Medan eg var i Bangkok blei det tid til utflukt. Det blei ein reise gjennom tid frå by til land.
Tidleg, og det var tidleg spesielt for murmelmennesket Hildemor, ,,,kl. 0615 om morgonen 19.mai stod me klar for å bli henta av maxitaxien.
Me skulle til KANCHANABURI , ein provinshovudstad( den fjerde største i Thailand) og byen med same namn.
Fyrste stopp var den styrste krigskyrkjegarden i byen.
6982 krigsfangar for dei allierte soldatane som mista livet under 2.verdskrigen ligg gravlagd her.
Rundt rekna 100.000 asiatiske tvangsarbeidarar og 16.000 allierte krigsfangar mista livet grunna mishandling, sult, sjukdom og utmatting .
Kyrkjegarden likna ein stor park. Der kvar grav hadde ei plante og der dei ulike nasjonane vart gravlagd i lag (Nederland,Danmark,England, Australia, New Zealand og Japan). Dei amerikanske gravene er i seinare tid blitt flytta til Washington og dei falne thaiane fekk ikkje noko grav. Dei blei dumpa i elver og lagt i massegraver rundt om.
Neste stopp var krigsminnemuseet frå 2.verdskrigen. Her kunne ein få vita meir om dei grusomme lidingane krigsfangane møtte unnder arbeidet med å byggja bruer over Floden Kwai. Det var japanesarar som tvang asiatiske arbeidarar og japanske krigsfangar til å byggja jernbane frå Thailand til Burma i 1942. Mesteparten av den 415km lange jernbanen går i floddalen. Til slutt blei det derfor laga rundt 15km med bruer.
Turen nedover floden var i kontrast til det dramatiske landskapet toget køyrte gjennom. Fredeleg og godt. Det var rett før eg la me ned for å ta middagskvilen. Så synd at turen ikkje var lang.
Ein elefant kom marsjerande nedover....... Elefantridning og bading under store vassfall blei siste stopp på dagsturen. Ein fin måte og roa seg ned på etter ein lang dag. Eg slappa godt av( her slo ikkje høgdeskrekken min inn, jippi), medan Hilde var glad ho kunne klamra seg fast til setestativet. Som regel er det omvendt me oss to når me er litt opp i høgda, men Hilde liker ikkje for mykje rørsle medan eg berre må ha litt av det....Klokka 1900 var me heime i Bangkok igjen og klokka 2100 satt eg på nattbussen på veg til Mukdahan.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar