mandag 14. april 2008

VATN, VATN, VATN,,,,ein må tåla å bli våt, eller rettare sagt,,,gjennomvåt i desse dagar

Det er festivaltid igjen i Thailand. Heile fire dagar til ende er det SONGKRAN festival, 12-14april. Då stoppar Thailand opp.
Dette er ein av dei viktigaste festivalane i landet. Den markerer byrjinga på eit nytt solår, det er nytt år i Thailand. Thaiene besøkjer sin lokale wat for å tilby munkane mat, og unge par heller vatn med god lukt i foreldrene eller andre eldre sine hender for å be om deira velsigning og som eit teikn på respekt.

Ingen rakettar skal opp på himmelsen, men vatnet skal opp, ut, og sprut sprut på alt som rører seg.

Det er lenge sidan eg har hatt ein vasspistol i hendene (det var når sønene gjekk amok om somrane) Men ingen står og ser på at thaiane feirer Songkran, for blaut blir ein uansett. Eg rusta meg til vasskrigen.....



Det starta på skulen fredag 11.april. Ungane hadde med seg spruteflasker og vasspistolar og ingen sure mine om ein blei blaut. Til og med lærarane var fritt vilt.
Kruu Platoo, eller Bla(fisk) som er kallenamnet var ingen blautfisk,,,,,eller var det det ho var.. Eg trur ungane hadde gløymt kor varmt det var å springa ute i 38grader. Full fart og sprut i 90

Butikkar er stengd, thaiar tek ferie og skulen har ferie. Eg og Platoo brukte laurdagen til å dra rundt og spruta på vener og kjente. Alle familiar har eit lite vassbasseng strategisk plassert i vegkanten denne helga.....Dette måtte eg berre læra meg kjapt for det var ekstra kjekt å få spruta på farangar.......og mi gode venninne...ho tok heilt av..

Den elles så elegante skulelæraren på thaivis var snudd om til å bli ei kvikk , luren rampejente .




Til og med innomhus skulle ho, og då var min vasspistol god å ha. Nei blir ikkje teke som eit svar når det er Songkran sjølv om ho til tider måtte bøya seg for overmakta. John fra Australia har hatt jobb som bodyguard......


så ``big John`` som han kallast i danseklubben fekk sleppe for mykje vatn (og så var det jo hans hus) . Platoo var ikkje så nøgd med det...
Under denne festivalen bærer folk nye klede, Songkran skjorter i glade fargar. Husmødrene gjør skikkeleg reint i huset før festivalen startar. Alt gammalt skal vekk, alt skal vera reint. Det er og grunnen for at ein heller vatn på kvarandre. Me skal bli reine, for alt gammalt og skite bringer ulukke. Få det vekk!!!!!!
Buddhafigurar blir og bada som eit ledd av denne seremonien.



Festival er festival. Musikk og underhaldning høyrer med. Søndag 13. er den store dagen. Då var det kåring av miss Songkran. Først blei missene vist fram under ein lang bilkortesje, og så var det kåring om kvelden.......og då kom regnet og vinden...heilt uventa. Det blåste og regna så alle trakk innomhus igjen. Myten seier at dersom ein kastar mykje vatn under denne festivalen så vil det koma mykje regn når tørketida sluttar, og det trengs. Så derfor er det ingen vits i å spara på vatnet.......
Dette minne litt om sandvolleyen heime. Her er det sandvolleyturnering langs Mekongelva, og oppe i gatene var det vanleg volleyballturnering.
Endeleg blei pickupen min gjevare ein gjevast( bilparken hos misjonærane er blitt oppgradert). Alle som eig ein pickup køyrer rundt i byen med vasstank på planet......Min lille røde og Espen/Maria sin store svarte var klare for å køyra i kortesje og SPRUTA VATN på absolutt alt og alle me passerte.

Me hadde ikkje køyrt langt før me var nokså gjennomnåte. Hjelmen til Lek var god når isbitane kom farande gjennom lufta.



...og utstyret er i orden ja. Øn Ragnhild var kjempestolt når ho traff ein politimann som kom køyrande bak oss....og alt er lov....alle smiler når det er Songkran
Ein liten pause før ein ny bil kjem forbi......
Ein vasstank varer ikkje evig.....påfyll hos ein lokal innbyggjar som kvitterte med å setta vasslagen rett på oss...


14.april er det framleis full fart og festivaltid. Eg var godt nøgd med 2 klissvåte dagar. Dette minne svært mykje om russefeiringa heime,,,, du kan ta fram barnet i deg og få lov til å gjera det som til vanleg ikkje er lov.....fantastisk gildt....
Eg har to dagar igjen med ferie. Dei nyt eg i det lokale bassenget, for nå er det høgsommar her. Ein plass mellom 30-40grader kvar dag, puh.... feiringa av det nye er så absolutt på rett plass når det gjeld temperaturen.







søndag 6. april 2008

EKSKURSJON, skoletur til BANGKOK

Etter påske bar det rett til Bangkok og storbylivet.
Det begynner å bli litt ``heimevant``med storbyen no.
Heldigvis er det mange fine og fredelege
stader i denne byen som her med Rama 8 bridge
over Chao Phraya elva.

2.påskedag starta skulen opp igjen på eit hotellrom midt i Sukhumhvit, soi 4.

Hotellet var stort og fint og komfortabelt, men gata utanfor harmonerte ikkje heilt med hotellstilen.
Her er eit stykke Bangkok i miniatyr. Tiggare med barn, tiggare med funksjonshemming, unge lettkledde jenter som byr seg fram, eldre store vestlege menn på jakt, barer, marknader, restauranter, ladyboys og kjøp og salg av ulike tenester. Eit yrande liv på kveldstid med andre ord......og inntrykk som ikkje så lett vil forlata netthinna.



Den eigentlege grunnen til at skuleturen blei lagt til nettopp veke 13,,,, er denne vesle jenta

JOSEFINE heiter ho, og ho blei fødd på påskeafta i Bangkok. Mine elevar Bok Sophie og Øn Ragnhild er blitt storesystre til ei nydeleg prinsesse. GRATULERER







Skuletur er skule i kombinasjon med tur. Derfor starta klassen med forarbeid på hotellet kvar morgon. (akkurat der er eg nokså streng,,, ikkje sant kollega Nina på Håland skole)


Då fekk elevane vita kor dei skulle dra og kva oppgåver og ansvar dei ville ha gjennom dagen.


I Mukdahan har me hatt om dei ulike instrumentgruppene i musikkfaget. Denne dagen stod musikk og besøk på musikkskulen i Emanuel kyrkja på programmet.


....Og slik endte det. Øn Ragnhild fekk til å spela ein melodi på fiolin. (musikklærar Solveig akkompagnerte på piano)



Du verden, så kjekt .....men fyrst hadde Solveig lagt inn litt øvingar på korleis ein må trena for å bli fiolinist.




Slik skal fiolinen haldast. Tenk på eit fly som skal landa på
flyplassen, sa Solveig. Fiolinen, flyet skal rett på plass og stå der.....og det fekk Bok Sophie til.











ååå, eg trudde aldri eg skulle få halda i eit strengeinstrument sa Ida Marie. Til og med når ein kvile skal fiolinen og buen haldast på ein bestemt måte , nett som Ida Marie har lært.

Så mange ulike storleiker i denne familien. Solveig kunne fortelja at 3 og 4 åringar får spela på den minste.

Tusen takk Solveig for at me fekk ha ein fin og lærerik dag i lag med deg og dine elevar som viste oss kor flink ein kan bli spela på fiolin.










Lang, lang rekkje,,,,kven skal ut av rekkja gå????












Me gjekk mykje og mange stoppa opp og smilte til oss. Spesielt thaiar...
Dei to yngste gjekk hand i hand heile dagen. og det er nok ikkje eit daglegdags syn...






Ein ny dag og ein ny utflukt.....




Me tok skytrainen til eit av dei største kjøpesentra i byen, PARAGON.


I kjellaren gøymer OCEAN WORLD seg med si fantastiske verd under havet.

Naturfag, vatn og fisk var tema for elevane denne dagen.
Fyrst fekk me oppdaga havet gjennom eit glassvindauge i botnen av ein robåt
Til og med haier symde under rumpa vår....

Skummelt.

Elevane blei nokså overraska over at havet ikkje berre er blåfargar.
Ei fantastisk fargerik verd kom til syne.




(Skjønar godt kvifor nokon er fasinert av å dykka)








Etter ein spasertur gjennom ``regnskogen`` var det godt å få setta seg under havnivå, men med ein tjukk glasvegg mellom. Då gjorde det ingenting om haiane symde bak ryggen på oss. Faktisk var det ganske kjekt å koma så nær tennene på dei.
















Midt i veka måtte me opp tidleg. Klokka 0730 drog me avgarde til jernbanestasjonen. Samfunnsfag og aktuelle tema i KRL faget var det pedagogiske målet for dagen.


Me skulle dra til AYUTTHAYA, 85km nord for Bangkok, til ruinane av den hellige byen som no UNESCO vernar.

Byen som blei bygd av 33 kongar over ein periode på 400år.

Byen som i 4 århundrarar var hovudstad i Thailand, og

byen som var ein av dei rikaste byane i Asia på 1600 talet med sin store eksport av elfenbein, dyrehud og ris. På den tida budde det 1mill. menneske her.





Fyrste stopp blei Wat Phanan Choeng, dei best bevarte bymurane finst her.
Dette er og eit av dei eldste templa i byen. Dette Buddhahovudet som sikkert ein gong har stått oppe på eit byggverk har hamna trygt og godt oppå ei trerot. Røtene har funne vegen rundt hovudet.

Dermed er det blitt ein hovudattraksjon.



Fram med feltmappene jenter.
Dette måtte nyskapast på teiknearket.

Mange turistar stoppa opp og observerte dei unge kunstnarane. Dei fekk til og med spørsmål om kva kunstskule dei gjekk på.....den norske skulen i Mukdahan svarte jentene likeglad .....



Tenk at denne storslagne byen som og hadde besøk av kjøpmenn frå Europa så tidleg som på 1500talet blei øydelagt i løpet av 1år.

Hæren frå Burma slo til midt på 1700 talet og dermed var det gjort.

Det er og blir ein spøkjelsesby.

Heile og halve chediar, tempelmurar og klosterruinar møter me på vår vandring i byen.




``Finn dokk ein stol i treet``......jentene, uansett alder tok hintet med ein gong. Det var godt å få slappa av litt, klatra og plukka fine kvite og gule blomar som dette treet kunne by på.









Wat Phra Sri Sanphet,


I si tid det største tempelet i byen.


Her ser ein 3 store flotte chediar som ruver inne på omådet. Dei blei bygd til ære for 3 kongar på 15.hundre talet. Dei står i stor kontrast til alle ruinane på området.
Det var frå dette området eg fekk kjøpt meg eit flott bilete når eg var i Hua Hin. Det oransje kledet som dekkkjer noko heilag frå svunne tider fasinerer meg når eg vandrar gjennom gater av stein......
Like i nærleiken kom me til



Viharn Phra Mongkol Bophit.


Her inne sitt ein av største bronse buddhaene i Thailand. Nestan 17m høg. Ein fakkel på hovudet og den høgre armen blei øydelagt under den store brannen og herjingane. I 1957 blei denne restaurert .


Dette tempelet blei då bygd rundt denne buddhaen.


Under restaureringa fann ein og hundrevis av mindre buddhaer inni denne store.






LUNCH TID.........





Var det krokodille på menyen her tru????





Det var fint å nyte sin lunch ved Chao Phraya elva. I denne byen møtast faktisk 3 elver.



.....hei, vil dokk sitta på? Her er det ein liten luring som har teke styringa.....





Det ville nok bli tungt å sykla rundt med 3 vaksne som passasjerar....











Me hadde betalt 1000baht for å ha ein tuk tuk heile dagen ... og det kom godt med for no skulle me ganske langt avgarde.



















Chan Kasem Palasset som ein gong blei bygd som forsvar mot fienden.


Palasset blei sjølvsagt øydelagt i lag med alt det andre, men på 1900 talet ein gong blei det bygd opp igjen av kong Rama4.


Etter det er det blitt brukt som eit sommarpalass for kongar som ville vekk i frå storbyen Bangkok.




Og det skjønar ein godt, for dette var eit lite paradis på jord med sine store vatn, parkar og bygningar. Det var rett og slett idyllisk. Ein fin stad og avslutta dagen.

Me koste oss litt med drama, fantasi omkring ordlyden: dersom eg hadde budd her inne på denne tida så hadde..........





Me seier tusen takk til Ole Kristian, misjonær Marit sin bror som var med oss denne dagen. Han hadde vore her før, så dermed slapp me å bruke tid på å leita oss fram til utfluktsmåla.

Ole Kristian losa oss raskt til måla, og veslesyster Ingeborg Anna var glad for å få vera med onkel på skuletur med storesystrene og klassen frå Mukdahan


Klokka 1800 var me klar for å ta toget heimover. Det blei ein lang dag og ein varm dag.



Ikkje rart at magen var i ferd med å gi lyd frå seg. Vatn måtte me ha og noko å ete måtte me ha.


....og neste dag var det engelsk og forming som stod på planen.


Me skulle besøkja den internasjonale skulen, Patana i Bangkok .Det er her misjonærbarna i Bangkok er elevar. Skulen tok vel i mot oss, men mitt kamera gjekk sundt så derfor ingen bilete. Heldigvis at eg har videokamera, for film blei det og fine kort blei det. Elevane laga kort med engelsk tekst frå eventyret om Snøkvit og dei 7 dvergane.

Eg vil hugsa den store bronsebuddhaen som eit godt minne , sa Ida Maria
Eg vil hugsa det gode klatretreet som eit godt minne, sa Øn Ragnhild
Eg vil hugsa livet i havet på Ocean World som eit godt minne,sa Bok Sophie.
og
Alle ville hugsa den gruuusomme varmen når me var i Ayutthaya.
Den siste dagen blei brukt på hotellet til oppsummering og .....mange dukkertar i bassenget.
Ulike opplevingar og ulike inntrykk tek me med oss tilbake til Mukdahan.



Eg hadde pakka koffert og gjort meg klar for nattbussen heim .......
Det blei nokre timar ventetid og i Emporiumparken fekk eg med meg


29.april .....merk dykk denne dagen.....

Det er den verdas dansedag.....


I Thailand er det den varmaste tida på året. Kven orkar å dansa då??????

Derfor markerte dei i Bangkok denne dagen med ein internasjonal dansefestival 29.mars.

Alt var gratis. Danseshow med internasjonale aktørar, workshops frå hip hop til ballett, og utstillingar.



Alle som kan røra på seg kan dansa.....
var parolen

Eg heiv meg rundt på eit minikurs i fysisk dans, dans og bevegelse. (det er mykje ein kan no sjølv om ein vente på ein buss)

Her er salsadronning og salsakonge i aksjon...

Dette skal me læra hos danse John på Mc Caffe i Mukdahan. Berre vent og sjå.

Snart er det 29.april......
























onsdag 2. april 2008

I år var påskeegget fylt med andre ting enn det vante......

Det er berre dei klare gulfargane på blomemarknaden som minner om Påske i Thailand.... og sola då som skin heile dagen og varmar oss kanskje meir enn me kan tåla midt på dagen.


Med Påska kom sommaren. Ingen vår her. Det gjekk rett frå vinter til sommar. Rundt 30 grader på dagtid..... Her blir ein godt van med å svetta utan å gjera dei heilt store fysiske spranget....



Det resulterte i at eg med min tjukke hårmanke måtte til frisør for å minska litt på svettetoktene. ``Der forsvann 10år i eit klipp``, sa misjonær Eirin då ho såg resultatet. Seier takk for det, men så kort hår har eg aldri hatt før.......uvant ...... trur eg vil ha dei 10 åra tilbake......



Helga før palmehelga landa Kristi Beate og Knut Erik i Bangkok. Ho skulle vidare på studietur i ei veke til Singapore.



Dei kom frå kalde og snøslafsete Trondheim til varme Bangkok.



Eg heiv meg på flyet denne gongen for å få mest mogleg ut av 2 dagar med dotter og svigerson....


(og så var eg så spent på å se babymagen)
....Og kor enda me opp????


Hos skreddar Brioni og Mr. Alex med kalkulator og gode tilbod på stooooore bestillingar. Kristi Beate hadde t.o.m med mål av yngsteblad Øvestad, så her blei det ein god ordre. ``Don t cut my finger`` ber Alex om, men sidan eg er den gode kunden eg er, og sidan eg allereie har ``cutta`` både ein og to og tre fingrar i mi pruting så blei det ein god ``deal for alle``. Eg fekk t.o.m ei gåve p.g.a alle mine bidrag til nye kundar (ei fin grå kashmirjakke til vårkveldane i Noreg).


Men Mr. Brioni kan sitt fag.....det skal dei ha. Odd Kjetil i Norge er kjempenøgd med dress og vest og skjorter og slips som blei sydd kun etter mål på ein liten lapp.......men så har me jo fått litt erfaring etterkvart i å ta ut stoff og fargar, etter alle besøkja rundt i systovene.




1. halvdel av påska, mandag-torsdag var mine barn tilbake i Thailand. Då var og Knut Erik sine foreldre komne til smilets land. Alle 4 tok turen til Mukdahan og eg fekk ``påskeegg`` fylt med gildt besøk, norsk sjokolade, knekkebrød, brunost, kaviar, avis og norske vekeblad med god norsk sladder.
Tusen takk. (No storkosar eg meg med det)








Det blei ingen mjuk overgang til thaimat for gjestene. Me gjekk rett på sak. Ein ny plass å eta kvar gong me hadde måltid blei målet.

Samret, hushjelpa mi er storveges nøgd når ho får laga mat til ``farangane``. Til meg lagar ho alltid så store posjonar at eg har mat i 3 dagar. Denne dagen fekk ho laga middag til 5 personar. Tre ulike rettar blei fam. Teigen og fam. Øvestad


servert......og maten...den smakte like bra som på ein god restaurant.......




....og svoltne blei med, for sjølv om Mukdahan er ein fredeleg liten plass i høve til Bangkok så var ikkje desse dagane prega av ``slow motion``livet.
Det skal feirast bryllaup hos fam. Teigen i mai så mine kvinnelege gjester hadde store og mange
oppdrag i høve til brudepikekjolar, brudesvenndressar, selskapskjolar og gåver til barnebarn og tantebarn.



Så bra at lille Mukdahan har sitt og by på av slike kvinnelege behov som shopping, pedikyr, manikyr og frisør.......og så bra at eg har tråkka opp stiar og vegar for å nå desse måla på kortast mogleg tid, for me kom i mål på desse 4 dagane. Då var det berre nydeleg for guiden og få synka ned i ein nokså slitt skaistol hos den lokale frisøren og få litt stell på hender og føter av to alltid like smilande unge jenter.


Min personlege, lokale skreddar Pray fekk nok litt bakoversveis når mine gjester la inn storbestilling i løpet av 4 dagar.


Men ``ho`` er fenomenal. Etter 2 dagar hadde ho fiksa ein kjole til Kristi Beate og ein til Anna.


Ingen av oss hadde trudd dei skulle få det med seg i kofferten....



You are the best, my friend..... for kjolane satt sjølvsagt som støpt.



Då gjer det ingen ting om alt det andre må sendast heim pr. post.
...og det skal me få til før den store dagen i mai.
(det blir mitt oppdrag)


Gjestene skulle ha resten av påska i vante spor på ski på Geilo. Eg skulle gjerne ha vore med i snøen, men det får bli til neste år....og tenk, då med en pulk på slep ( teknologien seier me venter på ei lita jente, hurra)



GOD TUR heim og tusen takk for besøket.








Då falt valget på havet.
``Intet er så rommeleg som havet`` opnar Jærdiktaren Garborg ei av sine bøker....

...og havet er heime på Sola for meg....

Eg drog til Hua Hin, byen der alle heime dreg når dei skal feriera i Thailand.



Kven veit, kanskje møter ein naboen i Noreg når ein ferierer på slike stader??????


Eg fann eit koseleg hotell nær ei svært så fredeleg strand. Det var slett ikkje overfylt av badegjester her. HERLEG.



Men inne i byen! Der var det fullt

Her var det meir kvite menneske enn Thaiar, og prisnivået var klart høgare enn eg er vant med.......men klarte eg å la vera og shoppa for det????????


Langfredag kom Hilde ned frå Bangkok. Det var gildt å få lag resten av påska, og me to i lag klarer
å koma oss innom det meste,,,,,,,,

KABARET... blei det denne gongen.


Thaijentene er verkeleg jenter på sin hals, og dei er flotte jenter.


Men kva er det som får ein gutt til å leggja sjela si i å bli ei jente, ein ladyboy, ein kathoey. Eg berre undrast?????

Eg blei fasinert av denne thailandske varianten av ein kabaret der

-inga sminke er for voldsom
-ikkje noko plagg er for ekstragavant

-og inga adferd er for karikerande
DANSE kunne dei. Dei var så samkøyrte
i rørsler og uttrykk, men songarar var dei ikkje (playback)





1.påskedag var det slutt på mine feriedager, men før me drog til Bangkok var me innom misjonærparet Anne Brit og Arne, og deira 3 små sjarmtroll.


Dei har bygd seg feriehus i Hua Hin.


For eit koseleg hus.....,Skjønar godt at familien nyt sine frihelger her.
Kanskje eg skal satsa på eit slikt feriehus når pensjonistfasen nærmar seg...

Det er i allefall lov å laga seg draumar mot denne fasen !!!!!!!



.......Og så var påska 2008 over... utan ski og ryggsekk, men med brunfarge og ein tung koffert med 2 nye bilete i. (veit ikkje heilt kor eg skal ha dei då, men det blir det nok ei råd med lell,,,
Neste stopp for meg er Bangkok. Der ventar elevane mine.
Me skal på skuletur.