ca. 35 km sør av Mukdahan, i Nikhom Kham Soi har mi vennine Kae og hennar mann ein eigen råsilkefabrikk. Det er her dei bur og det er her ho startar arbeidsdagen sin kvar dag. Silkeshopen i Mukdahan, der eg har fått laga alle mine kreasjonar, er attåtnæring for dama.
Dei venta to bussar med kundar og ansatte frå Bangkok på omvisning. Eg blei invitert med i laget.
Og her eg direktrisen med si ``vetle dotter`` som ho kallar si firbeinte venninne. I bakgrunnen heng vaska og kokt silketråd som er klar for farging.
For at fargestoffet skal binda seg blir det blanda oppi denne gjørma. Tenk den nydelege silketråden oppi denne skiten?????
På dette bordet ligg silkespolar av naturfargar, ekte thaisilkefargar og frukter, bork,tre og planter som dei blir framkalla av.
Og her sitt dei flittige damene på golvet.......ein må berre ta hatten av for den presisjonen og effektiviteten dei legg i arbeidet i løpet av ein dag.
Dette er ikkje lett. Ho lagar mønster i silketråden som etterpå skal nyttast til veving av stoff.
Her er vevinga i full gong. Dette er eit typisk thaimønster og thaifarge frå rambutanfrukta. Det tek ein heil arbeidsdag og veva 1m stoff .
Rett over gårdstunet har Kae to store produsjonshallar. Her ligg kukongane (med silkelarve inni) i kvart sitt rom i kassen. Dei skal opnast og vaskast.
Og så er det ikkje bruk for den vetle spinnemeistaren meir. Larva blir spylt vekk, men dersom ho blir tilberedt på ein god måte skal ho visst vera god og eta.
Kukongane er den eigentlege silketråden. Maskinane blei styrt av data, men nokre menneskehender måtte likevel hjelpa til for å sjå til at silketråden blei spolt rektig opp .

Kae har fleire silkefabrikkar som ho leverer silketråd til. Dei lagar stoffet som ho igjen kjøper inn til sin silkeshop.
Litt var det og få kjøpt denne dagen og. Flotte duker/el. sjal i bomull og silke var i mange fine ordinære naturfargar. Eg klarte ikkje å la vera og kjøpa.
Litt var det og få kjøpt denne dagen og. Flotte duker/el. sjal i bomull og silke var i mange fine ordinære naturfargar. Eg klarte ikkje å la vera og kjøpa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar