blogg!!!Klem og gode juleønsker til dere alle i Moktahan fra Ellen Sofie