fredag 18. juli 2008

Dette må vera kjærleiksøya......Kho Pha Ngan

Då var det på tide og sei farvel til dei koselege longtail båtane utanfor kysten av Koh Samui.

Eg skulle vidare med ekspressbåt til ei mindre øy, Kho Pha Ngan.












Det er alltid spanande se kva som er rundt neste sving......og her hamna eg på eit lite hotell med resepsjon utan inngagnsdør. Alle romma hadde inngong frå utsida, og dermed blei dette nett som å bu i ein hage. Eg nøyt utsikta frå balkongen i 2.etasje. Idyllisk hage og flora.
Eg er på vestsida av øya. Ei passeleg liita og nestan folketom strand der hotellets restaurant ligg heilt i strandsona. Utstyr til snorkling og kajakkturer var fritt for å leige.




Heile hotellområdet med strand og basseng var ein grønn fin oase. Det var ei naturperle. Den som søkjer roen finn han her. Ein kjempeplass for dei som er to og som ønskjer å nyta kvarandre i fredelege, romantiske og naturskjønne omgjevnader.
Dermed blei det ikkje så mange dagar for single meg på denne plassen. No hadde eg nett blitt van med alle spørsmåla som hagla inn kvar gong eg skulle sjekka inn eller bestilla ein billett ...
..are you alone? ....why?....No husband?.....
Eg får dra heim til Noreg og leita etter min sjelsfrende og så skal eg dra tilbake her .........

Dette var og eit spahotell. Den pakken tok eg.
Kveldane blei brukt til hårklipp, massasje, fotpleie, pedikyr og manikyr.
Se på denne skjønne dama som har det i hendene sine. Nyyyddeeeleeeg å lena seg tilbake i stolen, lukka augo og tenkja på gode ting.

Då var det på tide å trekkja inn mot fastlandet att.
Eg tok ein ekspressbåt i 3t. På land venta ein minibuss som me med til byen Don Sak ligg på austsida sør i Thailand.
Dette var ein koseleg by, større enn eg hadde tenkt. Mange fine butikkar og ikkje kvite turistar. Perfekt å traska rundt i. To par sko klarte eg og å pressa ned i sekken.....uff og uff
På turistkontoret fekk eg bestilt nattbuss over til Mailaysia og flybillett tilbake til Bangkok.
No er det byferie på meg.






onsdag 9. juli 2008

Øyhopping i Thaibukta

I Thailand er det regntid, og det har verkeleg regna i Mukdahan. Eg har sakna strendene og havet og den sørlege delen av landet blei dermed eit naturleg reisemål.

Øyhavet og Koh Samui, Thailands 3. største øy også kalla palmeøya var min fyrste stopp.

Det var rett før flyhula subba i sanden for så og landa blant palmetre og tropiske buskar.

Eg har aldri opplevd ein slik flyplass. Denne er privat, eigd av Bangkok Airlines( derfor litt dyr blillett) og det kjennast nett som å landa i ein hage. Rett og slett idyllisk. Vel verdt billettprisen.


Traff ein ``lokal`` tyskar på flyet som viste meg aktuelle hotell ved Lamaistranda( 2.største stranda her). Eg endte opp på det koselege Plaza Lamai Resort. Reint,billeg, koseleg og med balkong rett ut i nattmarkedsgata hadde eg god utsikt når markedet skulle riggjast opp kl. 1700 kvar ettermiddag.
Det er mykje å sjå og oppleva på denne øya. Her er eg ved Hinta Hinyai, grandfather and grandmother Rock, artige steinformasjonar i havet.


Apekattar trivast godt i palmetre, og du verda for ein meister det er til å henta kokusnøtter. Eg var innom ein ``apekattskule``Eg er fasinert over kor mykje dei liknar oss menneske i måten dei gjer ting på. Munkar har eg sett mykje av dette året, men eg har aldri opplevd ein mummifisert. I glasskapet bak sitt The mummified Monk..... spesielt og litt nifst på same måten, men denne munken var viktig for øya. Han var ein god person som iallefall ikkje blir gløymd.

Naturen er berre flott her. Me skal vitja Lad-Wanon waterfalls. Thaiane er stolte over vassfalla sine og dei trekk mange turistar, men sidan eg er frå eit fjelland så er ikkje det det heilt store for meg her nede. Men naturen blir eg storøgd over.


For lenge lenge sidan hadde thaiane ein elefant i flagget sitt. Nede i denne dalen var det ein elefant leir. Dagleg var det show. Denne elefanten kunne dansa og gjera akrobaktiske øvingar. utruleg at så store tunge dyr kan virka litt grasiøse innimellom.
Eit tempel eller to høyrer alltid med. Her er det Big Buddha temelet som står for tur. Ein fekk ikkje lov å fotografera om ein ikkje var skikkeleg kledd, og eg med mine bare skuldre måtte nøya meg med å ta eit bilete nedan i frå.
Dette er eit kinesisk tempel, Plai Laem. Dei har ei anna utforming enn dei thailandske. Det låg fint til langs sjøkanten i Thaibukta.
Det er både fjell og høge punkt på øya. Her står eg over den lange og populære Chaweng stranda og nyt utsikta frå Chaweng View Point.
Er ein ved sjøen så er ein ved sjøen og då er det berre eit eldorado for dykkarar, snorkling og kajakkaktivitetar her.
Kvar dag var desse karane klare til å ta oss ut til andre øyer for å snorkla. Her er eg på veg til Koh Tan for å snorkla gjennom nydeleg koralrev i området. Fine fargar og fiskar fekk eg og oppleva.
Ei ny øy i sikte, Koh Mudsum. Me hadde med kajakk og her var det ein runde eller to rundt denne øya som frista mest. Litt kappkøyring mellom fraktebåtane var ein fin avslutning på ein aktiv dag.
Og slik gjekk dagane fort. Veksling mellom strandliv og bading og kajakk og snorkling på dagtid
og god mat og marked på kveldstid. Handling var forbode for meg for eg hadde altfor mykje i bagasjen som det var.
Neste gong eg kjem til Koh Samui skal eg handla og.......
Bye bye Koh Samui og småøyene omkring. Eg skal vidare til ei ny øy..........

søndag 6. juli 2008

På besøk hos Ann

Eg hadde lova min thaiassistent Ann, at eg ein gong skulle bli med ho til heimbyen hennar Khon Kaen.

I slutten av juni fekk me det til. Ann elskar byen sin som ligg vel 35mil vest av Mukdahan.

Denne gongen fekk eg låne fam. Mydlan sin nye bil til turen. Eg skjønar godt at misjonærane ikkje er så happy over min bil når det er van med slikt køyretøy.

Dette var nett som eit fly og setta seg inn i. Me var konge på vegen i dei 3 timane det tok før me nådde denne store universitetsbyen midt i landet.



Ann er frå landsbygda. Dermed blei det nok vel 40km ut av byen att før me nådde heimen hennar.
Og der venta mor(46år)....og det var mor med stor M. Ei flott stødig dame som veit og halda familien samla. Ho laga mat etter min gane. Det var nøye planlagt. Kylling, fisk, kokusnøttsuppe med kylling, grønnsaker og stikkirice. Kjempemåltid som tok laaaannng tid.Så kom far(52år) i huset heim. Han jobbar på fabrikken. Ein lettliva kar med mykje humor og lyst til og prata. Begge foreldra prøvde seg på engelsk. Det var kjekt, men det er nok Ann som er eksperten i språk. Ho er så stolt over at ho har fått prata engelsk i eit heilt år, og jammen har det gitt frukter.




Eit barnebarn har dei fått, og her er det svogeren til Ann som byssar vetlejenta i svevn. Syster til Ann med familie bur i lag med mor og far........



.......og mormor, 72 år. Ho var like full av humor som far. Ei varm og blid og lett på foten dame.



Det er godt å koma ut av storbyen for å få pusta litt. Me tok ein mopedrunde i den flotte naturen til Ann sin yndlingsplass. Her driv dei med fiskeoppdrett.

Det blei seint på laurdagen før eg sa farvel til storfamilien. Tusen takk Ann for all gjestfridom og gåver .


Eg budde på hotell inne i byen. Det passa meg bra for då fekk eg ta byvandring og shopping i mitt tempo.



Og så var det heim til Khamsaithong Road og det som venta der......rydding og pakking....og ikkje berre der, men og på skulen.....


Heldigvis så har eg den snillaste karen i Mukdahan til å hjelpa meg, Somchai vår sjåfør.


Han er alltid på plass når eg spør om hjelp.




Det same er vår blide vaktmeister Bee. Desse to karande hjalp meg med å pakka alle store ting. Litt har det jo blitt på eit år. Eg har kjøpt meg ny sofa...gjett fargen. Rød så klart.



1.juli kom flyttebilen. Ikkje kjekt å bu att i huset når alt eg eig er på veg til Norge.


Men eg må bli litt til. Kontorarbeidet, rapportskriving mm er ikkje heilt i boks.






Min siste dag i Mukdahan gjekk til skreddar,silkshopen. Eg mått henta og prøva mine siste kreasjonar( ein ny drakt og 2-3 kjolar). Pray syr i 90 på Kristi Beate sin brurekjole og min selskapskjole. ``I make it special for you`` seier ho...og det kjem ho til å få til. Eg vil sakna ho og alt det fine arbeidet ho gjer.


Heldigvis kjem mine dansevenner til Bangkok helga før eg dreg. Dei skal ta det siste kjolesprellet med seg til meg.


Den store røde kofferten kjem godt med ja......EG hadde oppteljing for meg sjølv over alle draktar,kjolar og kåper eg har fått sydd.
Blei nesten litt flau....eg har aldri hatt så mange fine klede.....tør ikkje sei kor mange det blei, men kan røpa at det blei eit tosifra tal gitt.....




3.JULI ER EG KLAR FOR Å DRA FRÅ MUKDAHAN.....vemodig og leitt....eg har hatt eit kjempeår. Eg må jo berre koma attende eingong.


Det er så mykje meir eg ville ha fått med meg og sett i områda rundt om. Skulle så gjerne har nådd og vore med misjonær Marit og familien over til Laos ein siste gong......men tida fram til 12.juli strekk ikkje til.




No dreg eg heilt sør i landet. Øyhopping i Thaibukta står fyrst på programmet.....og så får eg sjå kor eg endar....


Må berre hugsa å vera tilbake i Bangkok i 11juli (skal dansa på Dream hotell med mine vener) og så går jo flyet til Norge 12.juli,,,,,,,snufs snufs......




























lørdag 5. juli 2008

juni blei månaden med AVSLUTNING på AVSLUTNING

Så kom dagen me hadde venta på.....

Me skulle ha PUBLIKUM, avslutningsfest for foreldre og elevar.

Eit skuleår er omme, og endeleg er me der at me har det norske språket felles.

Heilt utruleg og tenkja eit skuleår tilbake då ingen skjøna kvarande. Kroppsspråk og mimikk og thaitolk var heilt naudsynt.

No pratar me sjeldan thai i klasserommet. Det går på norsk og engelsk.

Dermed var me klar for ei framsyning med blanda drops.....

.....men fyrst måtte berre læraren få takka for seg.

Dette er elevar som i lang tid vil ha ei heilt spesiell meining for meg. Me har starta opp ein skule i lag, ein skule med mange utfordringar og litt kronglete vegar mot målet. Men me er vel i hamn takka vera kjekke elevar og ein god thaiskule som base.


Eg måtte berre ha ein liten tale til kvar jente med eit bilete frå skulekvardagen og eit dikt der eg prøvde å få fram korleis eg vil hugsa den enkelte.

Mitt engelske namn er Kitty, og då fekk dei ei Kitty pengebok slik at dei kan bli klar for ny sparerunde av goderipengar. Velkommen alle sammen. Her syng me skulesongen vår... Skolen heter ST.Joseph......

Etterpå var det ein liten runde med engelske songar og litt munnleg engelsk.

Årstidene har vore tema gjennom heile året. Her har dei utrykkt dei 4 årstidene i fargar. Dei framfører så eit dikt om temaet.


ABC, kven er bak eit tre......eit bokstavrim blir framført som drama

Jentene har valgt seg ei leike og eit dyr frå engelskboksen. Ut i frå det laga dei ei skildring av leiken og dyret. Dei skreiv på norsk og las det høgt, men etterpå omsette dei det til engelsk.

Her er det ei jente og ein hund som er blitt illustrert.

...og dette er snøkvit med sin katt.....
....og her var det mykje å ha kontroll på. Fingerdokker , ein heil fargeglad familie og ein hest.
Sidan det norske språket i klassen er blitt så bra har me kasta oss ut på dei skrå breidder for fullt. Her er eg pappa mus og min thaiassistent er mammamus. Me skal ut og finna den mektigaste i verda for vår vakre frøken mus. Ho skal nemleg gifta seg.

Dette er eit musikalsk eventyr der elevane har laga rytmer og lyd til dei posentielle ektemakane.
Mange blei spurt og mange var villige til å gifta seg med frøken mus, men til slutt sigra unge herr mus. Her er dei klar for bryllaup.

Her er me i gong med nok eit dramastykke. Denne gong er det frå ABC leseboka. Dans har me ikkje hatt så god plass til i vårt vesle norske klasserom, men på tampen av året fekk me tinga eit til. Det er førebels fritt for møbler og dermed egner det seg godt til framsyning og litt meir rørsleaktiviteter. Her framfører me ein russisk folkedans.

Heilt til slutt blei musikken noko høglydt for då var det linedance. Dette er heilt topp for jentene, og lærar og assistent.


.....men eg trudde det var slutt og så kom det jammen nok ei overrasking. Eg fekk takkebrev og det var sjølvlaga og skrive på norsk.
Å ja,,,,,,eg er stolt over jentene mine. Dei har hatt eit utfordrande år i lag med meg ,og når eg tenkjer på kor me starta så er det berre så flott å få ta del i kor fint dei har takla dette året og kor stødig og trygt dei står på føtene sine nå når dei skal ha ein felfortent skuleferie.
TUSEN TAKK FOR EIT GILDT SKULEÅR JENTER...eg vil alltid hugsa dykk.


Det blei ei siste avslutning med THE FATHER og, men denne gongen var det DNS Mukdahan som kunne gi ei blomegåve som takk for eit godt samarbeid.
Han hadde invitert skulen og føresette på kaffe og kaker den siste skuledagen 27.juni.
.....men jammen vanka det nok ein blomebukett på meg. Alle lærarane hadde gått ilag om han, og her er det leiaren av engelsklærarane, Domique som held ein liten tale. Eg har vore heldig med fellesskapet. Frå fyrste veke blei eg rekna som ein av kollegiet, og det har vore storveges.

Då er det berre og seia takk og farvel til ST. JOSEPH school , Mukdahan. Eg har lært utruleg mykje og eg skjønar meir og meir av kvifor thaiskulen er slik som han er. Desse beine rekkjene og alle høflege helsingar frå elevane vil eg nok sakna. Dei er 1400 elevar, men likevel ein fredeleg skule som får til mykje fruktbart.
LUKKE TIL DNS-Mukdahan. Så langt kom eg i høve til oppstart og utvikling.
Kanskje kjem eg tilbake ein gong.
Time will show......til hausten er eg klar for 6.klasse på Håland skole i Sola kommune.


......Det har vore ein liten avslutning til. Alle misjonærane og andre ansatte i Mukdahan inviterte på middag i denne veka. Desverre var fotoapparatet utlada så ingen bilete. Eg fekk ein kjempestor rød koffert i gåve...til alle skreddarkleda mine seier dei,,,,,og eit flott gladogram i ramme,,,,,også det i rødt....Det skal bli kjekt å ha på kontorpulten på Håland skole. Tusen takk til alle mine kollegaer i NMS for ein fin avslutningsmiddag....