fredag 30. mai 2008

PATTAYA-Kva skal ein no der å gjera??????




WHAT....are you completly out of your mind,sa mine amerikanske venner då eg fortalde at mitt neste reisemål var Pattaya, hamnebyen i Thailandsbukta som ligg eit par timars køyring søraust av Bangkok.

Nettopp, det er ein av grunnane til at eg måtte ta denne byen nærare i augesyn. Eg tok nattbussen direkte frå Mukdahan og ned. Hilde, Anne og eg var invitert av prestefrue Marie Hauan i den norske sjømannskyrkja til å vitja byen og kyrkja. Det var den andre grunnen til at eg drog.

Me hadde ikkje teke mange skritta i lag med Marie før me skjøna at ryktet byen har er eit tragisk faktum. Å gå langs ``the walking street`` og andre gater er nett som å gå gjennom ein tettpakka bar. Høg musikk, mykje folk, kjøp og salg av tenester. Her gjeld det å se og bli sett. Tett i tett med lettkledde fine jenter, ladyboys med silikonfylte pupper som nestan heng utanfor kleda, alkohol og narkotika misbruk,pedofile som er på sjekking, kvite gamle menn som er på jakt etter ein ung kjærleik og unge buisnessjenter som veit og lura til seg nok ein kvit mann for å sikra seg økonomisk.

Me blei litt slått ut av inntrykka gitt. Gløymte reint å ta bilete av galskapen.
Midt oppi dette står sjømannkyrkja med prest og mannskap og hjelper nordmenn som har kome ut i uføre p.g.a sin valgte livsstil. Det er mest eldre menn( 60-80år), barn og unge thaifruer som er gift/sambuarar med karane.

Heilt fram til 1980 talet var Pattaya ein badeby, berømt for fine badestrender og rolege omgivnader. Plutseleg falt intrykket når amerikanske og europeiske seglsportsmenneske inntok strendene med Jomtien. Glansen forsvann og byen blei utvikla seg til ein sex og go-go bar by. Trist.

Det er alltid godt å koma til stranda. Jomtien-stranda var fredeleg og avlappande på dagtid. Eg hadde hatt ein ubehageleg busstur med, kvalme,oppkast,diare (likte det ikkje for magen opererte heile dagen utan mi styring).
Dermed hadde eg sove og sove og strandlivet passa meg godt i selskap med Hilde når formen ikkje var topp. Anne var med personalet rundt på lokale sjukehus for å sjå til norske pasientar.

Når det ikkje blir shopping i gatene så kan ein shoppa på strendene. Her er dei god i engelsk så snipp, snapp, snare så har du ein god deal.
Denne blide kona blei av med ein heil del adidas t-skjorter.

Nordica-appartmens....Her bur presteparet Hauan. Tusen takk for all gjestfridom. Ein herleg plass å bu. Frukosten tok me med bassenget og jammen dukka det ikkje opp ein slektning av syster til mi venninne Åse...
Mange nordmenn bur her deler av året.
Og her er ein av dei ansatte i sjømansskyrkja. Du verda for ein flott kar. Alltid smørblid, hjelpsam og med ståpåvilje og så var han som så mange andre frå det fattige Isanområdet. Han hadde heime ikkje så langt frå Mukdahan. Kjekt å se at nokon av thaiane som dreg sør får seg ein trygg og anstendig jobb.Det blei mykje eting.....søren og at eg var heller laber i formen(begynte å få ei aning om at her var det litt meir heftige ting på gong). Marie likte å ha norsk dameselskap. Det hadde ho sakna i lang tid. Dermed var me stadig på farta. Her er me på ein skandinavisk restaurant....mmmmm heilgrilla gris, surkål, potetmos,tyttebærsyltetøy,mm.


Rett og slett ein uimotståeleg buffet........Magen blei stappa til øvste hylle.


Shoppingsentra var som dei heime, store og flotte og rektige så gilde for damer på tur.
Trur Hilde blei lei av og se på alle thaijentene i gatene. Plutseleg fekk ho det for seg at ho ville vera blondine....ja ja men san...forandring frydar.


Du blei nydeleg frue. Kjøp deg litt vårfonying!!!!! (du har sikkert bittelitt ekstra plass i bagasjen til blondie)
Sundag var det norsk gudsteneste i Pattaya. Sjømannskyrkja leigde ei flott katolsk kyrkje ein sundag i månaden til gudstenester. Det er alltid kjekt å ta del i norsk gudsteneste.Tenk og forstå alt som blir sagt og sunge...herleg.


Me seier takk for oss. Veldig kjekt å sjå stå på innsatsen og tolmodet hos alle dei ansatte i kyrkja. Dei driv rett og slett ein institusjon. Korleis taklar dei alt det rare dei møter i kvardagen , tenkjer eg. Somme gonger kan det hjelpa og snu litt på tankegongen. Den norske stat ``sparer``sjukeheimsplasser på desse eldre mennene. Thaidamene er rett og slett pleiarar. Mennene får det stellet dei treng på sine eldre dagar og damene får lønna som gir dei økonomisk tryggleik....nokre har det bra slik medan andre viklar seg inn i ein ond sirkel av problem.



I sjømannskyrkja er det alltid nokon som har tid til å lytta og tid til å prata.Eg grudde meg til heimturen, formen var elendig og eg skulle rett på jobb når nattbussen ankom Mukdahan neste morning. Heldigvis gjekk turen greit og arbeidsdagen likeså ,men formen var bonn. Stor oppblåst mage og diare over tid er ikkje bra i dette landet. Misjonær Marit råda meg til å ta ein tur til sjukhus og lege.Dermed blei eg innlagt på det internasjonale sjukehuset i Mukdahan. Eg fekk meg eit VIP-rom, og slik ser det ut.... Her mangla ingeting for å ha eit greit sjukehusopphald. TV, ekstra seng og sofa, klær og toalettsaker følgde med. Nett som eit hotell.
God pleie og stell heile dagen og heile natta medan eg venta på svar på prøver (noko som aldri er kjekt)Denne sjukepleien kviskra meg i øyret: I like you....så kjekt å få høyre slikt medan tankane kretsar rundt ditt og datt... Ho måtte få fortelje at ho hugsa at eg song Sancta Lucia på sjukehuset og det hadde vore så fint og rørande. Det er då eg tenkje at dette må me gjera igjen med elevane. Det må bli tradisjon.
Og her låg eg ,ein dag og ei natt med kjempeutsikt over plassen, nestan panorama og godt synleg når det blei kveld(det var ein heil vegg av glass framføre senga).
Heldigvis var prøvane ok, eg fekk tilbod om ein dag til, men etter å ha betalt 6000 thb takka eg for meg og arkiverer også denne opplevinga i komodeskuffa med interessante inntrykk frå THAILAND.


Ingen kommentarer: