fredag 13. juni 2008

Happy happy......


HAPPY HAPPY....juni månad har vore bursdag på bursdag på bursdag.....


Både heime i Noreg og her i Mukdahan har det vore mange å feira i denne sommarmånaden, og enno er me berre halvvegs i juni.

Eg er sjølv med i denne junibuketten. Ein ny runde rundt vår moder sol er unnagjort, og det resulterte i feiring i Khamsaithong Road.






Eg hadde då tenkt at det kunne vore greit å invitera med seg
gjestene ut for å ha eit godt måltid i lag, nett som thaiane plar gjera.


Mine thaivenner var ikkje happy med det. Dei ville heim til meg, og då blei det slik.


Her er min språklærar i thai, Moonoy klar med grytene. Ho gjorde ein kjempejobb i lag med hushjelpa mi.


Kjersti, we buy and prepare the food for you, okay??????


Kjempe, tusen takk til begge to.


17 gjester frå 5 ulike land var innom mandagskvelden 9.juni.


Mine kollegaer Khruu Platoo og Khruu Aa frå thaiskulen var der.


Dei kom ein heil time for tidleg og hadde med gåve frå familiebedrifta til Platoo i nord Thailand.

Son og dotter fekk og bli med på bursdagsfeiring med dei vaksne.

John frå Australia , min dansepartnar, er nøgd med buffeten. Som alltid er han klar med handkleet rundt halsen, og det betyr at det rykkjer litt i dansefoten

Og her er sjølvaste salsa-John, (USA)danselæraren vår. Mellom middag og kaker blei det dans ja. Omtrent alle gjestene er innom John sine kurs så danseskorne blei det bruk for.

Boa og Graham ( Canada) er alltid på plass i godt vennelag. Dei sparer pengar i 90 no, for dei vil svært gjerne besøkja meg i Noreg, og då skal me stå på ski......


Boa er veldig flink til å laga mat. Ho hadde med mat (presant)til meg. Eg trur ikkje eg kjenner nokon som skal ha det så sterkt som Boa, men dette var slett ikkje sterkt. Ho kjenner meg etter kvart.


Misjonærene var innom, og damene her var dei siste som forlot selskapet. Thaiane tek alltid tidleg kveld, men det gjer ikkje me når me er i siget.

Og ungdommen var innom.....


Desse smilande damene ville berre fortelja at ho eine har så lyst til å læra å dansa salsa, medan den andre aldri kunne tenkja seg og prøva på noko slikt.







Med denne nyyydelege blomebuketten(liljer er foresten blandt dei mest eksklusive blomane i Thailand) vil eg berre få sei tusen takk til alle som har sendt meg sms-ar og mailar i anledning dagen.
Tusen takk til alle som svingte innom huset mitt og bidrog til at det blei ein gild kveld.
Då er det berre og ta fatt på ein ny runde rundt sola, og neste gong feirer eg i Noreg. Rart...
Returbilletten er no i boks. Det blir midt i ferietida. Eg landar sundag 13.juli kl. 12.15. Flyet går via Frankfurt.













1 kommentar:

Unknown sa...

Hei! Ser ut som du hadde en fantastisk feiring av dagen:) Det er godt. Gler meg masse til du kjeme heim. det skal bli godt å ha mor i nærheten når det nermar seg at barnebarnet skal komme;) stor klem fra oss begge.