lørdag 5. juli 2008

juni blei månaden med AVSLUTNING på AVSLUTNING

Så kom dagen me hadde venta på.....

Me skulle ha PUBLIKUM, avslutningsfest for foreldre og elevar.

Eit skuleår er omme, og endeleg er me der at me har det norske språket felles.

Heilt utruleg og tenkja eit skuleår tilbake då ingen skjøna kvarande. Kroppsspråk og mimikk og thaitolk var heilt naudsynt.

No pratar me sjeldan thai i klasserommet. Det går på norsk og engelsk.

Dermed var me klar for ei framsyning med blanda drops.....

.....men fyrst måtte berre læraren få takka for seg.

Dette er elevar som i lang tid vil ha ei heilt spesiell meining for meg. Me har starta opp ein skule i lag, ein skule med mange utfordringar og litt kronglete vegar mot målet. Men me er vel i hamn takka vera kjekke elevar og ein god thaiskule som base.


Eg måtte berre ha ein liten tale til kvar jente med eit bilete frå skulekvardagen og eit dikt der eg prøvde å få fram korleis eg vil hugsa den enkelte.

Mitt engelske namn er Kitty, og då fekk dei ei Kitty pengebok slik at dei kan bli klar for ny sparerunde av goderipengar. Velkommen alle sammen. Her syng me skulesongen vår... Skolen heter ST.Joseph......

Etterpå var det ein liten runde med engelske songar og litt munnleg engelsk.

Årstidene har vore tema gjennom heile året. Her har dei utrykkt dei 4 årstidene i fargar. Dei framfører så eit dikt om temaet.


ABC, kven er bak eit tre......eit bokstavrim blir framført som drama

Jentene har valgt seg ei leike og eit dyr frå engelskboksen. Ut i frå det laga dei ei skildring av leiken og dyret. Dei skreiv på norsk og las det høgt, men etterpå omsette dei det til engelsk.

Her er det ei jente og ein hund som er blitt illustrert.

...og dette er snøkvit med sin katt.....
....og her var det mykje å ha kontroll på. Fingerdokker , ein heil fargeglad familie og ein hest.
Sidan det norske språket i klassen er blitt så bra har me kasta oss ut på dei skrå breidder for fullt. Her er eg pappa mus og min thaiassistent er mammamus. Me skal ut og finna den mektigaste i verda for vår vakre frøken mus. Ho skal nemleg gifta seg.

Dette er eit musikalsk eventyr der elevane har laga rytmer og lyd til dei posentielle ektemakane.
Mange blei spurt og mange var villige til å gifta seg med frøken mus, men til slutt sigra unge herr mus. Her er dei klar for bryllaup.

Her er me i gong med nok eit dramastykke. Denne gong er det frå ABC leseboka. Dans har me ikkje hatt så god plass til i vårt vesle norske klasserom, men på tampen av året fekk me tinga eit til. Det er førebels fritt for møbler og dermed egner det seg godt til framsyning og litt meir rørsleaktiviteter. Her framfører me ein russisk folkedans.

Heilt til slutt blei musikken noko høglydt for då var det linedance. Dette er heilt topp for jentene, og lærar og assistent.


.....men eg trudde det var slutt og så kom det jammen nok ei overrasking. Eg fekk takkebrev og det var sjølvlaga og skrive på norsk.
Å ja,,,,,,eg er stolt over jentene mine. Dei har hatt eit utfordrande år i lag med meg ,og når eg tenkjer på kor me starta så er det berre så flott å få ta del i kor fint dei har takla dette året og kor stødig og trygt dei står på føtene sine nå når dei skal ha ein felfortent skuleferie.
TUSEN TAKK FOR EIT GILDT SKULEÅR JENTER...eg vil alltid hugsa dykk.


Det blei ei siste avslutning med THE FATHER og, men denne gongen var det DNS Mukdahan som kunne gi ei blomegåve som takk for eit godt samarbeid.
Han hadde invitert skulen og føresette på kaffe og kaker den siste skuledagen 27.juni.
.....men jammen vanka det nok ein blomebukett på meg. Alle lærarane hadde gått ilag om han, og her er det leiaren av engelsklærarane, Domique som held ein liten tale. Eg har vore heldig med fellesskapet. Frå fyrste veke blei eg rekna som ein av kollegiet, og det har vore storveges.

Då er det berre og seia takk og farvel til ST. JOSEPH school , Mukdahan. Eg har lært utruleg mykje og eg skjønar meir og meir av kvifor thaiskulen er slik som han er. Desse beine rekkjene og alle høflege helsingar frå elevane vil eg nok sakna. Dei er 1400 elevar, men likevel ein fredeleg skule som får til mykje fruktbart.
LUKKE TIL DNS-Mukdahan. Så langt kom eg i høve til oppstart og utvikling.
Kanskje kjem eg tilbake ein gong.
Time will show......til hausten er eg klar for 6.klasse på Håland skole i Sola kommune.


......Det har vore ein liten avslutning til. Alle misjonærane og andre ansatte i Mukdahan inviterte på middag i denne veka. Desverre var fotoapparatet utlada så ingen bilete. Eg fekk ein kjempestor rød koffert i gåve...til alle skreddarkleda mine seier dei,,,,,og eit flott gladogram i ramme,,,,,også det i rødt....Det skal bli kjekt å ha på kontorpulten på Håland skole. Tusen takk til alle mine kollegaer i NMS for ein fin avslutningsmiddag....




1 kommentar:

Tabtim sa...

hei kjersti ; >)

hvor i verden er du nå ? på ferie ?

jeg holder hus i bkk,pakker, hører på sippemusikk og griner litt..det må til etter et slikt kongeår som dette.

fantastisk å bli kjent med deg,håper vi sees snart i norge ; )
nyt den siste tiden..
Stoor klem Anne - Tabtim ; ) ps: hils skredderen fra meg...