torsdag 15. mai 2008

KOM MAI du skjønne milde.....


Skulle eg få velgja meg ein månad , så velg eg mai...

Ingen månad i året er finare.

Naturen har vakna til liv. Bjørka er i sin finaste stas, i hagane står vårblomane og helsar i sin nyaste fargeprakt,på fjellet klukkar bekken igjen, sola har begynt og varma oss i kropp og sjel. Det er fest og god stemning overalt. Konfirmantane, bryllaup og alle skulekorpsa som trekk ut frå øvingslokala for å øva til den store dagen, 17.mai. Flagget og naturen kler kvarande.

Frå soverommet mitt er det dette biletet eg får på netthinna når eg kikkar ut av vindauget om morgonen. Den klare raude fargen passar så absolutt inn i mitt syn på mai månad. Mange slike tre pyntar opp i Thailand no om dagen.


Mai-bryllaup.
Eg har vore i bryllaup i Mukdahan. 10.mai stod vår språklærar i thai, Tik brur. Ho gifta seg med Tøn. Tik er kristen så dette var eit thaibryllaup med kristen vigsling. Veldig kjekt for alle oss misjonærar som nok føler at me eig litt i Tik sidan alle som ein har vore innom språkskulen for å læra thai.


Det var ein lang prosesjon opp det korte kyrkjegolvet. Fyrst kom 2 venninner av brura med tente lys. Dei skulle tenna alle lysa framme med alteret. Bak kom brura sine foreldre og så brudgommen.
Deretter to nydelege blomejenter. Dei strødde roseblad(ikkje ris altså) på golvet.
Det blei trangt om plassen for vesle Kaia som bærer ringene. Alle ville ha bilete av ei flott brur og nydelege barn.

Desse to er prega av alvoret for dei ber ekteskapsdokumenta på gullpute.

Brura sin famile er og prega av alvoret. Mor og far har ei bunke med pengesedlar klar. Det er ei gåve til brudgommen sin familie.

Ein stolt prest, misjonær Kjartan vigsla paret. Eit nydeleg par som me ønskjer lukke til vidare. Kan tenkje det må være litt rart for ein del av thaiane å vera med på denne seremonien.


Ringane er på, og paret kan ta i mot alle gratulasjonar og stilla seg smilande opp til fotografering.
Etterpå var det lunch og fest nede i byen. Brureparet overraska med å syngja kjærleikssongar til oss og kvarandre. Etterpå var det mange som prøvde seg på karaoke. Det er heilt topp i Thailand.

Brureportal og stort brurebilete er fast dekorering i bryllaup. Her er Hilde og eg dei heldige til å bli fotografert i lag med dei nygifte. Hilde og Anne kom frå Bangkok. Dei budde hos meg, og dermed fekk me ei fin jentehelg i lag( skreddar, soling, svømming, mat og seine drøsekveldar)


HURRA FOR MAI MÅNAD og alt det kjekke som skjer i denne månaden


Tenk at snart er dagen her som me har lengta etter........


Det er 15.mai og førebuing til den store dagen.

Mange skal til Bangkok for å ta del i eit norskt opplegg i ambassaden med barnetog, leiker ,pølser og is.


Her er jentene i full gong med å laga 17.mai sløyfer og 17.maiband.




Me øver oss i å gå i tog.......og 17.mai veret er det ingenting å seia på. Derfor kan det bli litt varmt i lengda å gå ute i solsteiken og syngja for full hals. Det hjelper litt med den vesle vinden som tek tak i flagget og 17.maiblomen.















Klassen har laga sitt eige Hurra-rop som seg hør og bør til 17,mai.

Kven roper høgast? Ikkje læraren vel?









Vårens vakraste eventyr. Er dei ikkje det? Desse glade jentene som roper hurra for skule og 17.mai, medan flagget vaiar i vinden og jentene høgtideleg stemmer i med ``ja vi elsker``


Dei er klare for 17.mai.





..... og klare , det er desse to ``bertene`` som Hilde plar kalla oss, og.




Mi gode thaivenninne Kae(eigar av silkshopen) og hennar skreddar Pray står alltid på slik at me to skal få oss kjolar for eit kvart høve.

Etter barnetoget i Bangkok skal Hilde i konfirmasjon til dotter til sjefen vår. Eg hadde allereie meldt meg på invitasjon til festmiddag og kveld i den norske ambassaden når den invitasjonen kom.

Festantrekket blei i rødt denne gongen.



HA EIN FIN 17.MAI




GRATULERER MED NASJONALDAGEN






(dei kom vel med alle dei heimelaga dukane eg pakka med meg til Thailand)










Ingen kommentarer: