Øyhavet og Koh Samui, Thailands 3. største øy også kalla palmeøya var min fyrste stopp.
Det var rett før flyhula subba i sanden for så og landa blant palmetre og tropiske buskar.
Eg har aldri opplevd ein slik flyplass. Denne er privat, eigd av Bangkok Airlines( derfor litt dyr blillett) og det kjennast nett som å landa i ein hage. Rett og slett idyllisk. Vel verdt billettprisen.
Det er mykje å sjå og oppleva på denne øya. Her er eg ved Hinta Hinyai, grandfather and grandmother Rock, artige steinformasjonar i havet.
Apekattar trivast godt i palmetre, og du verda for ein meister det er til å henta kokusnøtter. Eg var innom ein ``apekattskule``Eg er fasinert over kor mykje dei liknar oss menneske i måten dei gjer ting på.
Munkar har eg sett mykje av dette året, men eg har aldri opplevd ein mummifisert. I glasskapet bak sitt The mummified Monk..... spesielt og litt nifst på same måten, men denne munken var viktig for øya. Han var ein god person som iallefall ikkje blir gløymd.
Eit tempel eller to høyrer alltid med. Her er det Big Buddha temelet som står for tur. Ein fekk ikkje lov å fotografera om ein ikkje var skikkeleg kledd, og eg med mine bare skuldre måtte nøya meg med å ta eit bilete nedan i frå.
Det er både fjell og høge punkt på øya. Her står eg over den lange og populære Chaweng stranda og nyt utsikta frå Chaweng View Point.Kvar dag var desse karane klare til å ta oss ut til andre øyer for å snorkla. Her er eg på veg til Koh Tan for å snorkla gjennom nydeleg koralrev i området. Fine fargar og fiskar fekk eg og oppleva.
Og slik gjekk dagane fort. Veksling mellom strandliv og bading og kajakk og snorkling på dagtid
og god mat og marked på kveldstid. Handling var forbode for meg for eg hadde altfor mykje i bagasjen som det var.
og god mat og marked på kveldstid. Handling var forbode for meg for eg hadde altfor mykje i bagasjen som det var.
Neste gong eg kjem til Koh Samui skal eg handla og.......
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar