Ikkje så verst denne buketten heller. ....
Her er Hilde, Anne og ei venninne, Robert og eg samla under eit tak for etter barnetoget opna himmelen seg og regnet datt ned. Det blei rett og slett heimsleg i veret.
Då var det godt og ha husrom hos Hilde. Det var heim og kle seg om. Ny kjole og nye selskap venta på oss.
Kari Johannesen, dotter til misjonær Dag og misjonær Solveig er konfirmant av året. Ho ville ha ei markering med overhøyring i lag med norske vener i Thailand. Til sommaren står ho konfirmant i Norge. Ei flott jente med mange jarn i ilden som meistrar det meste på ein god måte. Gratulerer Kari og lukke til vidare i livet. Eg fekk med meg fyrste del av konfirmasjonen før....
...eg drog på festmiddagen på eit nokså nyopna hotell i Sukumvith. Ambassaden hadde invitert fastbuande nordmenn med venner på festmiddag om kvelden.
Det blei ein stilig kveld i festpynta sal og ein annleis kveld. Litt rart og få helsing frå kongehuset på nasjonaldagen og syngja kongesongen medan me skålar for kongen vår.
Under heile kvelden gjekk det bilete frå barnetoget og feiringa tidlegare på dagen på lerretet på veggen.
17.mai 2008 går hermed inn i historia.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar