søndag 6. juli 2008

På besøk hos Ann

Eg hadde lova min thaiassistent Ann, at eg ein gong skulle bli med ho til heimbyen hennar Khon Kaen.

I slutten av juni fekk me det til. Ann elskar byen sin som ligg vel 35mil vest av Mukdahan.

Denne gongen fekk eg låne fam. Mydlan sin nye bil til turen. Eg skjønar godt at misjonærane ikkje er så happy over min bil når det er van med slikt køyretøy.

Dette var nett som eit fly og setta seg inn i. Me var konge på vegen i dei 3 timane det tok før me nådde denne store universitetsbyen midt i landet.



Ann er frå landsbygda. Dermed blei det nok vel 40km ut av byen att før me nådde heimen hennar.
Og der venta mor(46år)....og det var mor med stor M. Ei flott stødig dame som veit og halda familien samla. Ho laga mat etter min gane. Det var nøye planlagt. Kylling, fisk, kokusnøttsuppe med kylling, grønnsaker og stikkirice. Kjempemåltid som tok laaaannng tid.Så kom far(52år) i huset heim. Han jobbar på fabrikken. Ein lettliva kar med mykje humor og lyst til og prata. Begge foreldra prøvde seg på engelsk. Det var kjekt, men det er nok Ann som er eksperten i språk. Ho er så stolt over at ho har fått prata engelsk i eit heilt år, og jammen har det gitt frukter.




Eit barnebarn har dei fått, og her er det svogeren til Ann som byssar vetlejenta i svevn. Syster til Ann med familie bur i lag med mor og far........



.......og mormor, 72 år. Ho var like full av humor som far. Ei varm og blid og lett på foten dame.



Det er godt å koma ut av storbyen for å få pusta litt. Me tok ein mopedrunde i den flotte naturen til Ann sin yndlingsplass. Her driv dei med fiskeoppdrett.

Det blei seint på laurdagen før eg sa farvel til storfamilien. Tusen takk Ann for all gjestfridom og gåver .


Eg budde på hotell inne i byen. Det passa meg bra for då fekk eg ta byvandring og shopping i mitt tempo.



Og så var det heim til Khamsaithong Road og det som venta der......rydding og pakking....og ikkje berre der, men og på skulen.....


Heldigvis så har eg den snillaste karen i Mukdahan til å hjelpa meg, Somchai vår sjåfør.


Han er alltid på plass når eg spør om hjelp.




Det same er vår blide vaktmeister Bee. Desse to karande hjalp meg med å pakka alle store ting. Litt har det jo blitt på eit år. Eg har kjøpt meg ny sofa...gjett fargen. Rød så klart.



1.juli kom flyttebilen. Ikkje kjekt å bu att i huset når alt eg eig er på veg til Norge.


Men eg må bli litt til. Kontorarbeidet, rapportskriving mm er ikkje heilt i boks.






Min siste dag i Mukdahan gjekk til skreddar,silkshopen. Eg mått henta og prøva mine siste kreasjonar( ein ny drakt og 2-3 kjolar). Pray syr i 90 på Kristi Beate sin brurekjole og min selskapskjole. ``I make it special for you`` seier ho...og det kjem ho til å få til. Eg vil sakna ho og alt det fine arbeidet ho gjer.


Heldigvis kjem mine dansevenner til Bangkok helga før eg dreg. Dei skal ta det siste kjolesprellet med seg til meg.


Den store røde kofferten kjem godt med ja......EG hadde oppteljing for meg sjølv over alle draktar,kjolar og kåper eg har fått sydd.
Blei nesten litt flau....eg har aldri hatt så mange fine klede.....tør ikkje sei kor mange det blei, men kan røpa at det blei eit tosifra tal gitt.....




3.JULI ER EG KLAR FOR Å DRA FRÅ MUKDAHAN.....vemodig og leitt....eg har hatt eit kjempeår. Eg må jo berre koma attende eingong.


Det er så mykje meir eg ville ha fått med meg og sett i områda rundt om. Skulle så gjerne har nådd og vore med misjonær Marit og familien over til Laos ein siste gong......men tida fram til 12.juli strekk ikkje til.




No dreg eg heilt sør i landet. Øyhopping i Thaibukta står fyrst på programmet.....og så får eg sjå kor eg endar....


Må berre hugsa å vera tilbake i Bangkok i 11juli (skal dansa på Dream hotell med mine vener) og så går jo flyet til Norge 12.juli,,,,,,,snufs snufs......




























Ingen kommentarer: