søndag 6. juli 2008

På besøk hos Ann

Eg hadde lova min thaiassistent Ann, at eg ein gong skulle bli med ho til heimbyen hennar Khon Kaen.

I slutten av juni fekk me det til. Ann elskar byen sin som ligg vel 35mil vest av Mukdahan.

Denne gongen fekk eg låne fam. Mydlan sin nye bil til turen. Eg skjønar godt at misjonærane ikkje er så happy over min bil når det er van med slikt køyretøy.

Dette var nett som eit fly og setta seg inn i. Me var konge på vegen i dei 3 timane det tok før me nådde denne store universitetsbyen midt i landet.



Ann er frå landsbygda. Dermed blei det nok vel 40km ut av byen att før me nådde heimen hennar.
Og der venta mor(46år)....og det var mor med stor M. Ei flott stødig dame som veit og halda familien samla. Ho laga mat etter min gane. Det var nøye planlagt. Kylling, fisk, kokusnøttsuppe med kylling, grønnsaker og stikkirice. Kjempemåltid som tok laaaannng tid.Så kom far(52år) i huset heim. Han jobbar på fabrikken. Ein lettliva kar med mykje humor og lyst til og prata. Begge foreldra prøvde seg på engelsk. Det var kjekt, men det er nok Ann som er eksperten i språk. Ho er så stolt over at ho har fått prata engelsk i eit heilt år, og jammen har det gitt frukter.




Eit barnebarn har dei fått, og her er det svogeren til Ann som byssar vetlejenta i svevn. Syster til Ann med familie bur i lag med mor og far........



.......og mormor, 72 år. Ho var like full av humor som far. Ei varm og blid og lett på foten dame.



Det er godt å koma ut av storbyen for å få pusta litt. Me tok ein mopedrunde i den flotte naturen til Ann sin yndlingsplass. Her driv dei med fiskeoppdrett.

Det blei seint på laurdagen før eg sa farvel til storfamilien. Tusen takk Ann for all gjestfridom og gåver .


Eg budde på hotell inne i byen. Det passa meg bra for då fekk eg ta byvandring og shopping i mitt tempo.



Og så var det heim til Khamsaithong Road og det som venta der......rydding og pakking....og ikkje berre der, men og på skulen.....


Heldigvis så har eg den snillaste karen i Mukdahan til å hjelpa meg, Somchai vår sjåfør.


Han er alltid på plass når eg spør om hjelp.




Det same er vår blide vaktmeister Bee. Desse to karande hjalp meg med å pakka alle store ting. Litt har det jo blitt på eit år. Eg har kjøpt meg ny sofa...gjett fargen. Rød så klart.



1.juli kom flyttebilen. Ikkje kjekt å bu att i huset når alt eg eig er på veg til Norge.


Men eg må bli litt til. Kontorarbeidet, rapportskriving mm er ikkje heilt i boks.






Min siste dag i Mukdahan gjekk til skreddar,silkshopen. Eg mått henta og prøva mine siste kreasjonar( ein ny drakt og 2-3 kjolar). Pray syr i 90 på Kristi Beate sin brurekjole og min selskapskjole. ``I make it special for you`` seier ho...og det kjem ho til å få til. Eg vil sakna ho og alt det fine arbeidet ho gjer.


Heldigvis kjem mine dansevenner til Bangkok helga før eg dreg. Dei skal ta det siste kjolesprellet med seg til meg.


Den store røde kofferten kjem godt med ja......EG hadde oppteljing for meg sjølv over alle draktar,kjolar og kåper eg har fått sydd.
Blei nesten litt flau....eg har aldri hatt så mange fine klede.....tør ikkje sei kor mange det blei, men kan røpa at det blei eit tosifra tal gitt.....




3.JULI ER EG KLAR FOR Å DRA FRÅ MUKDAHAN.....vemodig og leitt....eg har hatt eit kjempeår. Eg må jo berre koma attende eingong.


Det er så mykje meir eg ville ha fått med meg og sett i områda rundt om. Skulle så gjerne har nådd og vore med misjonær Marit og familien over til Laos ein siste gong......men tida fram til 12.juli strekk ikkje til.




No dreg eg heilt sør i landet. Øyhopping i Thaibukta står fyrst på programmet.....og så får eg sjå kor eg endar....


Må berre hugsa å vera tilbake i Bangkok i 11juli (skal dansa på Dream hotell med mine vener) og så går jo flyet til Norge 12.juli,,,,,,,snufs snufs......




























lørdag 5. juli 2008

juni blei månaden med AVSLUTNING på AVSLUTNING

Så kom dagen me hadde venta på.....

Me skulle ha PUBLIKUM, avslutningsfest for foreldre og elevar.

Eit skuleår er omme, og endeleg er me der at me har det norske språket felles.

Heilt utruleg og tenkja eit skuleår tilbake då ingen skjøna kvarande. Kroppsspråk og mimikk og thaitolk var heilt naudsynt.

No pratar me sjeldan thai i klasserommet. Det går på norsk og engelsk.

Dermed var me klar for ei framsyning med blanda drops.....

.....men fyrst måtte berre læraren få takka for seg.

Dette er elevar som i lang tid vil ha ei heilt spesiell meining for meg. Me har starta opp ein skule i lag, ein skule med mange utfordringar og litt kronglete vegar mot målet. Men me er vel i hamn takka vera kjekke elevar og ein god thaiskule som base.


Eg måtte berre ha ein liten tale til kvar jente med eit bilete frå skulekvardagen og eit dikt der eg prøvde å få fram korleis eg vil hugsa den enkelte.

Mitt engelske namn er Kitty, og då fekk dei ei Kitty pengebok slik at dei kan bli klar for ny sparerunde av goderipengar. Velkommen alle sammen. Her syng me skulesongen vår... Skolen heter ST.Joseph......

Etterpå var det ein liten runde med engelske songar og litt munnleg engelsk.

Årstidene har vore tema gjennom heile året. Her har dei utrykkt dei 4 årstidene i fargar. Dei framfører så eit dikt om temaet.


ABC, kven er bak eit tre......eit bokstavrim blir framført som drama

Jentene har valgt seg ei leike og eit dyr frå engelskboksen. Ut i frå det laga dei ei skildring av leiken og dyret. Dei skreiv på norsk og las det høgt, men etterpå omsette dei det til engelsk.

Her er det ei jente og ein hund som er blitt illustrert.

...og dette er snøkvit med sin katt.....
....og her var det mykje å ha kontroll på. Fingerdokker , ein heil fargeglad familie og ein hest.
Sidan det norske språket i klassen er blitt så bra har me kasta oss ut på dei skrå breidder for fullt. Her er eg pappa mus og min thaiassistent er mammamus. Me skal ut og finna den mektigaste i verda for vår vakre frøken mus. Ho skal nemleg gifta seg.

Dette er eit musikalsk eventyr der elevane har laga rytmer og lyd til dei posentielle ektemakane.
Mange blei spurt og mange var villige til å gifta seg med frøken mus, men til slutt sigra unge herr mus. Her er dei klar for bryllaup.

Her er me i gong med nok eit dramastykke. Denne gong er det frå ABC leseboka. Dans har me ikkje hatt så god plass til i vårt vesle norske klasserom, men på tampen av året fekk me tinga eit til. Det er førebels fritt for møbler og dermed egner det seg godt til framsyning og litt meir rørsleaktiviteter. Her framfører me ein russisk folkedans.

Heilt til slutt blei musikken noko høglydt for då var det linedance. Dette er heilt topp for jentene, og lærar og assistent.


.....men eg trudde det var slutt og så kom det jammen nok ei overrasking. Eg fekk takkebrev og det var sjølvlaga og skrive på norsk.
Å ja,,,,,,eg er stolt over jentene mine. Dei har hatt eit utfordrande år i lag med meg ,og når eg tenkjer på kor me starta så er det berre så flott å få ta del i kor fint dei har takla dette året og kor stødig og trygt dei står på føtene sine nå når dei skal ha ein felfortent skuleferie.
TUSEN TAKK FOR EIT GILDT SKULEÅR JENTER...eg vil alltid hugsa dykk.


Det blei ei siste avslutning med THE FATHER og, men denne gongen var det DNS Mukdahan som kunne gi ei blomegåve som takk for eit godt samarbeid.
Han hadde invitert skulen og føresette på kaffe og kaker den siste skuledagen 27.juni.
.....men jammen vanka det nok ein blomebukett på meg. Alle lærarane hadde gått ilag om han, og her er det leiaren av engelsklærarane, Domique som held ein liten tale. Eg har vore heldig med fellesskapet. Frå fyrste veke blei eg rekna som ein av kollegiet, og det har vore storveges.

Då er det berre og seia takk og farvel til ST. JOSEPH school , Mukdahan. Eg har lært utruleg mykje og eg skjønar meir og meir av kvifor thaiskulen er slik som han er. Desse beine rekkjene og alle høflege helsingar frå elevane vil eg nok sakna. Dei er 1400 elevar, men likevel ein fredeleg skule som får til mykje fruktbart.
LUKKE TIL DNS-Mukdahan. Så langt kom eg i høve til oppstart og utvikling.
Kanskje kjem eg tilbake ein gong.
Time will show......til hausten er eg klar for 6.klasse på Håland skole i Sola kommune.


......Det har vore ein liten avslutning til. Alle misjonærane og andre ansatte i Mukdahan inviterte på middag i denne veka. Desverre var fotoapparatet utlada så ingen bilete. Eg fekk ein kjempestor rød koffert i gåve...til alle skreddarkleda mine seier dei,,,,,og eit flott gladogram i ramme,,,,,også det i rødt....Det skal bli kjekt å ha på kontorpulten på Håland skole. Tusen takk til alle mine kollegaer i NMS for ein fin avslutningsmiddag....




mandag 30. juni 2008

Siste skoleuke....og jentene skal ut på shopping med sparebøssene sine.

Fredag 27.juni tok DNS-Mukdahan sommarferie. Det blei ei siste veke med mykje aktivitet. Mange avslutningar var på gong. Det var øvingar, rydding og innspurt på ein del arbeid som måtte bli ferdig før ferien.


Midt oppi øving og rydding kome ivrige thaielevar innom klasserommet. Dei hadde laga dessertar og dei skulle ha vurdering innan kreativiet, smak, utsjånad og reinsemd. Eg skulle prøvesmaka og gje poeng innan kvart område. Kjempegodt, men nokså mektig etter at 10-12 grupper hadde vore innom. 2.klasse har hatt sparing på timeplanen. Dersom dei sparer noko av skulevekepengene kan dei kvar fredag spara dei i sin private bank, skulesparebøssa si. Dei fører rekneskap over kva dei har spart. Fin mattetrening å ha sin egen ``bankkonto``.

Endeleg kom dagen då dei skulle få lov til å ta med seg bøssene ut på shopping for å kjøpa noko dei ønska seg, Ikkje godteri.


Dei ville ha alt......se så fine me er. Like kjolar i kvar sin storleik måtte dei jo ha, men kjolane tok nestan alle sparepengane. Dermed måtte dei telja pengar og prioritera. Flott mattetime dette.




Valget er gjort,,,,,,er det pengar att tru når 1.prioriteringa har hamna i handleposen


Den eine blei det stopp for, medan den andre hadde litt igjen. Ho var raskt tilbake i hyllene for å få med seg 2.prioriteringsønsket.


Så var me tilbake i klasserommet blide og nøgde etter dagens handel. Kvar sin hund med eit utvalg klede var fangsten. Her skriv dei logg over dagens handlerunde.
Den siste skuledagen hadde DNS lova å ha morgongymmen for heile skulen. Dei er så glade når det blir tala engelsk over mikrofonen så her er det spente elevar som lyttar til faranglæraren. Me hadde ein engelsk rørslesong på programmet som var fin å trimma etter




Og så vanka det blomar frå vår fantastiske ``the father`` of the school. Han skal og slutte om ei veke. Det blir trist for alle for han har berre vore fantastisk med oss på DNS. Flotte blomar og mange fine ord frå han og lærarane og trampeklapp frå elevane fekk eg med meg i bagasjen.



....dermed slutta skuleåret av på same måten som det startar. Eg måtte halda ein tale på sparket for det kjem ein aldri utanom i Thailand når ein er farang.
.....og så takka me i DNS-Mukdahan for oss med ein liten oppvisning. Me dansa linedance i fullt cowboyutstyr.....og det likte dei....høg jubel og klapping frå liten og stor.
Skulle gjerne hatt ei bilete av det, men då var eg tom for batteri.......








onsdag 18. juni 2008

Ein ny 1.klassing er velkommen til DNS-Mukdahan


Det er mange år sidan eg har teke i mot ny 1.klassing i skulen.
I sist veke fekk eg oppleve det igjen. Den norske skulen, DNS-Mukdahan hadde innskoleringsdager over 3 dagar.
Og her er ho, den nye flotte 6-åringen som er klar for 1.klasse.
Det er vel få oplevingar som varmar eit lærarhjarte meir enn det opne, nysgjerrige og klare blikket til eit lite menneske som står på terskelen til kunnskapens verd.
Skulen er liten og læraren kan ikkje vera to stader på ein gong. Dermed måtte 3.klasse og engasjerast i innskoleringa. Dei var god underhaldning for 1.klassingen.
3.klasse har hatt drama som tema så her er det ein gammal,gløymsam bestefar som prøver å fortelja eit eventyr på ein litt annleis måte for barnebarnet sitt.
Mange bokstavar skal lærast gjennom eit år. Her framfører dei ei alfabetregle.

Så trygt å ha ei hand og halda i. Her skal ho på morgonoppstilling for fyrste gong.
Denne dagen hadde alle med seg blomar til læraren. Dette er dagen der elevane skal visa takksemd for at dei har gode lærarar. (lurer på om det blir slik i Noreg nokon gong????)

Og her var plassen din lille frøken.... og dine thaiklassevenninner. Mykje nytt og mykje spanande for ein som er heilt ny på ein skule med 1400 elevar. Nokre timar i veka skal Adelin vera ein del av thaiklassen.

Se her,,,,, Adelin kan thai så dette gjekk fint. No er ho på storsamling med småskuletrinnet. Her skulle alle løfta blomane opp i veret og ropa ut noko på thai.

I thaiskulen er det framleis guterekkjer og jenterekkjer. På kvar side av korridoren sitt dei klar med blomane og følgjer spent med på kvar som skjer oppe på scena.

Her er leiinga på skulen. The Father som er på toppen og the sister som i lag med ei anna sister er rett under i administrasjonen.
Her kjem utvalgte blomebarn opp på scena i grupper for å læra seg og vaia for kongen på biletet.

Og etterpå må dei vaia for the father og the sister og ein del av lærarstaben (seksjonsleiarar). Deretter blir elevane velsigna av the father and the sister.
DNS er godt likt på St.Joseph school. The father er svært så kry av å ha oss i miljøet. Idag er han stolt fordi me har ein ny elev. Me måtte fram til fotografering. Han skal slutte om 1mnd og ønskjer seg svært gjerne ein norsk skule på den nye skulen han skal byrja på. Det gir status og god omtale av skulen.Etter blomeseansen var det mange lærarar som skulle ha bilete av seg sjølve ved sida av meg.
Her er det khruu Touch, engelsklærar og venninne av meg som har kome fram i køen.

Adelin lurte på om ho fekk bøker og lekser.....og det fekk ho. Det er mange inntrykk for ein liten kropp på slike dagar. Derfor var det litt godt å få ha nokre timar berre oss to i lag i DNS sitt klasserom. Her får ho bli kjent med bokstaven i
Khruu Jim kunne nesten ikkje venta på å få bli kjent med den nye norske eleven. Og så er ho så stolt over at ho skal vera litt i hennar klasse. Adelin blei godt teke i mot både av lærar og medelevar. Her er det berre 24 elevar. Det er sjeldan. I dei andre klassane er det rundt 30-40 elevar.


Og så var det gym, full fart og god innsats. Det var ei glad og andpusten jente som kom inn i klasserommet etterpå.

Konsentrasjonen er på topp.....og interessant er det visst det Adeling held på med.
Siste dagen var det lunchen og lunchkø som skulle prøvast ut. Litt skummelt og nytt dette, men jammen gikk det også greit.

Det var godt å vera tilbake i klasserommet.
Der var det overraskelse både for Adelin og dei andre jentene.
Nye dokkeklede.....Værsågod, sa Kjersti.
Alle tre har sin valentinvenn( ein som dei skal ta seg ekstra godt av, ha eit varmt hjarte for i ulike inne og utesituasjonar).
Kjempekjekt å kle opp valentinvennene.




Så var innskoleringsdagene over for denne gong.
De låg nokre pengar i sekken frå mamma.
Etter så mange inntrykk på kort tid var det godt å få ta med seg ein is på heimvegen.
Velfortent.
Takk for no, Adelin og velkomen att i 1.klasse til hausten.