torsdag 8. mai 2008

Eg har alltid trudd at melkeruta kom frå Stomperud på Heia

.....men det var før eg tok den lokale bussen frå Laos til Vietnam...... for dette er nemleg den ekte MELKERUTA.

Eg har nett hatt besøk frå Noreg. Mine gode venner frå Hundvåg, Aslaug og Per Arne brukte det meste av sin Thailandsferie i lag med meg i Mukdahan. 1.mai-helga var ekstra langhelg også her i Thailand, og dermed fekk eg høve til å ha ei lita ferieveke i lag med mine venner. Me valgte å dra over til Savannaketh i Laos for så å reisa over til austkysten av Vietnam.


0g så.......oppleva og ta dagen som han kjem.....



Så var det desse papira .....Ka ska det stå her Per Arne?... Me må ha visum inn til Laos.


Det viste seg at V.I.P bussen frå Laos til Vietnam var køyrt om morgonen same dag.
Den neste gjekk 2 dagar seinare. Så mange dagar hadde ikkje me å ta av. Dermed blei det den lokale nattbussen som blei vår følgesvenn over grensa til Vietnam.
Hompetitten, hompetitten, hei kor det går........her var ingen aircondition eller nakkepute eller rom for å leggja ned seter for ein kvil...........(kanskje ikkje så rart når prisen var kr20 for reis og overnatting)

Dette var ein cargobuss-fullasta med kol bak og mellom setene på golvet var det fullt opp av rissekker. Det var slett ikkje godt for dei lange beina til Per Arne.


Seint om natta tok me inn på eit lokalt herberge, hemsen på ein kafe, der me nesten blei beordra til å sova,,,,,,,go sleep,,,,,,maste guiden. Han losa oss inn på eit rom der alle tre fekk plass på golvet under ein felles myggnetting. Me lo oss inn i svevna. Dette var eksotiske greier.



Grytideleg neste morgon var denne dama i ferd med å gjera klar frukost .......og me var kjempeklare for å køyra tvers over Vietnam.
Me overnatta så nær grensa at me kunne spasera gjennom. Ingen visa til Vietnam så dette gjekk relativt fort. Men plutseleg var det nokon som sneik i køen. Dei la pengar i passa sine og dermed blei dei teke fyrst.......irritasjonsmoment!!!!!!!


Det rista godt i baken gjennom Vietnam, men me hadde ørten og 90 stopp undervegs. Lossing og lassing og kullstøv blei me vant med. Likeså dei lokale toaletta og restaurantane. Her følar Aslaug for å vaska etter seg.
Landskapet var berre nydeleg. Fjell og grønne dalar, frodig natur og gode vegar.
Etter mange timar og mange stopp, klokka 1700 om ettermiddagen var me framme i DANANG, ein by på austkysten av Vietnam.


Men me fekk ikkje koma oss inn til byen før resten av lossinga var fullført. Kullsekkene var framme, og me var svarte på klede og i håret av alt støvet.


Where you want to go???? Dei lokale var på plass med ein gong for å hjelpa. Her var det ingen kvite menneske å sjå. Dermed blei me godt synlege....og servicen var heilt topp overalt.
Pompøse greier....men fargerikt og flott. Gode shoppingmoglegheiter og svært låge prisar.
Dette var ein stor by, men fredeleg å spasera i. Mange motorsyklar, men og bilar. Likevel var det fleire promenadestader og mykje grønt.

Dette vatnet var midt i sentrum og det var eit skue med sine flotte rosa og kvite vassliljer, eller lotusblomst(boa) som det heiter her.



Turistar var ukjent for dei fleste her. Desse unge jentene tagg om å få ta eit bilete i lag med oss.



Me hadde ikkje hell med oss når me prøvde å orientera oss om busstider til neste by neste dag. Engelsk skjøna ingen på busstasjonen. Men desse motorsykkeltaxiane visste råd. Dei tok oss til ei av dei mange turistsjappene i byen. Det går fort på ein slik ein i Vietnam. Eg heiv meg rundt og Aslaug og Per Arne måtte berre følgje på.........(Kva seier du til dette, Hilde?)

Byen DANANG blir delt av ei elv. Langs elva går ein fin elvepromenade og over elva går ei bru. Me tok turen over brua. Då kom me til stranda.




Her var mange restauranter, m.a. ein fiskerestaurant med fersk delikatesse frå havet. Me valgte akkurat den hummaren me ville ha.


mmmm.......nydeleg lunch som passar perfekt til sol og hav og strandliv......og
.....ein liten lunchkvil på denne stranda var heller ikkje å forakta når ein har ferie og god tid og nyt kvar dag som om han er ei uopna gåve.


Skulle gjerne ha vore her lenger, men me hadde ein ny by i kikkerten.



HOI AN ein liten fiskelandsby frå mellomalderen.


Etter ein snau time i bil litt lenger sør langs austkysten kom me til hotell Nhi Nhi.
Eit sjarmerande hotell med stort hjarterom. Turistbyrået i Danang hadde ordna alt for oss, t.o.m returen. I Vietnam klarer ein ikkje å gå forbi all kunsten utan å beundra eit eller fleire av verka.

Eg er fødd i ``hanens år``(kinesisk astrologi) har eg fått høyra etter at thaiane har poengtert at me no er gått inn i rottens år. Denne fargesprakande hanen falt eg for, og dei som er fødd i hanens år liker rødt,gult og oransje.......tja, det stemmer jo det.



Det blei ikkje hanebiletet, men eit anna i rødt og oransje (dama med riskorgene)eg valgte meg ut. Dei var raske med å demontera for i denne byen veit dei og selja. Her var det mange turistar.


Neste dag klarte eg jammen og få med meg eit bilete til frå eit anna atelier. Det er i gulfargar og mykje større,,,, og det hadde dei ikkje tid til å demontera. No har eg ikkje tal på all kunsten eg har kjøpt dette året, hjelp.... Det blir ikkje plass til mine gamle ting på veggene i huset i Noreg lenger.





Ikkje rart at mange turistar finn vegen til denne koselege vesle byen. Her er stemninga til å ta og føla på. Gamlebyen med sine historiske byggnadar og handlegate er rekreasjon i seg sjølv.
Her vil me tilbake ein annan gong. Dei 3 dagane me var her gjekk så altfor fort. Det er mykje meir og sjå.
....Og kor er me så hamna her...... jo, til skreddar igjen.
I denne byen var det ikkje butikkar å shoppa i, men skreddarar overalt. Dei låg tett i tett og aggiterte noko voldsomt for ``the best price``. Det var ikkje ein ting ein kunne få seg sydd. Dressar, t-shirts, toppar, skjørt,vinterjakker......
Ikkje lett å koma seg ut att når ein fyrst hadde starta og bla i haugevis av katalogar....

Innimellom all shoppinggleda var det nydeleg å ta seg ein tur til stranda. I denne byen var det mykje utleige av syklar. Ein sykkeltur til stranda (7km) var forfriskande i solsteiken.
Men kor var då turistane?????
Dei lange fine strendene virka nestan tomme for folk sjølv om det heile tida var tilsig av hungrige badegjester.
Og dei nette små vietnamesiske damene var på plass med ein gong for å selgja oss ting og tang av ymse slag, ei lita historie om tilhøva i heimen fekk me og med oss dersom me tok oss tid til å lytta.
Og temperaturen i Sør-Kinahavet??? Den var akkurat som i badekaret

Me kunne ikkje sjå land på andre sida, men kartet viser at det er Philippinene som kjem til syne der om ein reiser nokre timar rett aust.

``Det var fine sko. Dei har eg lyst på,``sa Per Arne.... Ok, ned me foten og la skreddaren teikna han og så blir det sydd nye sko til neste dag. I denne byen var det kun modellar i butikkane. Absolutt alt blei sydd.

og skorne.....dei blei fine....nye seilersko til bruk i båten hadde Per Arne lenge hatt lyst på.


.... og denne dama treng slett ikkje noko nytt, men når prisane er låge og det er så lettvint å få seg noko nytt så lar ein seg frista.......og så måtte eg jo følgja gjestene mine rundt....
Kvaliteten var varierande. Etterkvart fekk me erfara kor det var lurt å gå. Ikkje alle hadde spegl eller omkledingsrom, og då var det ikkje så lett å sjå kor ein skulle ta inn eller ut saumar.....

Silkeslips.......det er mannen sin pryd, nettopp prikken over i-en og ha eit flott slips......
Aslaug og eg gjekk amok i slipseldoradoet.
``Men mor, kva skal du med slips som ikkje har nokon mann,``sa dotter mi. Sant nok, men eg har søner og svigerson og bror og mange kjente....så no er det berre å koma til meg og så skal du som treng eit slips få nett det som gjer susen.....
(Dei fleste er Aslaug sine då....)
På innsida av Nhi Nhi hotell. Me hadde rom opp til høgre med balkong og utsikt over atriumet.


Miljøet utanfor hotellet var like sjarmerande som innanfor hotellet.
Miljøet i byen er prega av motorsyklar, skreddarar og restaurantar tett i tett.
Ei lita veke går så altfor fort når ein er på ein stad der ein trivst. Bye ,bye Nhi Nhi hotell. Me kjem tilbake.
Me var spente på returen.....korleis blir den.....ei ny melkerute??????


Nå står ikkje verda til påske.......dette har me aldri opplevd før.
Ein sovande buss. Ingen seter, men kun senger i to etasjer i heile bussen. Det blei ein liggjande tur oppover langs austkysten.
Eg sov, og eg las, og eg strikka halvt liggjande , og eg fekk teke mange bilete medan me kom lenger og lenger nord i landet.
Dette var ein V.I.P buss med aircondition, dyner og puter og utlevering av vannflasker.
HEILT TOPP.


Etter 6t i buss kom me til nok ein BY ikkje langt frå kysten, DONG HA.
Nord av denne byen går den militære zone, DMZ, den gamle grensa mellom aust og sør. Me hadde lovnad på overnatting, og det fekk me. I eit privat hus der huseigar låste oss inne i lag med ein ung svensk backpacker før han forsvant ut på byen igjen. Heldigvis kom han tilbake ut på kvelden slik at me fekk koma ut neste morning.


Dette var ein stille, litt kjedeleg by for oss som hadde dei interessante opplevingane i ryggsekken. Men det var ein del turistar her. Ein gjennomgangsby mellom nord og sør, tenkjer eg.


Nye 4t i buss venta oss. Me skulle snu nasen vestover mot grensa til Laos og så vidare gjennom Laos til grensa mot Thailand. Det blei skifte av buss, ei ny melkerute men med aircondition denne gongen. Standarden var heva og me kunne nyta det fine fjellandskapet med eit tilfreds smil over leppene. Turen hadde vore god og me ville aldri vore utan nokon av opplevingane.
TUSEN TAKK TIL herr og fru Salvesen som var med meg på turen. No er de vel heime i Noreg. Snart startar de på ein 3mnd lang segltur oppover vestkysten. Kanskje mønstrar eg på ein eller annan stad langs kysten i sommar når eg er tilbake i Noreg.











1 kommentar:

Hilde i Thailand sa...

"Hva sier du til dette, Hilde?"...ja, hva skal man si...Du er jo voksen, tross alt. Men neste gang tar du hjelmen på, bare så du vet det!:)