.....men fyrst måtte berre læraren få takka for seg.
Dette er elevar som i lang tid vil ha ei heilt spesiell meining for meg. Me har starta opp ein skule i lag, ein skule med mange utfordringar og litt kronglete vegar mot målet. Men me er vel i hamn takka vera kjekke elevar og ein god thaiskule som base.
Eg måtte berre ha ein liten tale til kvar jente med eit bilete frå skulekvardagen og eit dikt der eg prøvde å få fram korleis eg vil hugsa den enkelte. Mitt engelske namn er Kitty, og då fekk dei ei Kitty pengebok slik at dei kan bli klar for ny sparerunde av goderipengar.
Velkommen alle sammen. Her syng me skulesongen vår... Skolen heter ST.Joseph......
Etterpå var det ein liten runde med engelske songar og litt munnleg engelsk.
Jentene har valgt seg ei leike og eit dyr frå engelskboksen. Ut i frå det laga dei ei skildring av leiken og dyret. Dei skreiv på norsk og las det høgt, men etterpå omsette dei det til engelsk.
TUSEN TAKK FOR EIT GILDT SKULEÅR JENTER...eg vil alltid hugsa dykk.
Då er det berre og seia takk og farvel til ST. JOSEPH school , Mukdahan. Eg har lært utruleg mykje og eg skjønar meir og meir av kvifor thaiskulen er slik som han er. Desse beine rekkjene og alle høflege helsingar frå elevane vil eg nok sakna. Dei er 1400 elevar, men likevel ein fredeleg skule som får til mykje fruktbart.
......Det har vore ein liten avslutning til. Alle misjonærane og andre ansatte i Mukdahan inviterte på middag i denne veka. Desverre var fotoapparatet utlada så ingen bilete. Eg fekk ein kjempestor rød koffert i gåve...til alle skreddarkleda mine seier dei,,,,,og eit flott gladogram i ramme,,,,,også det i rødt....Det skal bli kjekt å ha på kontorpulten på Håland skole. Tusen takk til alle mine kollegaer i NMS for ein fin avslutningsmiddag....



Etter blomeseansen var det mange lærarar som skulle ha bilete av seg sjølve ved sida av meg.
